Lege i spesialisering innan radiologi
Radiologi Ålesund og Volda -Legar, Helse Møre og Romsdal HF
Kløvertunvegen 1, 6103 Volda
Om jobben
- Stillingstittel
- Lege i spesialisering innan radiologi
- Type ansettelse
- Vikariat, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest søndag 30. november
Vi har ledig eit vikariat i 100 % stilling som lege i spesialisering i Volda i perioden 01.01.2026- 31.12.2027.
Radiologisk avdeling i Volda har ei stabil arbeidsgruppe og eit livleg arbeidsmiljø, med 5 overlegar, 1 LIS, 17 radiografstillingar og 5 merkantile. Vår faste LIS er no i permisjon, og vi ynskjer oss ein vikar. Etter at vikariatet er ferdig, kan det vere moglegheit for forlenging eller fast stilling med arbeidsstad ved Volda sjukehus, eller Ålesund sjukehus, som er organisert i same avdeling.
Som radiolog hos oss vil du ha ei nøkkelrolle i mange pasientforløp innan diagnostikk og behandling. Radiologi som fagområde veks raskt, og vi er på veg inn i ei tid der ny teknologi vil gi oss store moglegheiter!
Volda sjukehus har ein CT, ein MR, tre skjelettlaboratorium, ultralyd og osteodensimetri. Sjukehuset har traumefunksjon, og det skjer ei stor utvikling ved sjukehuset med utviding og oppgradering. Radiologi har nyleg fått nytt påbygg, ny MR og takhengt røntgen i mottak.
Kan stillinga vere aktuell for deg? Ta kontakt med oss for meir informasjon eller for eit uforpliktande besøk i Volda. Intervju av søkjarar vert gjort fortløpande.
Vi ber om at vitnemål og attestar/tenestebevis frå evt. tidlegare arbeidsforhold blir lasta opp som vedlegg til CV/søknad.Arbeidsoppgåver
- 6-delt tilstadesvakt til kl. 22 måndag–fredag med overlege i bakvakt
- Den som blir tilsett, skal følgje program for å oppnå læringsmål som fører fram til spesialisering i radiologi
- På dagtid roterer du mellom ulike fagområder som CT/MR, ultralyd og gjennomlysning, samt fagdagar
- Fast internundervisning kvar veke i samarbeid med radiologisk avdeling i Ålesund
- Ved oppstart får du tildelt rettleiar og ein tilpassa opplæringsplan for dei første to månadene før sjølvstendige vakter
- Gruppe 1-teneste kan gjennomførast ved St. Olavs hospital, Oslo Universitetssjukehus eller andre universitetssjukehus
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som lege
- Godkjent del 1 av spesialistutdanning, eller turnusteneste etter gamal ordning
- Tidlegare teneste ved radiologisk avdeling blir vektlagt
- Gode norskkunnskapar for munnleg og skriftleg kommunikasjon
Personlege eigenskapar
- Du er arbeids- og lærevillig
- Du bidreg til eit godt arbeidsmiljø
- Du trivst med teamarbeid
Personlege eigenskapar blir vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Midt i det beste Noreg kan by på av fjord og fjell, finn du Volda. Opplev dei ville og vakre Sunnmørsalpane som byr på alt frå enkle ruter og merka stiar i flate fjelldalar til utfordrande klatreturar og fantastiske toppturar. Vi byr også på eit særs blomstrande kultur- og idrettsliv og eit framoverlent høgskulemiljø. Det er gode kommunikasjonar med flysamband til Bergen og Oslo frå Ørsta/Volda lufthamn. Sjå meir om Volda her og her.
Kontaktinformasjon
Tom Atle Solberg, Seksjonsleiar, tom.atle.solberg@helse-mr.noArbeidsstad
Kløvertunvegen 16103 Volda
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 5034901243
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Søknadsfrist: 30.11.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
d17e7d4d-db2e-4358-8ae0-ae69d7b9722f
- Sist endret
19. november 2025
- Hentet fra
talentech
- Referanse
aed0a1910efc45f7b8202cabe36d3aaf
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Poliklinikk psykisk helse DPS Volda, Helse Møre og Romsdal HF
Sted
Volda
Arbeidsgiver
Kletor As
Sted
Vestland
Fastlegeheimel, vikariat ved Ørsta helsesenter
Arbeidsgiver
Helse, tildeling og koordinering, Ørsta kommune
Sted
Ørsta