Barnevernsleiar
Gloppen kommune
Grandavegen 9, 6823 Sandane
Om jobben
- Stillingstittel
- Barnevernsleiar
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidstid
- Dagtid, ukedager
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest søndag 16. november
Vi har ledig 100% fast stilling som leiar for barnevernstenesta i Gloppen med verknad frå 01.02.26.
Barnevernstenesta har seks fagstillingar, inkludert leiar. Gloppen har samarbeid med Stryn og Stad om akuttberedskap. Leiar i barnevernstenesta er i dag ein del av akuttberedskapen med vakt kvar 6. veke.
Barnevernstenesta er samorganisert med helsestasjon, PPT, psykisk helseteneste og fysio- og ergoterapiteneste i Familiehuset. Familiehuset er ein del av oppvekstsektoren i Gloppen kommune. Tenesteleiar for Familiehuset er barnevernsleiar sin næraste overordna. Barnevernstenesta i Gloppen er med i eit 2-årig rettleiingsprogram i regi av Bufdir. Gloppen er ein BTI-kommune og jobbar etter den modellen. Barnevernstenesta nyttar Modulus som fagprogram.
Arbeidsoppgåver
- Overordna fagleg ansvar for barnevernstenesta
- Utvikling av tenesta i tråd med lovverk og sentrale føringar
- Oppgåver innan økonomi og budsjettoppfølging
- Personalansvar for tilsette i barnevernstensta
- Bidra til felles satsingsområde og utvikling i oppvekstsektoren i Gloppen
Kvalifikasjonar for stillinga
- Krav om minimum bachelorgrad i sosialfagleg arbeid, og relevant vidareutdanning , eller mastergrad i same fagfelt
- Solid erfaring frå arbeid i barnevernet
- Ønskeleg med leiarutdanning og/eller leiarerfaring. Søkjar utan leiarutdanning får tilbod om dette
- Forvaltningskompetanse og juridisk forståing
- IKT-kompetanse og god evne til munnleg og skriftleg framstilling
- Førarkort klasse B
Personlege eigenskapar
- Du har leiareigenskapar og høg arbeidskapasitet
- Du er genuint oppteken av fagområdet og er pådrivar for tenesteutvikling
- Du arbeider strukturert og målretta og har god gjennomføringsevene
- Du har gode samarbeidsevner og evne til å jobbe sjølvstendig, i team og tverrfagleg
- Du er god til å motivere, inkludere og skape gode samarbeidsrelasjonar internt og eksternt
- Du har evne til evne til å leie endringsprosessar og leie og rettleie tilsette.
Vi tilbyr
- Ei interessant og krevjande leiarstilling i ei teneste i utvikling
- Utfordrande og meiningsfylte oppgåver i eit aktivt og engasjert fagmiljø
- Tilsetjing, løn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale
- Jamleg rettleiing av ekstern konsulent saman med dei tilsette i tenesta i tråd med nasjonal rettleiar
- Deltaking i leiargruppa og i felles kompetanseheving i Familiehuset
- Deltaking i 2-årig rettleiingsprogram i regi av Bufdir saman med administrativ og politisk leiing i kommunen
Det må leggast fram politiattest før tiltreding.
Kontaktinformasjon
Per Arne Strand, Kommunalsjef Oppvekst, 957 78 875Hilde Nødset, Tenesteleiar Familiehuset, 979 91 071
Arbeidsstad
Grandavegen 96823 SANDANE
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Gloppen kommuneReferansenr.: 5017064203
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 16.11.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Hilde Nødset
Tenesteleiar Familiehuset
979 91 071
Per Arne Strand
Kommunalsjef Oppvekst
957 78 875
Om bedriften
Gloppen kommune, med Sandane som kommunesenter, har om lag 5.800 innbyggjarar og er ein del av Nordfjord sin felles bu- og arbeidsmarknad på 40 – 50.000 menneske. Flyplassen i Nordfjord - Sandane lufthamn - ligg i Gloppen, og vi har gode kommunikasjonar til resten av fylket og landet.
Kommunen har eit stort og aktivt miljø innan musikk, idrett og kultur, og kommunen har vore kåra som både årets kulturkommune og årets musikkommune. Vi har flott natur og det er godt tilrettelagt for friluftsliv sommar som vinter. Vi har symjehall, idrettshall, kino og konsertsal. Fine forhold for stisykling. Her er alpinsenter og fleire langrennsløyper.
Gloppen har gode barnehagar og skular, og gode offentlege tenester. Kommunen har i tillegg til grunnskule og kulturskule også folkehøgskule og vidaregåande skule. Næringslivet i kommunen er variert og prega av optimisme.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
d1716e48-393e-4c20-b736-7994cec4a0a2
- Sist endret
27. oktober 2025
- Hentet fra
talentech
- Referanse
b685772282e54d45a5662ff9075990da
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Barnevern, Gloppen kommune
Sted
Sandane
Arbeidsgiver
Oppvekst, Gloppen kommune
Sted
Sandane