Tilkallingsvikarar - barnehage
Oppvekst, Gloppen kommune
Grandavegen 9, 6823 Sandane
Om jobben
- Stillingstittel
- Tilkallingsvikarar - barnehage
- Type ansettelse
- Vikariat, deltid 0%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 3
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest lørdag 15. november
Kan du tenkje deg å vere vikar i eit triveleg arbeidsmiljø, med meiningsfylte oppgåver inn mot barn i alderen 0-6 år? Student, pensjonist eller andre som kan tenkje seg ei deltidsstilling? Les vidare og send oss ein søknad.
Vi treng tilkallingsvikarar i våre kommunale barnehagar. Ta kontakt med styrar i ein eller fleire av barnehagane om du er interessert.
Breim barnehage har fem avdelingar. Barnehagen ligg på Reed, ca 15 min frå kommunesenteret Sandane. Barnehagen har språk og inkluderande barnehagemiljø som satsingsområde. Barnehagen har kjøkenhage og gymsal.
Hyen barnehage er organisert i to avdelingar i gode lokaler. Satsingsområde er språk og friluftsliv.
Mona barnehage har seks avdelingar og ligg sentralt på Sandane. Våre satsingsområder er mellom anna språk, friskliv og tidleg innsats.
Barnehagane er sertifisert som Trafikksikker barnehage og Miljøfyrtårn.
Arbeidsoppgåver
- Medansvar for omsorg, leik og pedagogisk aktivitet med barn i alderen 0-6 år
- Arbeid etter rammeplan for barnehagar, årsplan og den beste praksis som er definert på avdeling
- Arbeid sjølvstendig og i team
- Medansvar for foreldresamarbeidet
- Arbeid etter rutinar som gjeld på den aktuelle avdeling
Kvalifikasjonar
- Fagarbeidar eller assistent
- Praksis frå arbeid i barnehage vil telje positivt
- Personlege eigenskapar vert vekta høgt
- Menn vert oppmoda om å søkje
Personlege eigenskapar
- Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
- I arbeidet med barn i barnehage må du bruke språket aktivt og sette ord på det du ser og gjer saman med barna
- Du må vere aktivt deltakande i leik og aktivitet
- Du må vere ein tydeleg vaksen som støttar og utfordrar barn til meistring
- Vi søkjer etter engasjerte medarbeidarar som set barnegruppa sine behov i høgsete for sitt arbeid på avdelinga, og på den måten bidreg til at barnehagen vert ein trygg og utviklande stad å vere
Vi tilbyr
- God oppfølging av tilsette
- Godt arbeidsmiljø
- Fagleg miljø med fokus på utvikling og kvalitet
- Lønn etter tariff i samsvar med godkjent utdanning og praksis
- Tilsetjing på kommunale vilkår
- Pensjonsordning gjennom KLP
Det må leverast tilfredsstillande politiattest før oppstart
Kontaktinformasjon
Anette Støyva, Barnehagestyrar Breim barnehage, +47 468 73 568Else Lundestad Bakkelid, Barnehagestyrar Mona barnehage, 970 95 123
Anne Kristin Risøy Eimhjellen, Rektor Hyen skule og barnehage, 924 07 655
Arbeidsstad
Grandavegen 96823 Sandane
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Gloppen kommuneReferansenr.: 5026773996
Stillingsprosent: 0%
Vikar
Søknadsfrist: 15.11.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Anne Kristin Risøy Eimhjellen
Rektor Hyen skule og barnehage
924 07 655
Else Lundestad Bakkelid
Barnehagestyrar Mona barnehage
970 95 123
Anette Støyva
Barnehagestyrar Breim barnehage
+47 468 73 568
Om bedriften
Gloppen kommune, med Sandane som kommunesenter, har om lag 5.800 innbyggjarar og er ein del av Nordfjord sin felles bu- og arbeidsmarknad på 40 – 50.000 menneske. Flyplassen i Nordfjord - Sandane lufthamn - ligg i Gloppen, og vi har gode kommunikasjonar til resten av fylket og landet.
Kommunen har eit stort og aktivt miljø innan musikk, idrett og kultur, og kommunen har vore kåra som både årets kulturkommune og årets musikkommune. Vi har flott natur og det er godt tilrettelagt for friluftsliv sommar som vinter. Vi har symjehall, idrettshall, kino og konsertsal. Fine forhold for stisykling. Her er alpinsenter og fleire langrennsløyper.
Gloppen har gode barnehagar og skular, og gode offentlege tenester. Kommunen har i tillegg til grunnskule og kulturskule også folkehøgskule og vidaregåande skule. Næringslivet i kommunen er variert og prega av optimisme.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
a79d3f72-b3df-4976-a246-a061ca135c94
- Sist endret
23. oktober 2025
- Hentet fra
talentech
- Referanse
40a6a00864f7411785683e0c7785d526
Lignende annonser
Barnehageassistent
Arbeidsgiver
Rygg Barnehage Sa
Sted
Sandane
Barnehagelærer
Arbeidsgiver
Austrheim Barnehage
Sted
Sandane