Tannhelsesekretær
IDI - Åsane klinikkområde, Vestland fylkeskommune
Åsane Senter 52, 5116 Ulset, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Tannhelsesekretær
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Vestland fylkeskommune har ansvar for den offentlege tannhelsetenesta i fylket. Vårt samfunnsoppdrag er å levere tenester av høg kvalitet til våre innbyggarar og dette løyser vi gjennom samarbeid, førebygging og god klinisk praksis. Vi behandler hovudsakleg prioriterte pasientgrupper, men tar også i mot vaksne, betalande pasientar.
Vi har ein unik kompetanse, tilbyr spesialistbehandling og driv fagleg utvikling og forsking. Gjennom vårt førebyggjande arbeid, forsking og behandling legg vi grunnlaget for god folkehelse i Vestland.
Vi er om lag 550 tilsette fordelt på 55 tannklinikkar, ein intern fagstab og vårt kompetansesenter, TkVestland.
Vest tannhelseområde - Åsane tannklinikk har ledig 100 % fast stilling som tannhelsesekretær.Åsane tannklinikk er lokalisert i 4 . etasje på Åsane vidaregåande skule som ligg sentralt i bydelen (mellom Åsane senter og Horisont). Klinikken var ny i 2020 og har 10 flotte behandlingsrom. Det er eit godt fagmiljø med til saman 15 tilsette: 5 tannlegar, 3 tannpleiarar og 7 tannhelsesekretærar. Oppstart etter avtale.
Arbeidsoppgåver
Klinisk assistanse ved tannbehandlingRøntgentaking
Oppdekking, etterfylling av instrument og materialer
Reinhald, sterilisering og vedlikehald av utstyr
Kjenne til og etterleve gjeldande rutinar i smittevern i klinisk odontologisk praksis
Ulike administrative oppgåver knytta til pasientbehandling og drift på klinikken
Delta i HMS-arbeid og kvalitetsutvikling samt andre felles oppgåver for drift av klinikken
Andre oppgåver kan leggast til stillinga
Kvalifikasjonar
Du må ha norsk autorisasjon som tannhelsesekretær.
Du behersker norsk som arbeidsspråk, skriftleg og munnleg.
For å bli tilsett i tannhelsetenesta må du ha godkjent politiattest
Det er ønskjeleg at du har tidlegare klinisk erfaring, gjerne frå offentleg tannhelseteneste.
Det er ønskjeleg at du har med erfaring i bruk av Opus.
Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg somtrivst med å jobbe med menneske og set pasienten i fokus
kommuniserer godt og bygger gode relasjonar – både med pasientar, pårørande, kollegaer og samarbeidspartar
kan arbeide sjølvstendig og meistrar travle dagar
er positiv og serviceinnstilt
bidreg til eit godt arbeidsmiljø på klinikken
har interesse for fagleg utvikling – og deler gjerne kunnskapen din med andre
ønskjer å vere med å utvikle Vestland tannhelseteneste.
Vi tilbyr
- Ei spanande og variert stilling i eit arbeidsmiljø med høg fagleg kompetanse
- Løn etter gjeldande tariff
- Gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar
Kontaktinformasjon
Martine Aksnes-Aarlie, klinikkleiar , 90036717Arbeidsstad
Åsane Senter 525116 Ulset
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommuneReferansenr.: 4980171057
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 22.06.2025
Om bedriften
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
d171647c-1a30-41c4-8953-2ffbcbcbf502
- Hentet fra
talentech
- Referanse
492047489e2a44029a3b4558374cb537