Tannhelsesekretær
IDI-TH - Åsane klinikkområde, Vestland fylkeskommune
Åsamyrane 88A, 5116 Ulset, Åsane Senter 52, 5116 Ulset
Om jobben
- Stillingstittel
- Tannhelsesekretær
- Oppstart
- 5. januar 2026
- Type ansettelse
- Vikariat, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest søndag 28. desember
Vestland fylkeskommune har ansvar for den offentlege tannhelsetenesta i fylket. Vårt samfunnsoppdrag er å levere tenester av høg kvalitet til våre innbyggarar og dette løyser vi gjennom samarbeid, førebygging og god klinisk praksis.
Vi har ein unik kompetanse, tilbyr spesialistbehandling og driv fagleg utvikling og forsking. Gjennom vårt førebyggjande arbeid, forsking og behandling legg vi grunnlaget for god folkehelse i Vestland.
Vi er om lag 550 tilsette fordelt på 55 tannklinikkar, ein intern fagstab og vårt kompetansesenter, TkVestland.
Vest Tannhelseområde har ledig eit vikariat i 100% stilling som tannhelsesekretær frå 05.01.2026 tom. 23.08.2026. Stillinga er delt med 60% stilling ved Åsane tannklinikk og 40% ved Hesthaugen tannklinikk.
Åsane tannklinikk har til saman 17 tilsette: 6 tannlegar, 3 tannpleiarar og 8 tannhelsesekretærar. Klinikken er lokalisert på Åsane vidaregåande skule, som ligg sentralt i bydelen (mellom Åsane senter og Horisont). Hesthaugen tannklinikk har til saman 17 tilsette: 7 tannlegar, 3 tannpleiarar og 7 tannhelsesekretærar. Hesthaugen tannklinikk har adresse Åsamyrane 88A og er lokalisert i 2. etg. over Specsavers ikke langt fra Åsane terminal.
Arbeidsoppgåver
Som tannhelsesekretær hos oss vil du mellom anna:- utføre klinisk assistanse ved tannbehandling
- utføre røntgentaking
- ha ansvar for oppdekking, etterfylling av instrument og materialer
- ha ansvar for reinhald, sterilisering og vedlikehald av utstyr
- halde deg fagleg oppdatert og følgje gjeldande lover, retningsliner og rutiner
- jobbe med ulike administrative oppgåver knytta til pasientbehandling og drift på klinikken
- delta i HMS-arbeid og kvalitetsutvikling.
Kvalifikasjonar
- Du har norsk autorisasjon som tannhelsesekretær.
- Du må kunne bruke norsk som arbeidsspråk, både skriftleg og munnleg.
- Det er ønskjeleg at du har tidlegare klinisk erfaring, gjerne frå offentleg tannhelseteneste, og bruk av journalsystemet Opus.
- Du som blir tilsett må ha godkjend politiattest.
Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som- trivst med å jobbe med menneske og set pasienten først
- kommuniserer godt og bygger gode relasjonar – både med pasientar, pårørande, kollegaer og samarbeidspartar
- kan arbeide sjølvstendig, strukturert og meistrar travle dagar
- er positiv og serviceinnstilt
- bidreg til eit godt arbeidsmiljø på klinikken
- har interesse for fagleg utvikling – og deler kunnskapen din med andre
Vi tilbyr
- ein meiningsfull, samfunnsnyttig og variert arbeidskvardag med pasientar i alle aldrar
- ei spanande stilling i eit arbeidsmiljø med høg fagleg kompetanse
- løn etter gjeldande tariff
- gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar.
Kontaktinformasjon
Martine Aksnes-Aarlie, klinikkleiar Åsane klinikkområde, 90036717Brit Helvik Roll, klinikkleiar Hesthaugen klinikkområde, 99102064
Arbeidsstad
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommuneReferansenr.: 5047263515
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 05.01.2026
Sluttdato: 23.08.2026
Søknadsfrist: 28.12.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Brit Helvik Roll
klinikkleiar Hesthaugen klinikkområde
99102064
Martine Aksnes-Aarlie
klinikkleiar Åsane klinikkområde
90036717
Om bedriften
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
d1226f8e-0e28-4a3b-af2f-c736c4722e84
- Sist endret
2. desember 2025
- Hentet fra
talentech
- Referanse
7ebbec602c114256986c4b46f0218521
Lignende annonser
Arbeidsgiver
IDI-TH - Voss klinikkområde, Vestland fylkeskommune
Sted
Vik i Sogn
Arbeidsgiver
Sentrum tannhelseområde, Loddefjord klinikkområde
Sted
Loddefjord
Arbeidsgiver
IDI-TH - Årstad klinikkområde, Vestland fylkeskommune
Sted
Bergen