Stipendiat (12 stillingar) ved Det medisinske fakultet
Universitetet i Bergen
Haukelandsveien 28, 5009 Bergen
Om jobben
Stillingstittel
Stipendiat (12 stillingar) ved Det medisinske fakultet
Type ansettelse
Åremål, heltid 100%
Antall stillinger
12
UiB - Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
Stipendiat
Ved Det medisinske fakultet er det ledig sju (7) opne stipendiatstillingar, fire (4) forskarlinestillingar og ei (1) stilling øyremerka odontologi frå 1. februar 2024.
Stipendiatar vert tilsett i 100 % stilling for ein periode på fire (4) år med 25 % pliktarbeid, eller til maksimalt fire (4) månader etter fullført doktorgrad dersom graden er fullført før fire (4) år. Pliktarbeidet kan til dømes vere utviklingsarbeid, undervisning, eksamensarbeid eller rettleiing, alt etter behovet ved instituttet/eininga.
Høve til 50 % stilling:Det er mogleg å kombinere 50 % stipendiatstilling med anna 50 % stilling. Samla tilsetjingsperiode for kombinert stilling er seks (6) år. Det må opplysast at ein ønskjer 50/50 stilling i søknaden, og dette må vere klarert skriftleg med begge arbeidsgjevarar før tilsetjing.
Stillingane vil verte knytte opp mot det instituttet som det er naturleg at prosjekta høyrer inn under.
Sju (7) stillingar er opne stipendiatstillingarStillingane er opne for søkjarar med masterutdanning relevant for fakultetets forskingsfelt.
Ei (1) stilling er øyremerkt fagområdet odontologiFire (4) stillingar er øyremerkte for kandidatar med bakgrunn frå forskarlina:Stillingane er kvoterte for søkjarar med bestått cand.med. og master i odontologi samt fullført forskarlina under studiet. Det er eit vilkår at du startar i stipendiatstillinga direkte etter studiet.
Dei som vert uteksaminert hausten 2023 startar i stillinga 1. februar 2024. Dei som vert uteksaminert våren 2024 startar i stillinga 1. september 2024.
Dei som får stillingane vert tilsette i 100 % stilling i ein periode på tre (3) år, med fråtrekk av tid for gjennomført opplæringsdel i ph.d.-programmet, eller til seinast fire (4) månader etter at stillingsperioden er ute eller etter fullført doktorgrad. Desse stipendiatstillingane medfører ikkje arbeidsplikt ved instituttet, men dei som får stillingane pliktar å arbeide i inntil 20 timar årleg ved forskarlina. Dette arbeidet er knytt til rekruttering, informasjonsarbeid og liknande, etter avtale med leiinga ved forskarlina.
Vurdering av søkjaren:
Søknadene vert vurderte ut frå følgjande kriteria:
- Kandidat: Søkjarens kompetanse, karaktergrunnlag og relevant fagleg aktivitet. Krav er fullført og godkjent mastergrad.
- Prosjekt: Den vitskaplege verdien til prosjektet, samt om det er mogleg å gjennomføre det innafor rammene til ph.d.-programmet og stipendiatstillinga.
- Forskingsmiljø: Miljøet si evne til å utvikle kandidaten, relevant publikasjonsaktivitet.
- Opphald ved utanlandske institusjonar frå 6-12 månader vert normalt tillagt vekt. Det må gå klart fram frå prosjektomtalen korleis utanlandsopphaldet er integrert i prosjektet og gjev det ein meirverdi.
Retningslinjer for vurdering av kandidat, prosjekt og forskingsmiljø finn du her.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
- Stillingane er opne for søkjarar med profesjonsutdanning eller masterutdanning relevant for fakultetets forskingsfelt.
- Sjå også krav om dokumentasjon av engelsk-kunnskapar.
For stillinga gjeldt følgande:
Forskarutdanning:Stilling som stipendiat har fullført forskarutdanning fram til doktorgrad som mål. Stipendiaten skal gjennomgå et godkjend opplegg, fastlagt i fakultetet sitt ph.d.-program, for ein doktorgrad innafor den fastlagde tidsramma. Endeleg plan for gjennomføring av forskarutdanninga skal vere godkjent av fakultetet innan tre (3) månader etter start i stillinga.
Stipendiatstilling:Stipendiatstillinga er ei åremålsstilling. Ingen kan vere tilsett som stipendiat i meir enn ein åremålsperiode ved same institusjon. Du kan heller ikkje tilsetjast i stipendiatstilling dersom du tidlegare har hatt slik tilsetjing ved ein annan institusjon i regionen. Undervisningsspråket er til vanleg norsk. På ph.d.-utdanninga er undervisningsspråket engelsk. God skriftleg og munnleg engelsk er eit krav.
Vi tilbyr:
- Spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø
- Løn for tida kr 540 500 (kode 1017, lønssteg 55) i lønsregulativet til staten. For søkjarar med minst eitt års tilsetjing i lege- eller tannlegestilling er løn for tida kr 557 100 (kode 1017, lønssteg 57). For søkjarar med spesialistutdanning er løna for tida kr 575 400 (kode 107, lønssteg 59)
- Medlemsskap i Statens pensjonskasse Gode velferdsordningar
Søknaden skal innehalde føljande vedlegg, nummererte som vist under:
1. Søknadsbrev. Søknadsbrevet skal innehalde tittel på prosjektet og namn på rettleiarar, forskingsgruppe og instituttet der prosjektet skal gjennomførast. Her skal det òg komme fram kven som er hovudrettleiar og medrettleiar(ar). I søknadsbrevet skal det greiast ut om søkjars motivasjon til å gjennomføre eit ph.d.-løp med det aktuelle prosjektet. Du kan søkje både open og øyremerkt stilling. Dette må komme fram i søknadsbrevet.
2. Prosjektskisse på maksimalt seks sider, inkludert samandrag og referansar etter mal. Prosjektskissa skal innehalde tema, problemstillingar og val av teori og metode.
3. CV: (maksimalt 3 sider) etter mal.
4. Stadfesta kopi av vitnemål og karakterutskrifter av all høgare utdaning på originalspråket. Søkjarar med utanlandsk utdanning må i tillegg legge ved sertifisert omsetjing til engelsk eller skandinavisk dersom originalvitnemålet og karakterutskriftene ikkje er på eit av desse språka. Søkjar må i tillegg leggje ved Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK - dir) si generelle vurdering om utdanninga (bachelor- og mastergrad) samsvarar med norsk mastergrad. Sjå https://hkdir.no/ for meir informasjon om vurdering av høgare utdanning. Vi gjer merksam på at søknad om vurdering frå HK - dir kan ta tid og søknad bør sendast så snart som mogleg når du veit du vil søkje på stipendiat stillinga. Dersom du ikkje har fått svar innan søknadsfristen, legg du ved dokumentasjon frå HK - dir om at dei har mottatt søknaden din. Legg ved dokumentasjon av engelsk-kunnskapar i tråd med følgjande krav.
5. Liste over eventuelle vitskapelege arbeider med en kort beskriving av innhald og eiget bidrag for kvart arbeid.
6. Eventuelle vitskapelege arbeider
7. Rettleiarerklæring (maksimalt 1 side)
8. Hovudrettleiar sin CV (maksimalt 4 sider) etter mal, med:
9. Liste over hovudrettleiar sine publikasjonar siste sju år.
10. Omtale av forskingsgruppa (maksimalt 1 side).
11. Invitasjon frå utanlandsk institusjon (når eit utanlandsopphald er del av prosjektet), der det klart går fram kva oppgåver søkjar skal utføre.
12. Eventuelle andre vedlegg.
Vi gjer merksam på at vi ikkje vil kunne vurdere deg som søkjar dersom vedlegg og etterspurt informasjon manglar i søknaden.Vesentleg ny informasjon (til dømes aksept av innsendte artiklar) kan ettersendast til ivar.oiestad@uib.no fram til 15. november 2023.
Merk at kursa rettleiarkurs og Behandling av personopplysninger i medisinsk og helsefaglig forskning er obligatoriske for alle rettleiarar og mentorar ved Det medisinske fakultet og må være gjennomført før opptak.
Andre opplysningar:
Hovudrettleiar må ha hovudstilling ved Det medisinske fakultet. Unntak kan bli gjort for personar som har bistilling ved fakultetet og hovudstilling i helseføretak i Helse Vest, i NORCE eller i primærhelsetenesta på Vestlandet. Hovudrettleiar må vere tilsett ved fakultetet i heile stipendperioden. Unntaksvis kan det gjerast fråvik frå regelen om tilsetjing i heile perioden, men då må ein gjere greie for korleis rettleiinga skal ivaretakast av ein anna person tilsett ved fakultetet. En person kan ikkje være hovudrettleiar på søknadstidpunktet dersom han/hun blir pensjonert (inkludert emeritus) i løpet av stipendperioden.
Berre ein søknad vil bli evaluert frå kvar hovudrettleiar innan kvar søknadskategori stipendiat og postdoktor.
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om søknadstekniske høve kan du få ved å vende deg til HR-rådgjevar Ivar Øiestad (e-post: ivar.oiestad@uib.no , telefon: 55 58 25 50).
Har du faglege spørsmål knytt til stillinga kan du vende deg til prodekan for forsking Marit Bakke (e-post: marit.bakke@uib.no , telefon: 55 58 60 14).
Universitetet i Bergen er underlagt regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknader til stillinga.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i folkesetnaden. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne vert oppmoda om å søkje stillinga.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan verte gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å verte ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Nærare om tilsettingsprosessen her.
Livet som ph.d.-kandidat ved UiB
Astrid Nybø forteller om livet og arbeidshverdagen som ph.d.-kandidat ved UiB.
Om bedriften
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Det medisinske fakultet består av fem institutt og åtte senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.
Sektor
Offentlig