Hopp til innhold

Teneste til menneske med nedsett funksjonsevne - Pollhaugen butiltak

Arbeidsgiver

Øygarden kommune Teneste til menneske med nedsett funksjonsevne

Sted

Øygarden rådhus, Foldnesvegen 1, 5353 Straume

Om jobben

Stillingstittel
Fast nattevaktstilling 67% som helsefagarbeidar
Type ansettelse
Fast, deltid 67%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest mandag 17. august

Om avdelinga

Pollhaugen er eit butiltak med ni personar som bur i eigne bustader. Bebuarane har ulike behov for støtte og helsehjelp og har ulike diagnosar.

Pollhaugen ligg sentralt i Straume-området, med kort avstand til kollektivtransport og kommunedelssenter. Målet vårt er å gje kvar bebuar ein aktiv og meiningsfull kvardag prega av trivsel, sjølvråderett og meistring. Vi er ei tverrfagleg personalgruppe som består av sjukepleiarar, vernepleiarar, helsefagarbeidarar, barne- og ungdomsarbeidarar og pleiemedarbeidarar.

Arbeidsoppgåver

  • Utføre målretta miljøarbeid, rettleiing, praktisk støtte og helsehjelp
  • Dokumentere i fagjournalsystem
  • Koordinere og leggje til rette tenester
  • Dele ut og handtere medisinar etter gjeldande rutinar
  • Arbeide med autismevenleg kommunikasjon og tilnærming
  • Ha kjennskap til vedtak om bruk av tvang i tråd med helse- og omsorgstenestelova kapittel 9
Kvalifikasjonar
  • Autorisert helsefagarbeidar. Andre relevante utdanningar kan verte vurderte.
  • God kompetanse i arbeid med personar med autisme
  • God kunnskap om helse- og omsorgstenestelova kapittel 9
  • Løyve til legemiddelhandtering
  • Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
Det er ønskjeleg med
  • Førarkort klasse B
  • Personlege eigenskapar
    • Evne til å samarbeide godt og arbeide sjølvstendig
    • Bidreg til eit godt arbeidsmiljø
    • Evne til nytenking og utvikling av tenesta
    • Engasjement for fagfeltet og brukargruppa
    • Evne til å byggje gode relasjonar

    Personlege eigenskapar vert tillagde stor vekt.

    Anna

    • Gyldig politiattest må leggjast fram ved tilsetjing
    • Nattevaktene er på 10 timar
    • Helsefagarbeidar som går natt, får eit ubekvemstillegg på 10 000 kr ( justert etter st. %)

    Vi tilbyr:

    • Gode pensjons- og forsikringsordningar
    • Ein spennande arbeidsplass med godt arbeidsmiljø
    • Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
    • Interessante utfordringar
    • Høve til fagleg og personleg utvikling
    • Vi tilbyr startlån for å rekruttere og behalde helsepersonell. Sjå kommunens heimeside for meir informasjon om Startlån 

    Kontakt

    • Fredrik Degerman, avdelingsleiar Pollhaugen
      Mobil: 488 60 948
    • Kristin Straume, einingsleiar MMNF
      Mobil: 997 99 526

    Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.

    Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.


    Link til søknadsskjema: Søk her

    Kontaktperson for stillingen

    Fredrik Degerman

    +47 48860948

    fredrik.degerman@oygarden.kommune.no

    Om bedriften

    Øygarden kommune er den nest største kommunen i Vestland fylke med om lag 39 850 innbyggjarar og om lag 2 800 tilsette. Straume er kommunesenter (ca. 15 minutt køyring frå Bergen) med kommunedelsenter på Rong, Ågotnes og i Skogsskiftet. Administrasjonsspråket i Øygarden er nynorsk. Øygarden kommune har sett seg som mål å vera ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innanfor energi, teknologi og marine ressursar. Kommunen skal løfta fram viktige verdiar som felles kultur, språk og identitet. Vi har ambisjonar om å vera ein handlekraftig og effektiv organisasjon med god leiing, høg kompetanse og kvalitet.

    Sektor

    Offentlig

    Del annonsen

    Annonsedata

    Rapporter annonse
    Stillingsnummer

    d0fcc99c-de40-4373-b94d-7dcbe676ce91

    Sist endret

    4. august 2026

    Hentet fra

    visma-easycruit

    Referanse

    3650649_192845_nn

    Lignende annonser

    Laster lignende annonser