Psykisk helsearbeidar
Psykisk helse, Gloppen kommune
6823 Sandane
Om jobben
Stillingstittel
Psykisk helsearbeidar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Antall stillinger
1
Det er ledig 100 % fast stilling som psykisk helsearbeidar frå snarast
Om Psykisk helsteneste:
Psykisk helseteneste yter tenester til menneske i alle aldrar som av ulike årsaker har utfordringar knytt til den psykiske helsa. Det kan mellom anna vere akutte kriser, langvarig sjukdom, vanskelege livvsituasjonar eller andre tilhøve som gjer at ein treng psykisk helsehjelp. Tenesta tilbyr både individuell oppfølging, dagaktivitetstilbod, samarbeid med andre instansar, oppfølging av pårørande og meistringskurs i samarbeid med andre tenester. Tenesta yter hjelp ut i frå kvar enkelt pasient sine behov, ressursar og mål. Arbeidet skal fremje god livskvalitet, sjølvstende og meistring av eige liv.
Psykisk helseteneste er samlokalisert og samorganisert med barnevernstenesta, PPT, fysio- og ergoterapitenesta og helsestasjons- og skulehelsetenesta i Familiehuset.
Arbeidsoppgåver
Arbeidsoppgåvene består primært av oppfølging av barn og unge, mellom anna samtalar og samarbeid med pårørande og andre tenester. Det vil likevel vere behov for fleksibilitet og arbeid med vaksne må påreknast. Det er også forventa at ein kan drifte grupper, drive meistringstreff og ha undervisning om psykisk helse på ulike arenaer. Det er i tillegg forventa at ein utfører andre arbeidsoppgåver som er relevante i drift av tenesta. I arbeidet sitt må ein mellom anna gjere kartleggingar, utforme mål basert på faglege vurderingar, drive psykoedukasjon og arbeide aktivt med modellar og verktøy som kan hjelpe den enkelte pasient å nå målet ein har utforma.
Eventuelle endringar i drift av tenestetilbodet kan forekome og stillinga vil i så fall tilpassast dette.
Arbeidstid: dagarbeid
Kvalifikasjonar
Vi ynskjer at du
- har minimum 3-årig helse- og sosialfagleg utdanning
- har relevant vidareutdanning, eventuelt erfaring innan fagfeltet psykisk helse hos barn og unge
- har god kompetanse på psykiatri og kan utvikle tiltak med grunnlag i faglege vurderingar
- evnar å jobbe sjølvstendig
- kan samarbeide i team
- har kompetanse på samtalar med barn og ungdom
- har kompetanse på relasjonsbygging
- har god skriftleg og muntleg framstillingsevne
Kompetanse om psykisk helse og evne til å utføre aktuelle arbeidsoppgåver vil saman med personlege eigenskapar bli vektlagt.
Personlege eigenskapar
- er positiv til å handtere nye utfordringar
- har høg arbeidskapasitet og toler ein uføreseieleg arbeidskvardag med høgt tempo
- evnar å stå i utfordringar over tid
- er løysingsorientert
- er fleksibel og tåler raske omstillingar
Vi tilbyr
- Tilsetting, lønn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale.
- For tilsetting gjeld ei prøvetid på seks månadar.
Det må leverast tilfredsstillande politiattest før tiltreding.
Kontaktinformasjon
Synnøve Grov, Avdelingsleiar psykisk helseteneste, 977 06 875Arbeidsstad
6823
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Gloppen kommuneReferansenr.: 4705306339
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 04.10.2023
Om bedriften
Gloppen har full barnehagedekning og gode offentlege tenester. Kommunen har i tillegg til grunnskule og kulturskule også folkehøgskule og vidaregåande skule. Næringslivet i kommunen er variert og prega av optimisme. Vi har flott natur og det er godt tilrettelagt for friluftsliv sommar som vinter. Her er eit stort og aktivt miljø innan musikk, idrett og kultur, og kommunen har vore kåra både som årets kulturkommune og årets musikkommune.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2434313
- Hentet fra
talentech
- Referanse
ea87a0fc0c634ec0ab2101f353c3c91e