Hopp til innhold

Bygg og eigedom, avdeling Park og Idrott søkjer landsbruksmekanikar

Arbeidsgiver

Voss herad Park og idrott

Sted

Uttrågata 9, 5700 Voss

Om jobben

Stillingstittel
Fagarbeidar- landbruksmekanikar/mekanikar 100% fast
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest mandag 30. november

Park og Idrott har ansvar for å drifta og vedlikehalda kommunale eigedommar i Voss herad.

 Arbeidsoppgåver

  • vedlikehald, reparasjonar, service av avdelinga sitt utstyr og maskinpark
  • delta i anna førefallande arbeid ved avdelinga ved behov
  • vaktordning brøyting/strøing kan vere aktuelt
  • køyring av kostebil
  • utføra mindre serviceoppdrag for andre
Me ynskjer ein person med
  • fagbrev som landbruksmekanikar/mekanikar/maskinførar, eller anna relevant fagutdanning.
  • lang relevant erfaring kan kompensera for fagbrev
  • må ha førarkort kl B og T
  • maskinførarbevis og BE er ein fordel
  • gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
  • gode IT kunnskapar er ein fordel
  • ynskje om truckkurs og liftkurs, men ikkje krav.
 Me tilbyr
  • gode vilkår for fagleg utvikling
  • eit godt tverrfagleg og sosialt miljø
  • gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår

 Personlege eigenskapar

  • det vert lagt vekt på gode evner til samarbeid, serviceinnstilling, fleksibilitet, sjølvstende og godt humør.
  • me ynskjer at du er systematisk og strukturert, med fokus på kvalitet i arbeidsprosessar og gjennomføring av oppgåver.
  • me er opptekne av å bygga gode lag. Personlege eigenskapar er viktig for oss og vert tillagt vekt.

 

Søknad

Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me

oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.


Link til søknadsskjema: Søk her

Kontaktperson for stillingen

Haakon Innset

+47 90163465

haakon.innset@voss.herad.no

Om bedriften

Livet er meir enn arbeid. På Voss kan du gå på ski om vinteren eller på fjelltur om sommaren, nokon et smalahove, høyrer på jazz eller driv med ekstremsport. Vossevangen er regionsenteret vårt. Me har eit godt utbygt næringsliv, er eit senter for utdanning i regionen og me er eit knutepunkt mellom aust og vest. Bergensbanen går gjennom Vossevangen, og me har godt togsamband til både Bergen og Oslo. Voss herad har om lag 16.000 innbyggjarar og er den største arbeidsgjevaren i bygda, med om lag 1350 tilsette. Nynorsk er administrasjonsmålet i Voss herad. Verdiane våre er profesjonell - påliteleg - skapande - inkluderande

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

d0d41957-733a-49f6-bdf8-a1c01e6cf56e

Sist endret

3. november 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3675745_213849_nn

Lignende annonser

Laster lignende annonser