Me treng energimontør i Høydalsmo
Telemark Nett
Høydalsmo
Om jobben
Stillingstittel
Energimontør
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Ynskjer du ein variert arbeidskvardag i flott natur?
Som energimontør i Telemark Nett AS vil du kunne utfolde deg med både ny-bygging, drift og vedlikehald av VTK konsernets kraftnett og fibernett.
Linjerydding, transportoppdrag og anna arbeid kan også bli aktuelt. Deltaking i vaktordning kan bli pålagt.
Vi søkjer personar med fagbrev som energimontør, og gjerne innan telekom også, men all kompetanse og erfaring vil bli vurdert. Du må minimum ha førarkort kl. B.
Vi har som mål å få inn fleire yngre montørar. Arbeidskvardagen for ein montør i Telemark Nett blir stadig meir digitalisert; - derfor er evner og interesse på dette området viktig.
Løn og andre vilkår i samsvar med sentral og lokal avtale. Konsernet har eiga pensjonskasse med vilkår som i andre offentlege ordningar og gode velferdstilbod elles.
Spørsmål om stillingane kan rettast til Telemark Nett AS ved Nettsjef Gunnar Snarteland på tlf. 350 75 738 / 350 75 700.
Søknad med CV og kopi av vitnemål/attestar vert å sende på e-post til
firmapost@vtk.no. Merk: Energimontør
Søknadsfrist: 11. Mai 2024
Om bedriften
Vest-Telemark Kraftlag blei stifta i 1940 og er eigd av Fyresdal, Kviteseid, Nissedal, Seljord, Tokke og Vinje kommune. Selskapet er i dag organisert som eit konsern med morselskap og to dotterselskap, Vest-Telemark Kraftlag AS og Telemark Nett AS. Fyrstnemnde driv med kraftproduksjon, straumsalg og fiber, medan Telemark Nett driv med kraftoverføring (nett). Konsernet har om lag 60 tilsette og ei årleg omsetning på ca. 700 mill. kr. Hovudkontoret er på Høydalsmo i Tokke kommune, men konsernet har og ei avdeling i Treungen i Nissedal kommune.
Sektor
Privat
Nettsted