Sommarvikarar 2025
Statsforvaltaren i Vestland
Njøsavegen 2, 6863 Leikanger, Solheimsgaten 13, 5058 Bergen
Om jobben
Stillingstittel
Sommarvikarar 2025
Type ansettelse
Sesong, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
10
Søk på jobben
Søk senest i dag
Om stillinga
Er du student og ønskjer sommarjobb i ei verksemd som løyser viktige samfunnsoppdrag? Vi har sommarjobbar innan ulike fagområde til kontorstadene Leikanger og Bergen. Eksempel på arbeidsoppgåver er mellom anna sakshandsaming, kontroll av verjerekneskap, oppgåver innan miljøinformasjon og andre kontoroppgåver.
Ved kontorstaden Bergen har du tilgang til alt det Bergen by har å by på. Ved kontorstad Leikanger får du tilbod om sosialisering utanom arbeidstid ved å vere ein del av "Sognacamp" i sommar. Les meir om dette her: Kva er Sognacamp? — Sognacamp
Arbeidsoppgåver innan fagområda
- helse, sosial og barnevern
- justis og byggesak
- forureining og naturmangfald
- tilsyn og forvaltning på utdanningsområdet
- verjemål
Vi ønskjer studentar som
- har studert rettsvitskap, gjerne med fullført bachelor eller påbegynt master
- har naturvitskapleg utdanning eller relevant høgare teknisk utdanning
- har helsefagleg utdanning
- har økonomiutdanning
Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som
- kan kommunisere godt, både munnleg og skriftleg
- er fleksibel
- jobbar sjølvstendig og er nøyaktig i arbeidet
- blir engasjert av fagområda våre
Som tilsett hos Statsforvaltaren får du
- interessante arbeidsoppgåver
- ein arbeidsplass i utvikling
- fleksibel arbeidstid
- løn i samsvar med vår lokale lønspolitikk
Vi ønskjer mangfald
Statsforvaltaren ønskjer mangfald, og vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje utan omsyn til alder, kjønn, nasjonal eller etnisk bakgrunn, funksjonsevne eller hol i CV-en. Vi oppmodar om å krysse av i jobbsøkjarportalen dersom du har nedsett funksjonsevne, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Dersom det er kvalifiserte søkjarar frå desse gruppene kallar vi inn minst ein søkjar i kvar av gruppene til intervju. Les meir om dette hos Arbeidsgivarportalen.
Vilkår
Alle som søkjer stillinga må søkje digitalt gjennom rekrutteringsportalen Jobbnorge. Du må laste opp relevante vitnemål og attestar. Vitnemål og/eller karakterutskrifter hentar du frå vitnemålsportalen i Jobbnorge. Har du utdanning frå utlandet legg du ved godkjenning frå NOKUT.
Når søknadsfristen er ute, vurderer vi søknaden din på bakgrunn av informasjonen du har sendt oss. Det er derfor viktig at du både i søknadsbrevet og CV-en, viser korleis kompetansen din fyller krav som er sett i utlysinga.
Tenestemålet til embetet er nynorsk.
Offentleg søkjarliste blir utarbeidd etter søknadsfrist. Dersom du ønskjer å reservere deg frå oppføring må du grunngje dette. Du får varsel om reservasjon i rekrutteringsportalen dersom reservasjon ikkje blir teken til følgje.
Kontaktpersoner for stillingen
Jana Midelfart-Hoff
seksjonsleiar/ ass. fylkeslege avdeling helse, sosial og barnevern
+4755572005
Eline Orheim
fung. miljødirektør/ seksjonsleiar naturmangfald
+4757643012
Om bedriften
Statsforvaltaren har eit heilskapsansvar for all statleg verksemd i fylket, og skal følgje opp vedtak, mål og retningslinjer frå stortinget og regjeringa. Vi skal dessutan fremje fylket sine interesser, og kan dermed ta initiativ både lokalt og overfor sentrale styringsmakter.
Statsforvaltaren kjenner kommunane, og er i kontakt med mange enkeltmenneske i ulike situasjonar og livsfasar.Vi jobbar heile tida for at omverda skal oppleve Statsforvaltaren som tilgjengeleg, nær og løysingsorientert.
Statsforvaltaren i Vestland er ein spennande arbeidsplass med seks avdelingar og kring 280 tilsette. Vi har delt lokalisering mellom Leikanger, Bergen og Førde – med hovudsete i Leikanger.
Sektor
Offentlig