Hopp til innhold

Psykolog fast 100% stilling

Arbeidsgiver

Surnadal kommune Helse og familie

Sted

Bårdshaugvegen 1, 6650 Surnadal

Om jobben

Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest mandag 6. april

Surnadal kommune ved Helse og familie, har ledig stilling for psykolog i opp til 100% stilling.Har du kapasitet og helst ser for deg å bidra med psykologkompetanse i eit mindre stillingsomfang, kan du skrive det i søknaden din. 

Psykologtilbodet er ei lovpålagt teneste og er retta mot arbeid med menneske med psykiske vanskar og ruslidingar. Tenesta har samtaletilbod for born, unge og vaksne.

Til stillinga ligg:
  • Førebyggande arbeid i møte med menneske i alle aldrar som har psykiske utfordingar
  • Individ- og gruppesamtalar
  • Deltaking i team kring menneske med rusproblematikk og deira pårørande
  • Undervisning, rådgjeving, rettleiing og informasjonsarbeid
Du har:
  • Norsk autorisasjon som psykolog
  • Efaring frå liknande klinisk arbeid i kommunen vil vere eit fortrinn
  • Førarkort kl B og må kunne disponere eigen bil.
Vi ser etter deg som:

 - har evne til å arbeide nyskapande og sjølvstendig

- kan bruke terapeutiske verktøy for å forebygge psykisk uhelse

- har god skriftleg og muntleg framstillingsevne på norsk, med tanke på god dialog og krav til dokumentasjon

Du har personlege eigenskapar som er nyttige når det kjem til endring og omstilling. Du er komfortabel med å møte utfordringar og er i stand til å endre planer for å finne løysingar, samtidig som du bevarer profesjonaliteten og framstår som ein trygg fagperson.

God humør, gode samarbeidsevner og at du er ein positiv bidragsytar til ein triveleg arbeidsplass, er eigenskapar vi sett høgt.

Det er krav om tilfredsstillande politiattest før oppstart i stillinga.

Vi kan tilby deg:

Gode og dedikerte kollegaer i eit triveleg og godt arbeidsmiljø.

Lønn etter avtale.

Gode pensjons- og forsikringsordningar.

Flyttegodtgjersle etter reglane i personalplanen.

 

Besøk oss på Facebook: https://www.facebook.com/surnadalkommune 

 


Link til søknadsskjema: Søk her

Kontaktperson for stillingen

Ann-Elin Stenberg

+47 95751762

ann.elin.stenberg@surnadal.kommune.no

Om bedriften

Helse og familie er ei eining som består av tenester som støttekontakt, psykisk helse og rustenester, avlastningstilbod, miljøretta helsevern, skjenkekontroll, helsestasjon, fysioterapitenesta, koordinerande eining, jordmortenesta og folkehelsekoordinator. I hausten 2023 fikk vi Surnadal legesenter med på laget og gleder oss til å arbeide for gode legetenester i Surnadal åra framover og.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

d05d86e3-2811-43dd-9d12-6ea013cd2fb5

Sist endret

10. mars 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3604711_188475_nn

Lignende annonser

Laster lignende annonser