Vil du leia og utvikle Sevland skule?
Sevland skole, Karmøy kommune
Vestre Veaveg 32, 4275 Sævelandsvik
Om jobben
Stillingstittel
Vil du leie og utvikle Sevland skule?
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest torsdag 10. april
Sevland skule er ein flott barneskule for 1.-7. trinn, sentralt plassert på Karmøy med kort avstand til vakre naturområde og eit stort, fantastisk uteområde på skulen! Skulen har om lag 150 elevar fordelt på åtte klassar. Det er ein klasse per trinn, i tillegg til ein velkomstklasse som er eit tilbod til elevar som skal lære norsk før dei startar på sine nærskular.
Skulen har eit positivt personale med 25 tilsette, både pedagogar, miljøarbeidarar og miljørveiledarar. Alle desse vaksne arbeidar for å skape ein trygg og inkluderande skule og SFO. Det populære SFO-tilbodet på Sevland skule har rundt 51 elevar. Skulen si leiing består av rektor og undervisningsinspektør.
Sevland skule har eit stort fokus på at elevane skal oppleve eit trygt og godt skulemiljø. Elevane våre skal kjenne seg trygge, verdifulle og inkluderte i fellesskapet. På skulen vår har personalet det sosialt og kjekt saman på jobb. Personalet er delt inn i to team som jobbar tett saman for å skape eit godt og inkluderande læringsmiljø. Det er mykje humor og varme på arbeidsplassen, noko som smittar over på elevane våre.
Rektor er skulens øvste leiar, og har hovudansvaret for å utvikle skulen slik at elevar og tilsette opplever meistring og utvikling. Vidare har rektor ansvar for pedagogisk leiing og utvikling, administrativ og økonomisk styring av skulen og personaloppfølging. Rektor skal forvalte skulen sine totale ressursar på ein måte som sikrar god undervisning og læring. Som leiar i Karmøyskulen blir du ein viktig lagspelar i arbeidet med å skape gode oppvekst- og læringsvilkår for barn og unge i Karmøy kommune. Vi søkjer deg som har eit inkluderande elevsyn og som er i stand til å sjå den enkelte elev.
Stillinga er ledig frå 1.august.
Arbeidsoppgåver
- Leie og utvikle det pedagogiske arbeidet slik at det gir auka læringsutbytte til elevane
- Leie og motivere medarbeidarar til samarbeid og målretta utviklingsarbeid
- Utarbeide og følgje opp skulen sine strategiar og mål i samarbeid med lærarar, foreldre og andre samarbeidspartnarar.
- Økonomi- og budsjettansvar for skulen sine ressursar og drift.
- Sikre trygge og inkluderande rammer for læring, basert på open kommunikasjon og samarbeid
Kvalifikasjonar
- Høgare utdanning inkludert pedagogisk utdanning
- Undervisningserfaring
- Gode leiareigeskapar, ønskjeleg med erfaring som leiar
- Har eller har ønskje om å ta leiarutdanning
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne
Personlege eigenskaper
- God på samhandling og til å byggje relasjonar
- Modig og ansvarleg - tør å ta initiativ til og gjennomføre endringar
- Gode evner til kommunikasjon og samarbeid
- Tilpasningsdyktig og løysningsorientert
- Ha fokus på arbeidsmiljø og oppfølging av personalet
- Strukturert og målretta med fokus på elevane og skulen sitt beste.
Personleg eignaheit vil bli lagt vekt på.
Vi tilbyr
- Ei spennande og utfordrande leiarstilling
- Ein kommune som satsar på skule og dei tilsette
- Oppfølging og rettleiing av nye skuleleiarar
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Generelle lønnsplasseringar etter lokal lønnspolitikk
Tilsetting på vilkår og avtaler som gjeld innan skulefeltet. Det blir krevd gyldig politiattest for alle som skal arbeide i skule
Kontaktinformasjon
Kristin M. Tangen, Avd.leder skolesjefens stab, 95139433, kbe03@karmoy.kommune.noBjørn Nøttum, Skolesjef, +47 40427563, bno@karmoy.kommune.no
Arbeidssted
Vestre Veaveg 324275 Sevlandsvik
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Karmøy kommuneReferansenr.: 4942058453
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 10.04.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Karmøy er regionens største kommune med mer enn 43 000 innbyggere hvor du finner et godt bo- og oppvekstmiljø, et rikt kulturliv og gode fritidstilbud. Kommunen tilbyr god kvalitet på tjenestene og vil videreutvikle seg sammen med både deg, frivilligheten og næringslivet i en bærekraftig retning.
I kommunen er det 3600 ansatte i hel- og deltidsstillinger. Vi jobber kontinuerlig for å være regionens beste arbeidsplass og skal være modig, inkluderende og åpen.
Sammen om framtidens Karmøy
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2899481
- Hentet fra
talentech
- Referanse
1fe409ada22d43f7bc29159121d8ba8d