Hopp til innhold

Helsefagarbeidar 65% natt

Arbeidsgiver

Alver kommune

Sted

Kvassnesveien 14, 5914 Isdalstø, Kvernhusmyrane 25, 5914 Isdalstø

Om jobben

Stillingstittel
Helsefagarbeider 65% natt
Type ansettelse
Fast, deltid
Arbeidstid
Natt
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest mandag 16. mars

Om stillinga

Me søkjer ein engasjert og fagleg interessert helsefagarbeidar til ei 65 % stilling som våken nattevakt i Kvassnesvegen bufellesskap, sentralt i Knarvik. I denne stillinga jobbar du 3. kvar helg, med vakter på 9,5 timar. Turnusen er organisert med 3–4 netter på og deretter 7 netter fri, noko som gjev god balanse mellom arbeid og fritid. Du jobbar ikkje åleine, då det alltid er to tilsette på natt. 

Stillinga er ledig frå 1. april 2026.


Om oss: 

Kvassnesveien bufellesskap har 9 leilegheiter og fellesareal med stove og kjøkken, og er heimen til 9 personar med utviklingshemming. Bufellesskapet har heildøgnsbemanning med totalt ca. 23 årsverk.


Arbeidsoppgåver

  • Gjennomføre brannrunde og andre tryggleiks- og tilsynsrundar gjennom natta
  • Følgje opp varslings- og alarmsystem som t.d. epilepsialarm
  • Legemiddelhandtering
  • Registrere observasjonar knytt til helsetilstand, søvnmønster eller endringar som dagvakt bør følgje opp
  • Kap.9 dokumentasjon
  • Bidra til ro, stabilitet og gode kvelds- og morgonrutinar for bebuarane
  • Miljøarbeid

Kompetanse

  • Autorisasjon som helsefagarbeidar
  • Praktisk erfaring med målretta miljøarbeid
  • Gode digitale ferdigheiter og kjennskap til digitale dokumentasjonsverktøy
  • Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg
  • Kjennskap med arbeid med kap.9

Det er eit føremon med kjennskap til epilepsi


Kven er du?

  • Du er trygg i deg sjølv og handterer situasjonar med ro, oversikt og tydelegheit
  • Du tek kloke og fagleg gode avgjerder når uventa situasjonar oppstår
  • Du kan jobbe sjølvstendig gjennom natta, men samarbeider godt når det trengst
  • Du møter bebuarane med ro, respekt og varme, og skaper tryggleikgjennom natta
  • Du kan reflektera etisk og fagleg, og dokumenterer tydeleg det som skjer gjennom nattevakta
  • Du er fleksibel og løysingsorientert, og ser moglegheiter der andre ser utfordringar.
  • Du har gode kommunikasjonsevner, særleg i rapportering og overlevering til dagvakt.
  • Du er tolmodig, engasjert og positiv, med ekte engasjement for brukargruppa.

Vi søkjer etter deg som er tolmodig og engasjert, motiverande og positiv. Du er initiativrik og har engasjement for brukargruppa. Du har gode samarbeidsevner, men kan og arbeide sjølvstendig.


Me tilbyr

  • Ein meiningsfull jobb der du kan gjera ein konkret forskjell i livet til mange
  • Oppfølging og rettleiing
  • Årsturnus med moghegheit for innspel på arbeidstid
  • Gratis parkering
  • God pensjonsordning i KLP
  • Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk

Me er ein organisasjon i læring! 

Som ein del av arbeidet vert det forventa at du bidrar til ein læringskultur ved å dela kunnskap og utvikla deg i takt med endringar i samfunnet. Du heldt deg oppdatert på relevante arbeidsverktøy, arbeidsmetoder og aktivt tek ansvar for læring, samt fagleg og personleg utvikling. I Habiliteringstenesta arbeider me med vår digitale kompetanse, og nyttar teams i vår informasjonsflyt. Bidrag til å løysa arbeidsoppgåver med ny teknologi eller anna vert godt motteke. 


Me er Alver

Me får vere der frå aller fyrste stund, og vi får følgje deg gjennom livet!

Video: https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4&ab_channel=Alverkommune

Politiattest 

I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede


Om Habiliteringstenesta 

Habiliteringstenester i Alver kommune gjev tenester til personar med nedsett funksjonevne/
utviklingshemming. Tenestene vert gitt i den einskilde sin heim, ved arbeids- og aktivitetsenter, 

og som ulike former for avlasting for familiar med born/unge med omfattande behov for omsorg. Inn under habiliteringstenestene finn ein også støttekontaktteneste og koordinatorar for Individuell Plan. 


Kontaktpersoner for stillingen

Oddrun Takvam

Einingsleiar

+4793254751

oddrun.takvam@alver.kommune.no

Ana Milena Opsanger

Avdelingsleiar

+4748857550

ana.milena.opsanger@alver.kommune.no

Om bedriften

Habiliteringstenester i Alver kommune gjev tenester til personar med nedsett funksjonevne/utviklingshemming. Tenestene vert gitt i den einskilde sin heim, ved arbeids- og aktivitetsenter, og som ulike former for avlasting for familiar med born/unge med omfattande behov for omsorg.Inn under habiliteringstenestene finn ein også støttekontaktteneste og koordinatorar for Individuell Plan. 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

d05641d0-6435-4ca6-a4c2-3551c077895b

Sist endret

3. mars 2026

Hentet fra

jobbnorge

Referanse

10285176

Lignende annonser

Helsefagarbeidar 65% natt - arbeidsplassen.no