Vetleflaten søkjer deg!
Voss herad Vetleflaten omsorgssenter 2. etg.
5705 Voss
Om jobben
- Stillingstittel
- Sjukepleiar/vernepleiar/helsefagarbeidar/assistent
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidstid
- Turnus
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest søndag 1. november
Ved Vetleflaten omsorgssenter søkjer me no etter fleire engasjerte medarbeidarar som ønskjer å bidra til gode helsetenester for dei som bur hjå oss i langtidsavdelingane.
Hjå oss møter du eit fagmiljø med sjukepleiarar, helsefagarbeidarar, vernepleiarar, assistentar og medarbeidarar med ulike funksjonar og kompetanse. Me er ein arbeidsplass der me snakkar ope om det som fungera og det som kan bli betre, og der humor, samarbeid og respekt for kvarandre står sterkt.Me ynskjer kollegaer som ser verdien av godt lagarbeid, tek ansvar i kvardagen og møter både bebuarar, pårørande og kollegaer med omsorg, fagleg interesse og gode haldningar. Anten du er autorisert helsepersonell eller assistent utan formell utdanning, forventar me at du nyttar erfaringane dine, observasjonsevna di og engasjementet ditt til beste for menneska rundt deg.
Arbeidet vårt byggjer på gjeldande lovverk, faglege standardar, yrkesetiske retningslinjer og kommunen sine verdiar. Me legg vekt på kvalitet, tryggleik og omsorg i møte med kvar enkelt bebuar.
Ledige stillingar1. Sjukepleiar- Fast 100 % stilling
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Primært nattarbeid
- Ledig frå 16. november 2026
- Turnus med arbeid kvar 2. helg
- Fast 70 % stilling
- Norsk autorisasjon som helsefagarbeidar eller vernepleiar
- Primært nattarbeid
- Ledig frå 16. november 2026
- Turnus med arbeid kvar 2. helg
- Vikariat inntil 70 %
- Norsk autorisasjon
- Periode: 1. desember 2026 til 30. september 2027
- Turnus dag/kveld/natt med arbeid 18 helger per år
- Moglegheit for ekstravakter gjennom året og i sommarperioden (veke 25-33)
Me har fire ledige faste helgestillingar på mellom 13 og 20 %.
Stillingane passar for:
- Sjukepleiarar
- Vernepleiarar
- Helsefagarbeidarar
- Assistentar
Arbeid på dag/kveld eller natt, med 17-23 helger per år avhengig av stillingsstorleik.
Ledig frå 16. november 2026
Ein vanleg dag hjå ossKvardagen ved Vetleflaten følgjer bebuarane sine behov og døgnrytme og dagane startar med morgonstell og frukost. Deretter legg me til rette for aktivitetar, samtalar, miljøarbeid og individuelle ynskjer og behov gjennom føremiddagen. Etter lunsj har mange bebuarar ei roleg stund eller kviletid. Ettermiddagsvaktene tek over med førebuing og servering av middag, aktivitetar, sosialt samvær og nødvendig kvile. Seinare følgjer kveldsmat, kveldsstell og tilrettelegging for natta. Gjennom natta sørgjer nattevaktene for omsorg, tilsyn, observasjonar og nødvendig oppfølging slik at bebuarane opplever tryggleik og ro.
ArbeidsoppgåverArbeidsoppgåvene våre er varierte og handlar først og fremst om å skape gode dagar for bebuarane gjennom personsentrert omsorg og fagleg forsvarleg oppfølging. Dette får me til ved å dele på oppgåvene. I tillegg til stell, pleie og miljøarbeid, utfører me også vitale målingar og observasjonar (opplæring vert gitt ved behov) og sørgjer for godt samarbeid med bebuarar, pårørande og kollegaer. All helsehjelp skal dokumenterast i journalsystemet. Tilsette i faste stillingar har i tillegg primærkontaktansvar og me gir rettleiing og opplæring av kollegaer, elevar og studentar etter behov. Me har også ansvar for å vaske bebuar sine klede, utføre skylleromsarbeid og anna førefallande i avdelinga i tillegg til å utføre prosedyrar og andre oppgåver som følgjer av autorisasjonen og kompetansen din. Matlaging og tilrettelegging av måltid samt å halde orden i bebuar sitt nærmiljø er også ein viktig del av oppgåvene dine.
Kvifor velje Voss herad og Vetleflaten?- Me har mentorordning for nytilsette i faste stillingar over 20 %. Du får ein erfaren tilsett som mentor gjennom det første året
- Me går i årsturnus som gir moglegheit for fleksible løysingar og god oversikt over arbeidstida
- Me har eit arbeidsmiljø med engasjerte tillitsvalde og verneombod som bidreg aktivt til utvikling av arbeidsplassen
- Me arbeidar i eit inkluderande fagmiljø der me jobbar saman for å finne gode løysingar i kvardagen
- For 2-delt turnus er langvakter på inntil 14,5 t mogleg på helg
- Lønns- og arbeidsvilkår følger Hovedtariffavtalen (HTA)
- Me har fast rekrutteringstillegg for sjukepleiar
- norsk autorisasjon for stillingane som er lyst som sjukepleiar/vernepleiar/helsefag
- beherske norsk skriftleg og munnleg (minimum B1 nivå for assistentar og B2 nivå for helsefag/vernepleiar/sjukepleiar)
- legge fram gyldig politiattest ved tilsetting
- gode datakunnskapar, opplæring i fagsystem vil verta gitt
Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn. Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje Offentleglova § 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje. Ber om at du lastar opp vitnemål og attestar i søknaden.
Me håpar du vil bli ein del av laget vårt, og ser fram til å høyre frå deg!Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
d0036fce-3c09-4347-805c-ba11f681a80d
- Sist endret
16. oktober 2026
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3670261_213123_nn