Ungdomsmedarbeidar
Kultur -Klepp kommune
Bedriftsvegen 4, 4353 Klepp Stasjon, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Ungdomsmedarbeidar
Oppstart
11. august 2025
Type ansettelse
Fast, deltid 40%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 15. juni
Ungdomskultursenteret AXIS er eit kultur- og fritidstilbod for ungdom mellom 13 og 18 år i Klepp. Senteret ligg sentralt i Klepp sentrum og blir drive av Klepp kommune, kulturavdelinga. Axis skal både vera ein uformell sosial arena men og eit mangfaldig, variert kultur- og fritidstilbod, der det blir lagt til rette for at ungdom skal kunne påverke, forme innhald og aktivitet og få støtte og hjelp med å utvikla idear, interesser og talent i eit trygt, inkluderande og kreativt ungdomsmiljø. Arbeid i hovudsak ettermiddag og kveld. Arbeidstid følgjer i hovudsak skuleruta
Arbeidsoppgåver
Hovudoppgåver: Arbeid i open verksemd, i gruppeaktivitet og i ulike prosjekt og arrangement i samarbeid med ungdom.Kvalifikasjonar
har erfaring frå arbeid med ungdom
har arrangementskompetanse og evne og ferdigheiter til å leie gruppeaktivitet for ungdom
relevant høgskule/ universtitetsutdanning, eller relevant fagbrev
Me ønskjer i tillegg at søkjarar har kompetanse og ferdigheiter innan nokre av desse områda:
kunst- og/eller formingsrelatert aktivitet
digitale media, film
musikk, dans, drama
anna kompetanse og ferigheiter kan og vera interessant
Attester og vitnemål
Vi ber om at du laster opp attester og vitnemål i PDF-format samen med søknaden din. Utanlandske vitnemål må være godkjent av Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) hkdir.no/utdanning-fra-utlandet. Utanlandske attester må være oversett til et skandinavisk språk eller engelsk. Vi gjer oppmerksam på at dokumentasjon på blant annet avtent verneplikt og omsorg for barn, eldre eller sjuke også kan gi utteljing på lønnsansiennitet.
Personlege eigenskapar
Du er:ein trygg, sjølvstendig, ansvarleg og utadvendt vaksen
har god relasjonskompetanse, gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, og eit ressursorientert ungdomssyn
er engasjert, og oppriktig interessert i ungdom og i kultur- og fritidsarbeid.
er open, initiativrik, kreativ og fleksibel
Vi tilbyr
God opplæring, oppfølging og veiledning
Spanande meiningsfylt arbeid
Godt arbeidsmiljø med fokus på fag og trivsel
Gode forsikrings- og pensjonsordninger
Gratis parkering
Treningstilskudd og bedriftsidrettslag
Gratis adgang i bassenget i Klepphallen, ved gitte tider
Bedriftskunstforening
Ordning med refusjon for behandling hos fysioterapeut og kiropraktor
Tilsetting skjer elles på dei vilkår og med dei plikter som framgår av utlysinga, og dei til ein kvar tid gjeldande lover, reglement og tariffavtalar
Me oppmoder personer over 20 år til å søka.
Kontaktinformasjon
Ulf Ludvigsen, Kultursjef, +47 99444829Arbeidsstad
Bedriftsvegen 44353 KLEPP STASJON
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Klepp kommuneReferansenr.: 4973816014
Stillingsprosent: 40%
Fast
Startdato: 11.08.2025
Søknadsfrist: 15.06.2025
Kontaktperson for stillingen
Ulf Ludvigsen
Kultursjef
+47 99444829
Om bedriften
Klepp er den største av kommunane på Jæren, med over 21 000 innbyggarar og om lag 1800 tilsette. Me ligg sentralt til, med korte avstander både til Stavanger, Sandnes og Bryne.
Kommunen vår har dei flottaste strendene i heile regionen, me har ein spennande kulturhistorie, og ei god blanding av landbruk, industri og varehandel.
Visjonen vår er «Med blikk for alle». Me ønskjer tilsette som tek i eit tak, bryr seg og tenkjer fritt, og me oppmodar alle kvalifiserte til å søkja, uansett alder, kjønn, funksjonsevne, seksuell orientering, religion eller etnisk bakgrunn.
Me gjer merksam på at søkarlister kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.
Sektor
Offentlig
Nettsted