Ringevikar - Arbeidslag demens og aktivitet
Avdeling ALD og Aktivitet, Klepp kommune
Prestevegen 12, 4352 Kleppe, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Ringevikar i Arbeidslag Demens og Aktivitet
Type ansettelse
Sesong, deltid 0%
Arbeidstid
Turnus
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest torsdag 29. mai
Kleppheimen er kompetansesenteret på demenssjukdom i Klepp kommune.
Me har eit aktivt og engasjert fagmiljø, og jobber fortløpande med å heve kompetansen til dei tilsette ytterlegare. På denne måten ynskjer vi å utvikle tenestene våre og best mogeleg imøtekoma behovet innbyggjarane våre har - både i nåtida og framtid.
I fyrste etasje på Kleppheimen er Aktivitetssenteret og Arbeidslag Demens (ALD) lokaliserte.
ALD er den avdelinga i heimetenesta som bistår heimebuande med demenssjukdom. Aktivitetssenteret gjer dagtilbod til heimebuande eldre.
Det er derfor eit tett samarbeid mellom desse avdelingene.
Me ynskjer oss no fleire ringevikarer, som kan gå både ukedag/dagtid og kveld/helg. Dersom du og er interessert i sommerjobb er du velkommen til å ta kontakt.
Aktuelle søkjare vil bli kontakta fortløpende.
Arbeidsoppgåver
Arbeidslag demens:
- Kartlegging av kvar enkelt sin situasjon, og skreddersøm av individtilpassa tilbod til heimebuende med demenssjukdom
- Utøve heilhetlig hjelp, både helsehjelp, hjelp til stell og ernæring og anna hjelp som skal til for at kvar enkelt skal bu trygt heime.
- Forløpende evaluering av tilbodet.
Aktivitetssenteret:
- Skape ein trygg arena for brukarar og kollegaer
- Planlegge og tilby aktivitet tilpassa ønskjer og funksjonsnivå
- Ha fokus på ernæringsstatus, skape gode måltidsituasjonar, hjelpe enkeltbrukarar ved behov
- Pleie- og omsorgsoppgåver
Felles:
- Tett dialog med samarbeidspartnarar og pårørande
- Praktiske oppgåver som fylgjer med drifta
- Halde deg oppdatert i fht gjeldande planar og fylgje dei
- Journalføring
- Bidra til det gode arbeidsmiljøet
- Administrere medisiner etter forordning når du har bestått legemiddelhåndteringskurs
Kvalifikasjonar
Me veit ikkje kva kvalifikasjoner du har, berre at du har eit engasjement for brukergruppa vår, er lærevillig, blid, positiv og fleksibel. Du kan vere sjukepleier, vernepleier, helsefagarbeider, hjelpepleier, omsorgsarbeider, pedagog, student eller anna.
Kjennskap til regionen er ynskjeleg. Må snakke flytande norsk og har sertifikat klasse B, fortrinnsvis manuell gir.
Politiattest må fremleggjast før tilsetjning i stilling.
Attester og vitnemål
Vi ber om at du laster opp attester og vitnemål i PDF-format samen med søknaden din. Utanlandske vitnemål må være godkjent av Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) hkdir.no/utdanning-fra-utlandet. Utanlandske attester må være oversett til et skandinavisk språk eller engelsk. Vi gjer oppmerksam på at dokumentasjon på blant annet avtent verneplikt og omsorg for barn, eldre eller sjuke også kan gi utteljing på lønnsansiennitet.
Personlege eigenskapar
Du som søkjer ser mennesket som heilhet, er genuint interessert i kva er viktig for kvar enkelt, er god på å finne løysninger og trives både sjølvstendig og i team. Erfaring frå demensomsorg er ein fordel, men ikkje eit krav.
Personlig egnethet er avgjerande.
Vi tilbyr
Godt arbeidsmiljø med fokus på fag og trivsel
Gode forsikrings- og pensjonsordninger
Gratis parkering
Treningstilskudd og bedriftsidrettslag
Gratis adgang i bassenget i Klepphallen, ved gitte tider
Bedriftskunstforening
Ordning med refusjon for behandling hos fysioterapeut og kiropraktor
Kontaktinformasjon
Olga Marie Torsvik, Avdelingsleiar, +47 48131751
Arbeidsstad
Prestevegen 12
4352 KLEPPE
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Klepp kommune
Referansenr.: 4970064111
Stillingsprosent: 0%
Vikar
Søknadsfrist: 29.05.2025
Kontaktperson for stillingen
Olga Marie Torsvik
Avdelingsleiar
+47 48131751
Om bedriften
Klepp er den største av kommunane på Jæren, med over 21 000 innbyggarar og om lag 1800 tilsette. Me ligg sentralt til, med korte avstander både til Stavanger, Sandnes og Bryne.
Kommunen vår har dei flottaste strendene i heile regionen, me har ein spennande kulturhistorie, og ei god blanding av landbruk, industri og varehandel.
Visjonen vår er «Med blikk for alle». Me ønskjer tilsette som tek i eit tak, bryr seg og tenkjer fritt, og me oppmodar alle kvalifiserte til å søkja, uansett alder, kjønn, funksjonsevne, seksuell orientering, religion eller etnisk bakgrunn.
Me gjer merksam på at søkarlister kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2942162
- Hentet fra
talentech
- Referanse
7cecd55d48a840de816d3bab4cde2b73