Rådgjevar/seniorrådgjevar – barnevern
Statsforvaltaren i Vestland
Solheimsgaten 13, 5020 Bergen, Hybridkontor
Om jobben
Stillingstittel
Rådgjevar/seniorrådgjevar – barnevern
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 27. april
Om stillinga
Har du erfaring frå arbeid i kommunal barnevernsteneste eller fosterheimsarbeid og likar å jobbe med systematisk fagutvikling? Vi søker ein utviklingsorientert kollega, gjerne med erfaring frå prosjektleiing og implementeringsprosessar.
Helse-, sosial- og barnevernsavdelinga har ledig to stillingar for arbeid med utviklingsoppgåver på barn og unge-feltet, i seksjon sosial og barnevern. Den eine stillinga er ei fast stilling og den andre stillinga er eit eittårig engasjement. Vi ber om at det går fram av søknaden om du søkjer på éi eller begge stillingane. Kontorstad for desse stillingane er Bergen.
Avdelinga har ulike rådgjevings- og forvaltningsoppgåver og fører tilsyn med barnevern, i tillegg til helse-, omsorgs- og sosiale tenester. Vi har brei kontakt med mellom anna kommunar og regionale og nasjonale styresmakter. Avdelinga har tre seksjonar og kontorstader i Leikanger og Bergen. Fylkeslegen leier avdelinga som har tilsette med kompetanse innan barnevern, helse- og sosialfag, rettsvitskap, pedagogikk, samfunnsfag og administrasjon.
Arbeidsoppgåver
Arbeidet er variert og inneber samarbeid på tvers av fagfelt. Oppgåvene som ligg til stillinga er i hovudsak tilskotsforvalting, drift av fagnettverk, koordinering av utviklingsarbeid, rettleiing og informasjon til tilsette og leiarar i tenestene som møter barn og unge, og undervisning. Oppgåvene blir tilpassa kompetansen til den som får stillinga og den samla faglege kompetansen i avdelinga. Innhald i den faste stillinga kan bli endra ved nye behov.
- Samarbeide tett med leiarar og tilsette i barnevernstenester.
- Koordinering og fasilitering for samhandling gjennom møte og nettverk.
- Møteverksemd, kurs og innlegg på konferansar.
- Samarbeid med andre aktørar på barn og unge-feltet som forskingsmiljø, utdanningsinstitusjonar, Bufetat, KS, kunnskapssenter, kommunar og brukarorganisasjonar.
- Gjennomføre kartleggingar og oppsummering av funna til bruk i vårt oversiktsarbeid.
- Rettleiing i implementerings- og utviklingsarbeid.
- Det kan også vere aktuelt å bidra inn i oppgåveløysinga kring nasjonal koordinerande støttefunksjon for å styrke kommunale læringsnettverk på fosterheimsfeltet.
Kvalifikasjonar
- Fullført 3-årig sosialfagleg høgskuleutdanning
- God kjennskap til og erfaring frå arbeid innan barnevern
- Det er ønskjeleg med mastergrad eller anna relevant vidareutdanning
- God teknisk kompetanse i digitale verktøy til undervisning, prosjektleiing, kompleks informasjonsbehandling og framstilling er ønskjeleg
- Prosjektleiarerfaring er ønskjeleg
Personlege eigenskapar
God munnleg og skriftleg formidlingsevne på nynorsk og bokmål er ein grunnleggjande føresetnad. Du må kunne nytte begge målformer. Personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt.
Vi ser etter deg som
- har god evne til å jobbe langsiktig og systematisk
- har god evne til fagleg refleksjon
- likar å jobbe med komplekse problemstillingar
- klarar å få oversikt og skape system i store mengder informasjon
- likar å bidra til endring, utvikling og forbetring
- kan ha eit leiarperspektiv
- har god arbeidskapasitet og er fleksibel
- er god på nært og tverrfagleg samarbeid
- har evne til sjølvstendig arbeid innan fristar som er sett
Som tilsett hos Statsforvaltaren får du
- interessante arbeidsoppgåver
- eit kompetent og tverrfagleg arbeidsmiljø
- ein arbeidsplass i utvikling
- medlemskap i Statens pensjonskasse med god pensjonsordning, gunstig bustadlån og forsikringsordning
- trening i arbeidstida
- delvis heimekontor
- fleksibel arbeidstid
- løn i samsvar med vår lokale lønspolitikk
Vi ønskjer mangfald
Statsforvaltaren ønskjer mangfald, og vil leggje til rette for eit inkluderande arbeidsliv.
Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje utan omsyn til alder, kjønn, nasjonal eller etnisk bakgrunn, funksjonsevne eller hol i CV-en. Vi oppmodar om å krysse av i jobbsøkjarportalen dersom du har nedsett funksjonsevne, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Dersom det er kvalifiserte søkjarar frå desse gruppene kallar vi inn minst ein søkjar i kvar av gruppene til intervju. Les meir om dette hos Arbeidsgivarportalen.
Vilkår
Alle som søkjer stillinga må søkje digitalt gjennom rekrutteringsportalen Jobbnorge. Du må laste opp relevante vitnemål og attestar. Vitnemål og/eller karakterutskrifter hentar du frå vitnemålsportalen i Jobbnorge. Har du utdanning frå utlandet legg du ved godkjenning frå NOKUT.
Når søknadsfristen er ute, vurderer vi søknaden din på bakgrunn av informasjonen du har sendt oss. Det er derfor viktig at du både i søknadsbrevet og CV-en, viser korleis kompetansen din fyller krava som er sett i utlysinga.
Stillinga er lønna i stillingskode 1434 rådgjevar/1364 seniorrådgjevar, frå kr 570 000–730 000 brutto per år ut frå kvalifikasjonar og lokal lønnspolitikk. Stilling som seniorrådgjevar har strenge krav til kompetanse. For særskilt kvalifiserte søkjarar kan vi vurdere høgare lønn.
Dei første seks månadane er prøvetid. Du kan lese meir om det i statens personalhandbok.
Skriftspråket til embetet er nynorsk.
Offentleg søkjarliste blir utarbeidd etter søknadsfrist. Dersom du ønskjer å reservere deg frå oppføring må du grunngje dette. Du får varsel om reservasjon i rekrutteringsportalen dersom reservasjon ikkje blir teken til følgje.
Det vert stilt krav om politiattest som vilkår for tilsetjing.
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Statsforvaltaren har eit heilskapsansvar for all statleg verksemd i fylket, og skal følgje opp vedtak, mål og retningslinjer frå stortinget og regjeringa. Vi skal dessutan fremje fylket sine interesser, og kan dermed ta initiativ både lokalt og overfor sentrale styringsmakter.
Statsforvaltaren kjenner kommunane, og er i kontakt med mange enkeltmenneske i ulike situasjonar og livsfasar.Vi jobbar heile tida for at omverda skal oppleve Statsforvaltaren som tilgjengeleg, nær og løysingsorientert.
Statsforvaltaren i Vestland er ein spennande arbeidsplass med seks avdelingar og kring 280 tilsette. Vi har delt lokalisering mellom Leikanger, Bergen og Førde – med hovudsete i Leikanger.
Sektor
Offentlig