Prosjektleiar
Næring - kommunalteknikk, Stranda kommune
Øyna 13, 6200 Stranda
Om jobben
- Stillingstittel
- Prosjektleiar
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest mandag 8. juni
Stranda kommune søkjer prosjektleiar/prosjektingeniør med ansvar for veg og VA-prosjekt. Noko av stillinga vil verte knytt til administative oppgåver i drift.
Aktuelle søkjarar kan/vil bli innkalla til intervju. Tilsetting skjer etter gjeldande lover, reglement og tariffavtalar, herunder 6 mnd. prøvetid og 2% pensjonsinnskot. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om å ikkje bli ført opp på søkjarliste. Søkjar vert varsla om dette vert gjort. Jf. Offentleglova § 25.
Arbeidsoppgåver
- Prosjektingeniøren har ansvar for ulike veg og VA-prosjekt
- Kan også verte tillagt andre prosjektområde
- Ansvar for økonomi, koordinering, framdrift
- Samt oppgåver knytt til drift av VA mm.
Kvalifikasjonar
- Fortrinnsvis 3-årig utdanning på høgskule-/universitetsnivå innan relevant fagområde
- Erfaring med prosjektleiing
- Erfaring med ulike dataprogram
- Relevant erfaring kan erstatte formell utdanning.
- Gode norskunnskapar, skriftleg og munnleg
- Førerkort kl. B
Personlege eigenskapar
- Sjølvstendig
- Omgjengeleg og samarbeidsvillig
Vi tilbyr
Kontaktinformasjon
Ove Inge Skylstad, Einingsleiar, +47 46411032Arbeidsstad
Øyna 136200 Stranda
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Stranda kommuneReferansenr.: 5134290768
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 08.06.2026
Kontaktperson for stillingen
Ove Inge Skylstad
Einingsleiar
+47 46411032
Om bedriften
Stranda kommune med bygdene Stranda (kommunesenter), Hellesylt, Geiranger og Liabygda ligg på indre Sunnmøre, ca. 1 times reisetid frå Ålesund. Kommunen har ca. 4.400 innbyggjarar, eit variert næringsliv med høg sysselsetting, godt utbygd barnehage- og skuletilbod inkl. 2 vidaregåande skular, eit aktivt idretts- og foreiningsliv og gode vilkår for friluftsliv sommar og vinter. Vi har det største skisenteret på Nordvestlandet, regionalt kulturhus og treningssenter.
Stranda kommune er i sentralitetssone 5 og har makspris kr 700,- pr. mnd for full barnehageplass.
Bur du i Stranda og er i jobb, kan du etter eitt år få sletta 25 000 kroner av studielånet ditt. Over tid kan du spare fleire hundre tusen kroner. Du kan få sletta lån kvart år til det er nedbetalt.
I stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar kun vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varer frå den dagen du sluttar å arbeide og livet ut. Pensjonen inkluderer også uføre- og etterlatnepensjon om noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i KLP får du medlemspris og gunstige betingelsar på ei rekke bank, forsikring og spareprodukt.
Offentleg tenestepensjon for nytilsette
Til å vere stolt av er kommunen sin visjon. Verdiar som omsorg, openheit, samhandling og engasjement skal danne grunnlaget for vår organisasjonskultur. Les meir om Stranda og dei kommunale tenestilboda.
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
cf5e61a4-0246-41c4-861f-de3caac2e5ee
- Sist endret
22. mai 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
f7b1399e68b34885835433c7116f9fa3