Sommarjobb innen renhald på Sortland
Forsvarsbygg
Havnegata 31, 8400 Sortland, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Sommarjobb innan renhald på Sortland
Type ansettelse
Feriejobb, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest torsdag 24. april
Det vil bli gitt grundig opplæring før oppstart.
Som sommarvikar hos oss vil du få ein avtale som blir kalla rammeavtale for tilkalling for perioden 01.06.2025 – 31.08.2025. Denne avtalen vil seie noko om kva vilkår som gjeld, og kva lønn du får når du er på jobb. Når du skal jobbe innanfor denne perioden, blir avtalt med den som blir leiaren din. Behovet på Sortland er 100 % stilling i vekene 29-31. Arbeid ut over dette kan også avtalast alt etter kva som er arbeidsgivars behov, og kva som passar for deg.
Les meir om Forsvarsbygg på www.forsvarsbygg.no og på karrieresida vår: www.forsvarsbygg.no/jobb
Arbeidsoppgåver
- Dagleg/regelmessig reinhald av bygg
- Utføre reinhaldsarbeid etter oppsette arbeidsplanar
Kven ser vi etter?
Vi ser etter deg som er løysingsorientert og har evne til å jobbe sjølvstendig.Du må trivast i eit aktivt og travelt miljø, og like varierte utfordringar.
Vidare er du omgjengeleg og nøyaktig, og har gode samarbeidsevner. Du må også kunne bidra til eit godt arbeidsmiljø.
Kvalifikasjonar
- Du må vere over 16 år eller fylle 16 år i løpet av 2025
- Du må ha allmenn god helse og fysikk
- Du må ha gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
- Du må kunne autoriserast før oppstart
- Det er ønskeleg at du har erfaring innan reinhald
Vi tilbyr
Lønn som unge arbeidstakarar eller reinhaldsbetjent (kode 1138/1129), frå kr. 282 700,- - 404 900,- i brutto årleg lønn.Kontaktinformasjon
Unni Zimmermann, Reinhaldsleiar, 950 68 643Arbeidssted
Havnegata 318400 Sortland
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: ForsvarsbyggReferansenr.: 4945971059
Stillingsprosent: 100%
Sommarjobb
Søknadsfrist: 24.04.2025
Kontaktperson for stillingen
Unni Zimmermann
Reinhaldsleiar
950 68 643
Om bedriften
Sidan festningane si tid har operative og funksjonsdyktige bygningar og anlegg vore avgjerande for Noreg si forsvarsevne. Det er Forsvarsbygg sitt ansvar å bygge denne forsvarsevna. Vi utviklar, bygger, driv og avhendar bygningar, anlegg og eigedom for forsvarssektoren. Vi er Noreg si største offentlege eigedomsaktør, ein attraktiv arbeidsgjevar med leiande fagkompetanse innan bygg og eigedom, og ei rekkje tilknytte fagområde.
Forsvarsbygg har ansvaret for over 12 000 bygningar og anlegg over heile landet, og har til ei kvar tid ansvaret for om lag 300 aktive investeringsprosjekt. Eigedomsparteføljen vi forvaltar inneheld mange av dei mest særegne og krevjande bygningane i landet, frå dei 15 festningane som er tilgjengelege for allmennheten, til militærleirar, skyte- og øvingsfelt og flystasjonar for Forsvaret. Forsvarsbygg har hovudkontor i Oslo med lokalitetar over heile landet.
Forsvarsbygg er ein etat i forsvarssektoren og underlagt Forsvarsdepartementet. Vi meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til endå betre oppgåveløysing. Vi vil tilretteleggje for medarbeidarar som har behov for det. Aktuell tilrettelegging kan til dømes vere tekniske hjelpemiddel, tilpassing av møblar eller endring av rutinar og arbeidsoppgåver.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2905163
- Hentet fra
talentech
- Referanse
f196936b5e9d464c8c64a495cf53adee