Vil du jobbe i kyrkja i sommar?
Arna sokn
Lakslia 21, 5261 Indre Arna, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Menighetsarbeider
Oppstart
14. juni 2025
Type ansettelse
Annet, deltid 40%
Arbeidstid
Skift, dagtid og kveld, alle dager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Er du mellom 16 og 20 år, nysgjerrig på arbeid i kyrkja og har lyst på ein meiningsfull sommarjobb? Då bør du lese vidare! Vi har to ledige deltidsstillingar på inntil 40 % i sommar.
Kva ser vi etter?Vi ønskjer oss deg som:
• Kan jobbe sjølvstendig og tek ansvar
• Visar initiativ og engasjement
• Er nysgjerrig på eller vurderer ei framtidig jobb i kyrkja
• Kan vise til referansar utanfor eigen familie og vener
Arbeidsoppgåver kan vere:• Planlegging og gjennomføring av diakonale tiltak
• Deltaking i og støtte til gudstenesteliv
• Enkle administrative oppgåver
• Å lage og gjennomføre opplegg for ungdom(mellom anna leir)
Vi tilbyr:• Erfaring og innsikt i korleis det er å jobbe i kyrkja
• Godtgjersle etter KA-tariff, vert utbetalt som honorar etter endt arbeidsperiode
• Erfaring du kan føre opp på CV-en
Anna:-
Den som vert tilsett må kunne framvise tilfredsstillande vandelsattest, jfr. trossamfunnsloven §20, jfr. politiregisterloven §39.
-
Den som vert tilsett må vere medlem i Den norske kyrkja.
-
Skriv ein kortfatta søknad der du presenterer deg sjølv og kva motivasjonen din er for å søkje stillinga. Legg ved ein CV som syner kva du har gjort tidlegare. Søknadsfrist: søndag 25. mai 2025
Om bedriften
Arna sokn ligg aust for Bergen sentrum, i Arna bydel. Folketalet i Arna sokn er om lag 11 000, om lag 7800 er medlemmer av Den norske kyrkja. Arna er ei blanding av drabantby, industrisamfunn og bygdekultur. Toget tek 8 minutt til og frå Bergen sentrum. Arna kyrkje ligg sentralt plassert like ved togstasjonen og Øyrane Torg.
Kyrkjelyden ynskjer å tilby opne, inkluderande møtestader på kvardagar og eit rikt, variert gudstenesteliv på søndagar. Det er generelt god oppslutning om gudstenestene.
Som tilsett vil ein måtte arbeide både i kyrkja, på kyrkjelydshuset, Takvam kapell og eksterne stader i og utanfor soknet.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2946560
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
cf2ed443-3375-4aac-9f79-fbd3ecba3476