Ledig stilling som helsefagarbeider
Nissedal kommune
Treungvegen 398, 3855 Treungen
Om jobben
Stillingstittel
Helsefagarbeider
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus, dagtid og kveld, alle dager
Antall stillinger
1
På institusjon ved Nissedal omsorgssenter er det ledig 80-100% fast stilling som helsefagarbeidar. Id 2023/344.
Me søkjer etter ein dyktig og motivert helsefagarbeider som er oppteken av gode helsetenester.Nissedal omsorgssenter, institusjon, har seks plassar som er tilrettelagt for personar med demens og seks plassar for somatisk sjuke pasientar.
Institusjonen er organisert i to avdelingar med bemanning to på dag og to på kveld i kvar avdeling, og høyrer til eining for velferd.
Det kan opne seg behov for bistand i heimesjukepleia, og me stiller difor krav om førarkort klasse B.
Stillinga inneber dag- og kveldsvaktar samt arbeid kvar 3. helg.
Me skal gjere forsøk på turnusar med 4. kvar helg og langvakter i løpet av 2023. Me vil og sjå på andre kreative turnusar, som kan gjere det attraktivt å jobbe på omsorgssenteret.
Kvalifikasjonar:- Autorisert helsefagarbeider eller hjelpepleiar
- Gode kommunikasjonsevner og norskkunnskapar
- Førarkort klasse B
- Du må like å arbeide med eldre menneske
- Du må ha engasjement for personar med kognitiv svikt og demens
- Du er ein god lagspelar og kollega som bidreg til eit godt arbeidsmiljø
Personlege eignaheit vil bli lagt vekk på.
Me tilbyr- Tilsetjingsvilkår etter gjeldande lov, tariffavtale og kommunen sitt reglement
- Godt arbeidsmiljø
- Rom for fagleg utvikling
- Varierte arbeidsoppgåver
- God opplæring
- Ved tilsetjing blir det stilt krav om politiattest
- Me gjer merksam på at namn på søkjarar kan bli offentleggjort i høve til offentleglova § 25
- Kopi av vitnemål og attestar skal leverast i samband med intervjuet
Nærare opplysningar om stillinga får du ved å kontakte avdelingsleiar ved institusjon, Ingerid Homme, tlf. 350 48460/922 15 892
Send søknad på elektronisk søknadsskjema Søknadsfrist: 29.08.2023Om bedriften
Nissedal kommune dekker eit areal på 908 km² og har omlag 1430 innbyggjarar. Nisser, ein av dei største innsjøane i Telemark, er eit dominerande landskapsmerke med innbydande sandstrender og svaberg omkransa av blankskura, høgreiste fjell. Den fire mil lange og 250 meter djupe innsjøen inneheld reint, klårt drikkevatn. Nissedal har fått namnet sitt frå Nisser, som truleg kjem av gamalnorsk <Nidrsær>, som tyder <Den nedre sjøen>. Langs Nisser finn ein sjeldsynte hellemålingar, gravhaugar og mange andre minne etter gamal busetjing. I skogane og heiområda i Nissedal finn ein heile 1750 større og mindre vatn. Det er eit eldorado for dei badeglade, og på Fjone finn ein kilometerlange sandstrender. Her er også gode vilkår for kanopadling, båtsport og fiske i vatna og elvane. Klimaet er svært bra, og terrenget innbyr til turgåing, sommar som vinter. Næringslivet i kommunen er variert. Viktige næringar er industri og handverk, handel, reiseliv og turisme og hytteutbygging.
Sektor
Ikke oppgitt
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2282519
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
cf1ef2f7-fa60-4c8f-a04d-15648a3f30e6