Sjukepleiar eller Vernepleiar søkes til stilling på natt ved Engenhuset
Avdeling for rusmedisin/ AFR Korttidspost Engenhuset, Helse Bergen
Håkonsgaten 1, 5015 Bergen, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Sjukepleiar/Vernepleiar søkes til natt på Engenhuset
Type ansettelse
Fast, deltid 80%
Arbeidstid
Natt
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest fredag 28. februar
Vi søker etter ein engasjert nattevakt (sjukepleiar eller vernepleiar) i 80% fast stilling frå Mai 2025.
AFR Korttidspost Engenhuset er ein del av Avdeling for rusmedisin i Helse Bergen HF. Vi har nyleg flytta inn i flotte, nye lokale i Håkonsgaten 1 - midt i Bergen sentrum. På Engenhuset er vi eit stort fagmiljø beståande av korttidspostane, Heroinassistert behandling, Poliklinikk, KORUS, forsking, ambulant og URO.
Vi gir tilbod om rusbehandling til 24 pasientar fordelt på 2 postar. Vi tilbyr kjønnsdelt behandling, derav ein post er for kvinner og ein post er for menn. På korttidspostane jobbar vi hovudsakleg med medisinsk avrusing men har stort fokus på å utøve god miljøterapi. Vi har også eigen treningsterapeut og musikkterapeut.
Hos oss jobbar vi tverrfagleg og det er tilsett sjukepleiarar, vernepleiarar, legar, overlegar, psykolog, musikkterapeut, sosionom, erfaringskonsulentar, helsefagarbeidarar og assistentar.
Vi søker etter ein sjukepleiar eller vernepleiar til arbeid på natt. Erfaring frå psykisk helse, TSB og personleg egnethet vil vektleggast. Turnus blir lagt opp med arbeid kvar tredje helg.
Arbeidsoppgåver
- Oppfølging av inneliggande pasientar
- Miljøterapi
- Medisinering
- Abstinensbehandling
- Relasjonsbygging og motivasjonsarbeid for å skape endring
- Tverrfagleg samarbeid i team
- Følge opp praktiske gjeremål på post
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar
- Må meistre godt norsk, både munnleg og skriftleg
- Ønskeleg med vidareutdanning i rus og psykisk helsearbeid eller SEPREP
- Ønskeleg med erfaring frå psykisk helsevern eller TSB/rusomsorg
Personlege eigenskapar
- Engasjement for fagfeltet og pasientgruppa
- Gode kommunikasjonsferdigheiter
- God teamarbeidar som trivst i eit tverrfagleg miljø
- Arbeider strukturert, sjølvstendig og målretta
- Bidrar til eit godt arbeidsmiljø
- Fleksibel, initiativrik og løysingsorientert
- Punktleg, påliteleg og deler gjerne av eigen kompetanse
Vi tilbyr
- Lønn etter gjeldande overeinskomst
- Godt arbeidsmiljø
- Personleg og fagleg utvikling
- 2-dagars kurs i møte med aggresjon (MAP)
- Dyktige medarbeidarar
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Anne-Britt Sunde, Leiar, 40063110Arbeidsstad
Håkonsgaten 15015 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse BergenReferansenr.: 4911140937
Stillingsprosent: 80%
Fast
Søknadsfrist: 28.02.2025
Kontaktperson for stillingen
Anne-Britt Sunde
Leiar
40063110
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2845710
- Hentet fra
talentech
- Referanse
376b0a9d836a4c94a4920fe2bb98ee42