Hopp til innhold

Forskningsteknikar (sommervikar)

Arbeidsgiver

Universitetet i Bergen

Sted

Jonas Lies vei 87, 5021 Bergen

Om jobben

Stillingstittel
Forskningsteknikar (sommervikar)
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest søndag 3. mai

Kunnskap som formar samfunnet

UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.

Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgA

Forskingsteknikar (sommarvikar) ved Dyreavdelinga 

Ved Dyreavdelinga, Klinisk institutt 1, Det medisinske fakultet, er det ledig er det ledig eit sommarvikariat som forskingsteknikar, både heiltid og deltid i perioden frå juni til og med august 2026. 

Deltaking i helgevakter kan inngå i stillinga.


Arbeidsoppgåver

  • Stell og tilsyn av dyr og kvalitetssikringsarbeid knytt til dyreforsøk. Forsøk med dyr er regulert av fleire forskrifter og internkontrollrutinar 
  • Den som vert tilsett vil og drive opplæring av avdelinga sine brukarar knytt til dyr, utstyr, helse, miljø og tryggleik

Det kan verte aktuelt å leggje andre oppgåver til stillinga.


Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Relevant utdanning frå vidaregåande skule eller spesialutdanning tilpassa dei oppgåvene stillinga skal dekke. Lang og relevant praksis kan kompensere for manglande formell utdanning
  • Erfaring frå arbeid med dyr er ein føremon 
  • Kurs i forsøksdyrlære etter forsøksdyrforskrifta sitt minimum krav om slik opplæring (§24 Vedlegg E, 1-10 ) eller kurs i forsøksdyrlære tilsvarande FELASA A, B eller C er ein føremon, men ikkje eit krav
  • Må ikkje vere allergisk mot dyr eller kjemikaliar 
  • Personlege eigenskapar vil bli vektlagt 
  • Vi søkjer ein ansvarsmedviten person som er glad i dyr og folk og med interesse for forsking, som kan inngå i vårt arbeidsteam i sommar
  • Søkjar må kunne arbeide sjølvstendig, men og kunne samarbeide med både kollegaer og forskarar 
  • Søkjar må vere fleksibel, ha evne til problemløysing, vere serviceinnstilt og imøtekomande. 
  • God munnleg og skriftleg norsk og engelsk er eit krav

Ved vurdering av søkjaren vil vi leggje stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga. 


Vi kan tilby

  • spanande og utviklande arbeidsoppgåver i eit sterkt fagmiljø 
  • Løn er fortida kr 475 000 – 490 000 (kode 1512). Løn er brutto pr. år for ei fulltidsstilling i lønsregulativet til staten ved tilsetjing. For særleg kvalifisert søkjar kan det verte aktuelt å vurdere høgare løn. 
  • medlemsskap i Statens pensjonskasse 
  • gode velferdsordningar

Generell informasjon

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: Driftsleder Joanna Stormark, joanna.stormark@uib.no, Tlf: 48014461

Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.

Nærare om tilsettingsprosessen her.


Om bedriften

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Det medisinske fakultet består av fem institutt og åtte senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.  

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

ce9518c8-15da-4174-81c2-47ada6364ba7

Sist endret

13. april 2026

Hentet fra

jobbnorge

Referanse

10290851

Lignende annonser

Laster lignende annonser