Avsnittsleiar
FEFE - Avsnitt for etterforsking av økonomi- og miljøkriminalitet, Møre og Romsdal politidistrikt
Nedre Strandgate 50, 6005 Ålesund
Om jobben
Stillingstittel
Avsnittsleiar
Oppstart
17. mars 2025
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest onsdag 4. juni
Vi har ledig eit vikariat på inntil eit år som leiar av avsnitt for etterforsking av økonomi- og miljøkriminalitet. Arbeidsstad er i Ålesund. Du må pårekne noko reiseverksemd.
Du trivast med å jobbe i team og ønskjer å legge til rette for eit godt arbeidsmiljø på avsnittet. I stillinga skal du utvikle gode rutinar for drift av avsnittet i tråd med sentrale og lokale retningslinjer. Derfor er det også viktig å vere samfunnsorientert og ha god heilskapleg forståing for avsnittet si rolle i politidistriktet og i samfunnet for øvrig.
Hovudoppgåver ved avsnittet er etterforsking av alvorleg økonomisk kriminalitet og alvorleg miljøkriminalitet. I tillegg bistår vi i andre saker i politidistriktet som dreier seg om profittmotivert kriminalitet og inndraging av økonomisk utbytte. Avsnittet har også fagansvar for menneskehandel og arbeidslivskriminalitet. Dette arbeidet blir utført i samarbeid med andre etatar i form av kontrollar, etterretning og etterforsking.
Om avsnitt for økonomi- og miljøkriminalitet
Avsnitt for etterforsking av økonomi- og miljøkriminalitet ved Felles eining for etterretning, førebygging og etterforsking (FEFE) består i dag av avsnittsleiar og elleve medarbeidarar med tverrfagleg bakgrunn som politi og/eller utdanning innanfor økonomi. Avsnittet er også samlokalisert med ein bistandsrevisor frå Skatteetaten. Avsnittet er stadsplassert ved politihuset i Ålesund og politihuset i Molde.
Vi oppmodar kvinner til å søkje på leiarstillingar.
Arbeidsoppgåver
- Leie og utvikle avsnittet innanfor dei strategiar, planar og mål som er sett med fokus på fag, medarbeidarar og produksjon
- Drive aktiv prioritering av ressursar og straffesaker som er lagt til avsnittet
- Sørgje for at dei faglege oppgåvene som er lagt til avsnittet blir utført i samsvar med gjeldande lover, reglar og instruksar
- Handtere eiga saksportefølje og bidra i etterforskingar på avsnittet gjennom aktiv utøving av ulike etterforskingsskritt og etterforskingsleiing
- Delta i regionale og nasjonale fagnettverk, og følgje opp sentrale krav og føringar
- Overordna ansvar for fagleg utvikling og kompetansebygging ved avsnittet, herunder legge til rette for OÅO, systematisk erfaringslæring og kunnskapsbasert forbetringsarbeid
- Samhandle med eksterne samarbeidspartnarar innan fagområdet
- Vere pådrivar og støttespelar i utviklinga av eit godt medarbeiderskap, ønskt kultur og medarbeidertilfredsheit i organisasjonen
- Ansvarleg for å drive systematisk HMS-arbeid ved avsnittet
- Bidra aktivt i seksjonen si leiargruppe
- Kan påleggast andre oppgåver
Kvalifikasjonar
Nødvendig:
- Fullført og bestått politi(høg)skulen
- Brei arbeidserfaring innan etterforsking av alvorlege straffesaker
- God kunnskap om lovverket innan etterforsking
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne
- Gode kunnskapar i bruk av politiet sine datasystem
- Plettfri vandel og vere skikka for teneste i politiet. Politiattest (uttømmande og utvida) må hentast inn ved eventuell tilsetting, jf. politiloven § 18 og politiregisterloven § 41. Ved søknad på stillinga må ein pårekne at det blir henta inn opplysingar frå enkelte av politiet sine register og system til bruk i vandels- og skikkaheitsvurderinga.
Ønskjeleg:
- Relevant leiarutdanning eller leiarerfaring er ein fordel
- Vidareutdanning innan etterforsking eller studier innan nedkjemping av økonomisk kriminalitet og/eller miljøkriminalitet
- Anna sivil utdanning innan økonomi eller miljø-fagfeltet
- Erfaring frå etterforskingsleiing i sak og porteføljehandtering
- Erfaring frå etterforsking av økonomi- og miljøsaker
- Anna erfaring frå politiet
- Kjennskap til arbeid innan helse, miljø og sikkerheit
- Resultatorientert og kan vise til god resultatoppnåing i tidligare stillingar
Personlege eigenskapar
- Det vert lagt stor vekt på gode leiareigenskapar herunder evne til å motivere og utvikle medarbeidarar
- Kan sette retning, drive endring og skape resultat i samhandling med andre
- Samfunnsorientert og heilskapsorientert
- God evne til kommunikasjon og relasjonsbygging
Som medarbeidar i politiet har du høg etisk bevisstheit, du kjenneteiknast av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om dei etiske retningslinjene våre og om medarbeidarplattformen her: https://www.politiet.no/om-politiet/jobb-i-politiet/medarbeiderplattform/
Personlege eigenskapar vert vektlagt.
Vi tilbyr
- Ein utfordrande og spennande arbeidsplass for deg som vil vere med og forme politiet for framtida
- Stillinga blir lønna som politioverbetjent, stillingskode 0287, frå kr. 760 000 til kr. 835 000 brutto per år
- Godtgjersle etter gjeldande ATB og tillegg for eventuell turnusteneste
- For særskilt kvalifiserte kan noko høgare lønnsplassering bli vurdert
- Du vil bli medlem i Statens pensjonskasse som gir deg mange gode i tillegg til livsvarig alderspensjon. Les meir om tilsettingsgoda dine på spk.no/medlemskap-i-spk. Det blir trekt to prosent frå løna til innskot i Statens pensjonskasse.
- Fleksibel arbeidstid og mogelegheit for trening i arbeidstida
- Møre og Romsdal politidistrikt er ei IA-bedrift og er knytt til bedriftshelseteneste
Tilsetting skjer på vilkår fastsett i statsansatteloven og personalreglementet for politiet, derunder at prøvetida er seks månadar.
Kontaktinformasjon
Ole Ivar Nybø, Seksjonsleiar, 48887235Arbeidsstad
Nedre Strandgate 506005 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Møre og Romsdal politidistriktReferansenr.: 4923177340
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 17.03.2025
Sluttdato: 31.12.2025
Søknadsfrist: 04.06.2025
Kontaktperson for stillingen
Ole Ivar Nybø
Seksjonsleiar
48887235
Om bedriften
Om politidistriktet
Mellom hav, fjordar og fjell finn du Møre og Romsdal politidistrikt som er eitt av 12 politidistrikt i Noreg. Vi femnar om eit område på 15 099 kvadratkilometer og dekker ei befolkning på om lag 270 000 menneske. Majestetiske fjellområde set naturlege avgrensingar i Møre og Romsdal fylke, og såleis politidistriktet. Det er Trollheimen på grensa mellom Nordmøre og Trøndelag, Romsdalsfjella med mellom anna Trolltindane i nedre del av Romsdal, Sunnmørsalpane på begge sider av Hjørundfjorden og Tafjordfjella mot Reinheimen Nasjonalpark sørvestover. Ein stor del av befolkninga bur langs kysten og på øyar. Dei tre største byane, Ålesund, Molde og Kristiansund, er regionsenter for høvesvis Sunnmøre, Romsdal og Nordmøre. Møre og Romsdal politidistrikt har også kontinentalsokkelberedskap frå Stad til Helgeland.
Organisering av politidistriktet
Politidistriktet med om lag 650 tilsette, vert leia av politimeister Ingar Bøen som har hovudsete i Ålesund. Vi er organisert i to geografiske driftseiningar med til saman 18 politistasjonar. I tillegg har vi fire funksjonelle driftseiningar. Det er felles eining for påtale, felles eining for operativ teneste, felles eining for etterretning, førebygging og etterforsking, og felles eining for utlending, forvaltning og sivil rettspleie. I tillegg kjem PST og tre leiarstøttestabar; kommunikasjon, verksemdstyring og HR/HMS.
Dette er verdiane våre
I politiet jobbar vi etter prinsippa i medarbeidarplattforma som er å vere modig, heilskapsorientert, vise respekt og vere tett på. Vi meiner at inkludering og mangfald er ei styrke og treng medarbeidarar med ulik kompetanse, bakgrunn, erfaring og perspektiv for å bidra til enda betre oppgåveløysing. Dersom det er mogeleg legg vi til rette for deg om du har behov for det.
Positiv særbehandling av søkarar til statlege verksemder
Dersom det er kvalifiserte søkarar med funksjonsnedsetting, hòl i CV-en, eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkar i desse gruppene, det vil seie positivt særbehandla på denne måten, må du oppfylle visse krav. Les meir om krava på Arbeidsgiverportalen. Dersom du har funksjonsnedsetting, hól i CV-en eller innvandrarbakgrunn oppmodar vi deg til å krysse av i jobbportalen. Dette dannar grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer på i sine årsrapportar.
Om offentleg søkarliste
Opplysingar om deg kan bli gjort offentlege sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført opp på den offentleg søkarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir tatt til følge, vil du bli varsla om dette.
Har du hugsa dette?
For å ha eit godt vurderingsgrunnlag ber vi deg om å registrere utfyllande CV i vår rekrutteringsportal og laste opp relevante attestar og vitnemål.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2949038
- Hentet fra
talentech
- Referanse
1a4d06628cca4007ae96b828baa058df