Helgestilling 25,6 % for helsefagarbeidar i Hauge omsorgsbustad
Osterøy kommune
Geitaryggen 8, 5282 Lonevåg, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Helgestilling 25,6% i Hauge omsorgsbustad
Type ansettelse
Fast, deltid
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest i morgen
Om stillinga
Frå september 2025 er det ein ledig fast helgestilling i Hauge omsorgsbustad på 25,6% for helsefagarbeidar.
Hauge omsorgsbustad er ein del av Heimetenesta og har tett samarbeid med heimesjukepleien. Hauge omsorgsbustad inneheldt 16 husvære. Dei som bur her vert rekna som heimebuande og følger same retningsliner som andre heimebuande.
Helsefagarbeidar har eit fagleg ansvar på vakt. Dette inneber faglege vurderingar, utføring av helsefaglege prosedyrar og rettleiing/oppfølging av medarbeidarar og bebuarar. Hauge omsorgsbustad har heildøgnsbemanning med eigne nattevakter.
Den ledige stillinga er med arbeid i turnus annakvar helg.
Arbeidsoppgåver
Omsorg til menneske i deira eigen heim
Bidra til å styrke bebuarane sine eigne ressursar for å ivareta eige liv og helse (kvardagsrehabilitering og velferdsteknologi)
Planlegge sjølvstendig og ta raske avgjersler.
Utføre kliniske vurderingar og fortløpande vurdere brukar sin heilskaplege tilstand
Samarbeid med pårørande
Samarbeid med kollegaer, ergo/fysio, sjukeheim og andre samarbeidspartar
Kvalifikasjonskrav
Fagbrev som helsefagarbeidar. Relevant erfaring kan kompensere for krav om utdanning.
Krav om å beherske vanleg IKT verktøy (Me nyttar Profil som dokumentasjonsprogram)
Søkjarar utanfor Skandinavia må dokumentere kunnskap i norsk skriftleg og munnleg gjennom bestått B1 test i norsk.
Vi tilbyr
God opplæring
Eit godt fagleg miljø og moglegheit for fagleg utvikling
Faglege utfordringar og varierte arbeidsoppgåver
Gode pensjonsvillkår
. Video: https://youtu.be/5TIhcmaLglYSpørsmål om stillinga
Søk via jobbnorge
Kontaktperson:
Avdelingsleiar Anne Lise B. Teigland
Tlf: 408 06 954
E-post: anneliseteigland@osteroy.kommune.no
Om bedriften
I Heimetenesta får du brukt faget ditt på ein spanande og variert måte. Her er ingen dag lik og du vil møte arbeidsoppgåver som pleie, legemiddelhandtering, medisinske prosedyrer, bistå brukarar i livets siste fase, primærkontaktansvar og pårørandesamarbeid. Heimeteneste består av Heimetenesta, Hauge omsorgsbustad, Haldorvika aktivitetssenter for personar med demens og Forvaltningstenesta.
Me er ein gjeng med stort engasjement, som ønskjer at våre tenester me gjer til våre innbyggjarar, deira pårørande og samarbeidspartnarar, skal ha høg faglegheit og profesjonalitet. Me jobbar mot framtida der mestings- og tryggleiksskapande teknologi og det å bu heime heile livet, står i fokus. Hauge omsorgsbustad heldt til på Hauge, i same bygg som Osterøytunet. Me ser fram til å verte betre kjend med deg!
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
ce621e14-2d9a-4008-8bda-04d0ca8a0b99
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10258378