ID 2038 Fysioterapipraksis 50% vikariat med driftstilskot
Stord kommune
Stord
Om jobben
Stillingstittel
Fysioterapeut
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Vikariat, deltid 50%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Antall stillinger
1
Fysioterapiteneste i Stord kommune består av kommunalt tilsett fysioterapeutar og private fysioterapeutar med driftsavtale.
Stord kommune har ledig 50 % vikariat driftsavtale fysioterapi, lokalisert v/Stord Fysioterapi.Vikariatet er ledig primært f.o.m. 01.07.2023 t.o.m.30.06.2025, eventuelt kan det diskuterast 1 års vikariat med moglegheit for forlenging.
Stord Fysioterapi er ein gruppepraksis med 3 fulle avtaleheimlar. Instituttet er sentralt plassert ved Torget på Leirvik og har eit areal på totalt 283 m2 med fasilitetar for trening- og rehabilitering, både individuelt og i grupper. Pasientlista er variert og representerer eit bredt spekter av diagnosar.
Praksisen skal drivast i.h.t.. Lov om kommunale helse- og omsorgstenester, anna relevant helselovgiving og på dei vilkår som framkjem av ASA 4313 slik den til ei kvar tid lyder.
Vikarar i avtaleheimel har rett til trygderefusjon etter refusjonsforskriften i perioden vikariatet pågår. Refusjonsretten er begrensa slik at vikar og praksisinnehavar ikkje kan krevje refusjon for behandlingar utført til same tidspunkt, dvs. arbeidstida for vikaren skal avtalast med avtaleinnehaveren.
++Kvalifikasjonar:++- Norsk autorisasjon som fysioterapeut
- Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg
- Fagleg kompetanse, erfaring og interesse innan generell fysioterapi
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
- Eventuell erfaring frå privat praksis er ein fordel.
- Personlege eigenskapar vil vektlegge.
- Det må leggjast fram politiattest ved oppstart.
- Har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner med pasientar, fagfellar og samarbeidspartnarar utanfor instituttet.
- Evnar å jobbe sjølvstendig, samt som del av ein gruppepraksis med felles drift, inkludert administrative arbeidsoppgåver.
- Har interesse for fagleg utvikling, både personleg og for å utvide klinikken og kommunen sitt behandlingstilbod.
- Ønskjer å jobbe med ei aktiv tilnærming og kan legge opp individuelt tilpassa behandlingsforløp.
- Bidreg til eit positivt arbeidsmiljø.
- Personleg eignaheit vil vektleggjast.
Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.
Nærare opplysningar:
Joe Greenshields T. E-post: bygnesfysio@hotmail.com, tlf 45 40 25 11
Kommunalsjef Anne Karin Fossdal E-post: anne.karin.fossdal@stord.kommune.no
Kommuneoverlege Petra Turet Olsen E-post: petra.turet.olsen@stord.kommune.no eller tlf. 53496600 (sentralbord).
Om bedriften
Stord kommune er ein industrikommune i Hordaland med ca. 19 000 innbyggjarar. Det er stor og variert aktivitet både i arbeidsliv og for fritid. Me har eit rikt kulturliv og det er gode vilkår for idretts- og friluftsliv. Her er flott natur med skog, sjø, vatn og fjell som ligg nær til for trivlege opplevingar og aktivitetar ute. Det er god kommunikasjon til Haugesund, Stavanger og Bergen. Barnehagar og skuleverket har god kvalitet. Me har m.a. vidaregåande skular, allmenn- og førskulelærar-, sjukepleiar- og ingeniørutdanning. Stord sjukehus er lokalsjukehuset for 50000 innbyggjarar i regionen Sunnhordland.
Sektor
Ikke oppgitt
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2336654
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
ce2838a3-7110-4e7e-8eb7-f267743c2fc5