ID 2327 Helgestillingar i Ambulant team 1 - Psykisk helse og rus
Stord kommune
Stord, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Sjukepleiar, vernepleiar, helsefagarbeidar, hjelpepleiar, sosialfagleg utdanning, studentar innan helsefag, andre relevante
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Fast, deltid 15%
Arbeidstid
Turnus, dagtid og kveld, lørdag og søndag
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
3
Søk på jobben
Søk senest søndag 15. juni
Eining for psykisk helse og rus, avdeling ambulant team 1 har personale med høg fagleg kompetanse og tilbyr personretta tenester i heimen. Dei som arbeidar i ambulant team 1 har lang erfaring og kompetanse til å takle ulike utfordringar/uforutsette hendingar. Teamet har eit godt fagleg og sosialt arbeidsmiljø.
Avdelinga har fokus på å bidra til auke meistring i eige liv. Vår visjon er å vera saman om utvikling og velferd. Me er open, nyskapande, respektfull og brukarorientert.
Det er ledig 3 faste 15% helgestillingar med arbeid kvar 3 helg Arbeids- og ansvarsområde:-
Legemiddelhandtering
-
Støttesamtalar i heimen
-
Praktisk bistand med opplæring
-
Miljøarbeid
-
Koordineringsarbeid - samarbeid med andre instansar
Me søkjer etter motivert og engasjert medarbeidar med gode samarbeidsevner, og som har:
-
Relevant helsefagleg utdanning
-
Har erfaring innan psykisk helsefelt.
-
Kan samarbeide tett med andre, like å jobbe i team, men også jobbe sjølvstendig
-
Er resultat- og utviklingsorientert, legg vekt på kvalitetssikring og har evne til å nå dei måla ein set.
-
Har arbeidsglede og godt humør.
-
Er positiv, initiativrik og strukturert.
-
Vil bidra til å skapa eit godt lærings- og arbeidsmiljø.
-
Det vil bli lagt stor vekt på personlege kvalifikasjonar og eignaheit.
-
Veit korleis ein skal bidra til ein god organisasjonskultur
Kvalifikasjonskrav:
-
Helsefagleg bakgrunn er ein fordel, men ikkje eit krav
-
Oppmodar studentar innan helsefag å søkje
-
Søkjar må ha sertifikat klasse B
-
Beherskar godt norsk både munnleg og skriftleg.
-
Ved tilsetjing vil det bli stilt krav om at ein legg fram politiattest av ny dato.
-
Varierte arbeidsoppgåver i eit tverrfagleg fagmiljø
-
Godt arbeidsmiljø
-
Stord ve og vel med moglegheit for leige av leilegheiter i Røldal, Husøy med båt og utleige av tilhengarar mm.
-
Lønns- og arbeidsvilkår i samsvar med kommunalt avtaleverk
-
Offentleg tenestepensjon
Kontaktperson: avdelingsleiar ambulant team Amund Sivertsen Mobil: 482 76 513 eller Einingsleiar Madelaine A. Børtveit mobil: 415 596 44
Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Stord kommune er ein industrikommune i Hordaland med ca. 19 000 innbyggjarar. Det er stor og variert aktivitet både i arbeidsliv og for fritid. Me har eit rikt kulturliv og det er gode vilkår for idretts- og friluftsliv. Her er flott natur med skog, sjø, vatn og fjell som ligg nær til for trivlege opplevingar og aktivitetar ute. Det er god kommunikasjon til Haugesund, Stavanger og Bergen. Barnehagar og skuleverket har god kvalitet. Me har m.a. vidaregåande skular, allmenn- og førskulelærar-, sjukepleiar- og ingeniørutdanning. Stord sjukehus er lokalsjukehuset for 50000 innbyggjarar i regionen Sunnhordland.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
cdead149-2c7c-4fd9-8f53-9ad0381c1dce