Vil du jobbe som sjukepleiar på korttidsavdelingane?
Bjørnafjorden kommune Luranetunet bu -og behandlingssenter
Solstrandsvegen 39, 5200 Os, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Sjukepleiarar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
4
Søk på jobben
Søk senest onsdag 25. juni
Vi har ledige stillingar for sjukepleiarar ved korttidsavdelingane våre
Luranetunet bu- og behandlingssenter har to korttidsavdelingar, begge med 20 plassar. Her kjem det inn pasientar både frå heimen og sjukehuset for behandling og rehabilitering. Rehabiliteringsavdelinga har spesialisert seg på rehabilitering og her får du høve til å arbeide i eit tverrfagleg team saman med engasjerte sjukepleiarar, helsefagarbeidarar, assistentar, treningsterapeutar, fysio- og ergoterapeut, samt lege.
Behandlingsavdelinga har spesialisert seg innan lindrande behandling og også her legg ein vekt på tverrfagleg samarbeid mellom fleire faggrupper. To av sengene ved Behandlingsavdelinga er også KAD-senger. Begge avdelingane samarbeider tett med heimebaserte tenester og fastlegen til pasientane.
Som sjukepleiar på Luranetunet bu- og behandlingssenter vil du få moglegheit til å bli kjent med alle avdelingane. Dette skapar varierande arbeidskvardagar, brei erfaring og kunnskap innan mange ulike område og du må vera førebudd på å bruka kompetansen din der behovet til ei kvar tid er størst.
AKTUELLE KANDIDATER - FORTLØPANDE...Vi ser etter deg som:- har autorisasjon som sjukepleiar, gjerne med relevant vidareutdanning.
- har eit hjarte som bankar ekstra for eldreomsorg
- liker å koordinera aktivitet og tenester i ein travel kvardag
- ser kva for oppgåver som er viktige i arbeidet med å aktivisera og stimulera bebuarane for å få fram glede og trivsel i kvardagen, samt hente ut sitt rehabiliteringspotensiale.
- evner å utføre god og omsorgsfull pleie når livet nærmer seg slutten
- deler kompetansen din og har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
- er bevisst handlingane dine og set respekt, lojalitet og etikk høgt.
- bidrar positivt til arbeidsmiljøet i avdelinga, og er villig til å bidra på andre avdelingar når det trengst.
Det vil bli lagt vekt på dine personlege eigenskapar
Søkjarar må ha gode norske språkferdigheitar, både munnleg og skriftleg
Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet
Vi gjer merksam på at du må legge fram politiattest.
Arbeidsstad
Kun nokre minuttars køyring frå Bergen ligg Luranetunet bu- og behandlingssenter. Senteret rommar 2 korttidsavdelingar og 7 langtidsavdelingar.
Luranetunet sin visjon er «Varme og vekst i samspel». Visjonen spring ut av den flotte, overbygde tropehagen på 1300 m2 i sentrum av Luranetunet. Her er det varmt og godt heile året, og aktivitet på både dag- og kveldstid.
Hagen er ein god plass å vere for bebuarar, pårørande og tilsette - og alt anna som veks og trivst når vi legg til rette for det. Ute har vi sansehage med lysthus, bærbuskar, tre og planter.
Varme og vekst står for den gode omsorga bebuarane våre skal oppleve, den personlege og fagleg utviklinga vi ønskjer for dei tilsette, og den varme velkomsten vi vil gi til pårørande og andre som kjem på besøk til oss.
Luranetunet er ein utdanningsinstitusjon med mange studentar, lærlingar og elevar i praksis og vi har eigne sjukeheimslegar i faste store stillingar.
Som helsepersonell må du vera førebudd på å arbeide utover eiga avdeling og bruka kompetansen din der behovet til ei kvar tid er størst.
Vi tek høgde for fråvær med å rekruttera helsepersonell i ei eiga ressursbemanning som skal dekke fråvær hjå fast personale.
Vil du lesa meir om Luranetunet bu- og behandlingssenter sjå vår heimeside:
Luranetunet bu- og behandlingssenter - Bjørnafjorden kommune (bjornafjorden.kommune.no)
- eit aktivt miljø, med høgt tempo, fokus på fag og gode kollegaer.
- Vi har fokus på heiltidskultur, men stillingsstorleik kan diskuterast. Stillingane inneber arbeid på dag, kveld og helg. I tillegg har vi eigne nattevaktslag med tilsette som berre jobbar nattevakter.
- Som ny i avdelinga vil du få god oppfølging og rettleiing
- Luranetunet har plan for internundervisning og det er moglegheit for relevant vidareutdanning.
- Løn etter gjeldande avtalar
- God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2943430
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3501813_196063_nn