Økonomisjef
Stranda kommune
Øyna 13, 6200 Stranda, Hybridkontor
Om jobben
Stillingstittel
Økonomisjef
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Stranda kommune søkjer etter ein engasjert økonomisjef som skal være med å leie kommuna sin økonomifunksjon inn i framtida. Økonomisjefen har ei sentral rolle i leiinga og i føretakstyringa av kommunen. Vi ser etter ein lagspelar som bidreg til god økonomistyring – og forvaltning av kommunen. Økonomisjefen vil være leiar for eigen stab, og vere sentral i samarbeidet med andre kommunar.
Stranda kommune er ei spanande kommune som skal utvikle seg mot framtida, noko som krev god økonomisk forståing av dagens situasjon og kva moglegheiter som ligg i utviklinga av kommuna.
Økonomiforvaltninga er eit samspel mellom politikk og administrasjon for å gjennomføre politiske planar og vedtak. Økonomisjefen vil være aktiv i gjennomføringa av nytt digitalt samhandlingsverktøy som skal gi samanheng i overordna planar, og danne grunnlag for berekraftig økonomistyring.
Du er ein inspirerande leiar med fagleg kompetanse og engasjement for å vere med å utvikle effektive og framtidsretta løysingar innan området økonomi. Saman med kommuneleiinga vil du være ein av pådrivarane til endring der det er naudsynt med økonomisk omstilling.
Stranda kommune og samarbeidskommunane har høg fagleg kompetanse innan ulike fagfelt, som vil kunne bidra inn i økonomisjefen sitt arbeid. Stranda kommune har eit engasjert og fagleg arbeidsmiljø, med respekt og openheit i samspel med kollegaer og nabokommunane.
Vi søkjer deg som vår nye kollega i Stranda kommune, du er klar til å ta fatt på ei spanande og utfordrande leiarstilling i ein organisasjon med stort samfunnsansvar.
Aktuelle søkjarar vil bli innkalla til intervju. Tilsettinga skjer etter gjeldande lover, reglement og tariffavtalar, herunder 6 mnd. prøvetid og 2% pensjonsinnskot. Vitnemål og attestar skal lastast opp som vedlegg til søknaden. Den som vert tilsett må framvise politiattest av nyare dato. Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om å ikkje bli ført opp på søkjarliste. Søkjar vert varsla om dette vert gjort. Jf. offentleglova § 25.
Arbeidsoppgåver
- Overordna ansvar for økonomi- og rekneskapsområdet
- Strategisk planlegging og rådgiving for kommunen si politiske og administrative leiing innanfor det økonomiske fagfeltet
- Fagleg ansvar for utarbeiding og oppfølging av budsjett
- Utarbeide økonomiske analysar og rapportar
- Fagansvar for tilsette i økonomiavdelinga
- Sakshandsaming etter behov og oppfølging av politiske vedtak
- Kontakt med finansinstitusjonar
Kvalifikasjonar
- Høgare utdanning innan økonomi/rekneskap
- Relevant erfaring frå tilsvarande rolle og/eller oppgåver
- God rekneskapsforståing
- Gode IT- kunnskapar
Personlege eigenskapar
- Gode leiar- og samarbeidseigenskapar
- Analytisk og strukturert
- Sjølvstendig
- Høg arbeidskapasitet
Vi tilbyr
- Stranda kommune kan tilby ei utfordrande og interessant leiarstilling. Du vil få ei sentral rolle i kommuedirektøren si leiargruppa med høve til å påverke, utvikle og forbetre økonomiområdet.
- Stranda kommune er open for å drøfte delvis heimekontorløysing og eventuelt anna organisering.
- Stranda kommune ligg i sentralitetssone 5 og har makspris kr 1500 ,- pr mnd for full barnehageplass.
- Offentleg tenestepensjon for nytilsette
Kontaktinformasjon
Ivar Otto Kristiansen, Kommunedirektør, 46411002, ivar-otto.kristiansen@stranda.kommune.noArbeidsstad
Øyna 136200 Stranda
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Stranda kommuneReferansenr.: 4884358754
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 01.12.2024
Om bedriften
Stranda kommune med bygdene Stranda (kommunesenter), Hellesylt, Geiranger og Liabygda ligg på indre Sunnmøre, ca. 1 times reisetid frå Ålesund. Kommunen har ca. 4.400 innbyggjarar, eit variert næringsliv med høg sysselsetting, godt utbygd barnehage- og skuletilbod inkl. 2 vidaregåande skular, eit aktivt idretts- og foreiningsliv og gode vilkår for friluftsliv sommar og vinter. Vi har det største skisenteret på Nordvestlandet, regionalt kulturhus og treningssenter.
Til å vere stolt av er kommunen sin visjon. Verdiar som omsorg, openheit, samhandling og engasjement skal danne grunnlaget for vår organisasjonskultur. Les meir om Stranda og dei kommunale tenestilboda.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2789777
- Hentet fra
talentech
- Referanse
0c57ed13f68948fdb7cdddabd1e71e1d