Undervisningsstilling (vikariat) i matematikk og naturfag
OPK-SL - Slåtthaug vgs, Vestland fylkeskommune
Slåtthaugvegen 134, 5222 Nesttun
Om jobben
- Oppstart
- 1. august 2026
- Stillingstittel
- Undervisningsstilling (vikariat) i matematikk og naturfag
- Type ansettelse
- Vikariat, deltid 85%
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest fredag 22. mai
hos oss er fargerikt og spennande, og lærarane er engasjerte og kreative. Her ser vi på alle utdanningsvegar som likeverdige, og er opptatte av at elevane skal oppleve trygg, aktiv læring i alle klasserom og verkstader. Vi har ledig eit årsvikariat (85%) i matematikk og naturfag for neste skuleår.
Arbeidsoppgåver
Undervisning i matematikk og naturfag på vg1 yrkesfag.Kvalifikasjonar
Til alle undervisningsstillingar er det krav om relevant fagleg og pedagogisk kompetanse.Det er ønskjeleg med undervisningserfaring frå vidaregåande skule.
Du har god munnleg og skriftleg framstillingsevne.
Du har god digital kompetanse.
Personlege eigenskapar
Du likar å arbeide med ungdom og er ein god rollemodell.Du har ei positiv innstilling og skaper gode relasjonar.
Du ser behova til den enkelte elev.
Du er ein god lagspelar, er god til å samarbeide og deler av kunnskapen din.
Du arbeider strukturert og systematisk.
Vi tilbyr
Løn og lønsutvikling i tråd med Vestland fylkeskommune sin lønspolitikkGode forsikrings- og pensjonsordningar
Tett kollegasamarbeid og god delingskultur
Eit inspirerande og nyskapande profesjonsfellesskap
Kontaktinformasjon
Magnhild Hakestad, rektor , 55140412, magnhild.hakestad@vlfk.noIngvill Rabben Dypevik, avdelingsleiar, 55140415, ingvill.rabben.dypevik@vlfk.no
Wenche Narum, førstekonsulent, 55140410
Arbeidsstad
Slåtthaugvegen 1345222 Nesttun
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommuneReferansenr.: 5125916123
Stillingsprosent: 85%
Vikar
Startdato: 01.08.2026
Sluttdato: 31.07.2027
Søknadsfrist: 22.05.2026
Kontaktpersoner for stillingen
Wenche Narum
førstekonsulent
55140410
Om bedriften
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
cda2d1ad-f9ba-427a-bffa-49160c907c3f
- Sist endret
7. mai 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
a89eb3a75bce4bd5b3faef86f41f8dec