Helsefagarbeider 60% fast stilling
Alver kommune
Kvernhushaugane 7, 5914 Isdalstø
Om jobben
- Stillingstittel
- Helsefagarbeider 60% fast stilling
- Type ansettelse
- Fast, deltid
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest søndag 6. desember
Om stillinga
Ved Knarvik sjukeheim, avdeling 2, har vi ledig ei helsefagarbeidarstilling i 60%. Denne stillinga har langvakter kvar 4. helg og ellers ordinære vakter på 7,5 timar. Vi har årsturnus med planlagt arbeidstidsordning over 52 veker, og det er mogleg å påverke eigen turnus frå veke 47/2027.
Om oss
Avdeling 2 har 29 pasientrom med delt korttidsgruppe og somatisk langtidsgruppe. Det er forventa å kunne gå vaktene sine på begge grupper. Vi er heldig i denne avdelinga og har mange flotte tilsette med godt fagleg engasjement og dekning. Vi har tett samarbeid med ergo/fysio, sjukeheimsleger og andre tenester. Som helsefagarbeider er det forventa at ein er primærkontakt for pasientar. Dette vil du få opplæring i.
Arbeidsoppgåver
- Sørgje for god pleie og omsorg til pasientane.
- Administrere klargjorde legemiddel frå dosett eller multidose. Få særskilt opplæring i administrering av insulin og andre injeksjonar.
- Vere primærkontakt for om lag 3–4 pasientar.
- Delta i fagutvikling.
- Vere rettleiar for elevar og nytilsette assistentar.
- Utarbeide tiltaks- og pleieplanar.
- Dokumentere i elektronisk pasientjournal.
- Bidra til eit godt og trygt arbeidsmiljø.
Kvalifikasjonskrav
- Autorisasjon som helsefagarbeidar
Beherske norsk språk både munnleg og skriftleg, tilsvarande B2 nivå
I tillegg ønskjer vi at du har:
- God digital kompetanse og forståing
Kven er du?
Vi søkjer deg som er pliktoppfyllande og glad i å arbeide. Vi søkjer ein helsefagarbeidar som har gode samarbeidsevner, men som òg kan arbeide sjølvstendig. Dersom du i tillegg er ansvarsmedviten og strukturert, kan dette vere stillinga for deg.
Avdelinga har ei todelt pasientgruppe, og det er derfor viktig at du er fleksibel og kan tilpasse deg ulike arbeidsoppgåver. Du må ha fokus på samarbeid og vere med på å nå felles mål til beste for pasientane.
Me tilbyr
- Ein meiningsfull jobb der du kan gjera ein konkret forskjell i livet til ein person / livet til mange
- Fagleg spennande arbeid
- Fagleg sterke kollega
- Godt arbeidsmiljø
- Oppfølging og rettleiing
- Moglegheit til å utvikla ferdigheitene dine i arbeid med relasjonar, sjølvstende og tilhøyrsel
- God pensjonsordning
- Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
Me er ein organisasjon i læring!
Som ein del av arbeidet vert det forventa at du bidrar til ein læringskultur ved å dela kunnskap og utvikla deg i takt med endringar i samfunnet. Du heldt deg oppdatert på relevante arbeidsverktøy, arbeidsmetoder og aktivt tek ansvar for læring, samt fagleg og personleg utvikling. Vi arbeider med å utvikle vår digitale kompetanse, og nyttar mellom anna teams i vår informasjonsflyt. Bidrag til å løysa arbeidsoppgåver med ny teknologi eller anna vert godt motteke.
Me er Alver
Me får vere der frå aller fyrste stund, og vi får følgje deg gjennom livet!
Video: https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4&ab_channel=AlverkommunePolitiattest
I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede
Kontaktperson for stillingen
Solrun Tobiassen Albrechtsen
Einingsleiar Knarvik sjukeheim avd. 2
+4740907664
Om bedriften
Sjukeheimstenesta i Alver kommune består av 5 sjukeheimar: Knarvik sjukeheim inkludert avd. Helsehuset, Lindås bu-og servicesenter, Meland sjukeheim på Frekhaug, Såtabu servicesenter og Velferdssenteret på Manger.
Sjukeheimstenesta har ca. 200 plassar fordelt på korttidsplassar og langtidsplassar for somatikk og demens, palliative plassar, rehabiliteringsplassar og plassar til rullerande avlastning.
I tillegg til sjukeheimsavdelingar er kommunalt kjøkken og ressursbank organisert i sjukeheimstenesta.Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
cd9d4dcb-e512-4e87-9743-2a97e3f61346
- Sist endret
25. november 2026
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10317281