Hopp til innhold

Sjukepleiar - 100% fast - Meland sjukeheim

Arbeidsgiver

Alver kommune

Sted

Havnevegen 14, 5919 Frekhaug

Om jobben

Stillingstittel
Sjukepleiar - 100% fast - Meland sjukeheim
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
2
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest lørdag 12. desember

Om stillinga

 Vi har for tida ledig sjukepleiarstilling i todelt turnus ved Meland sjukeheim.  Vi kan tilby 100% stilling som sjukepleiar i todelt turnus med arbeid kvar 3. helg.  Kan og vere mulig med arbeid kvar 4. helg med langvakter i todelt turnus.  Personalansvaret for denne stillinga vil ligge til den eine av avdelingane, men ein må kunne jobbe på alle avdelingar ettersom  behovet forandrar seg. 

Vi har også ledig sjukepleiarstilling på natt i inntill 80 %. Denne stillinga er tilknytta avdeling Solkroken.


Arbeidsoppgåver

Som sjukepleiar vil du i samarbeid med kollegaene dine vere med og organisere arbeidsdagen til beste for pasientane på avdelingane på Meland sjukeheim. Du arbeider godt i team, men også sjølvstendig. Du vil utføre sjukepleiefaglege prosedyrar, er med i eit tverrfaglig samarbeid og du har eit tett samarbeid med pasient og pårørande. Sjukeplearar jobbar med ansvarsordning på kveld og helg med ansvar for alle avdelingar.  Dette er ein ekstra ressurs som gir rask tilgang til sjukepleikompetanse på alle avdelingar. 

Som sjukepleiar på natt ved Meland sjukeheim vil du ha det sjukepleiarfaglege ansvaret på tvers av alle avdelingane, noko som bidreg til auka kompetanse og nye utfordringar for tilsette.


Om Meland sjukeheim

Meland sjukeheim har tre avdelingar, med fokus på dei som lever med demens, dei som treng langtidsopphald og dei som har rehabiliteringsbehov. Vår visjon er: Omsorg med livsglede og kompetanse.

Nordgardstunet er ei somatisk sjukeheimsavdeling med 24 pasientar som har ulike behov. Pasientane som er hos oss har fast plass og vi er særleg opptatt av å legge tilrette for livsglede for dei som har fått flytta heimen sin hit. Du vil få faglege utfordringar med koplekse sjukdomsbilde, og vi ønskjer gjerne at du skal ha brei sjukefagleg kompetanse/erfaring. Vi har eit godt arbeidsmiljø med lite utskiftning på faste tilsette, og mange som har heile stillingar. Meland sjukeheim arbeider med å styrkje kvalitet på tenesta. Verkemiddel her er mellom anna arbeid med årsturnus og heiltidskultur.

Lerketunet ei avdeling med 12 plassar for personer som lever med demenssjukdom og treng ekstra tilrettelegging knytt til dette. Her er det fokus på miljøarbeid, og vårt mål er å skape eit trygt og omsorgsfullt miljø der bebuarane kan få den støtta og omsorga dei treng. Gjennom eit kompetent team vil vi fokusere på individuell tilnærming og aktivisering, slik at kvar enkelt kan oppleve glede og livskvalitet.

Solkroken er ein kortidsavdeling, med fokus på rehabelitering hos pasienter som er i behov for dette. Vi har 14 sengeplassar, fordelt på 11
pasientrom. Hos oss får vi inn pasientar med ulike behov; kartlegging, rehabilitering, avlastning og lindring. På Solkroken arbeider vi tverrfagleg i samarbeid med fysio- og ergoterapitenesta, sjukeheimslege, heimeteneste, spesialhelsetjenestene og forvaltning. Pasientane våre har samansette utfordringar og er i forskjellige aldersgrupper. Vi har eit aktivt miljø og det er viktig at du kan snu deg fort når du arbeider hos oss.
Arbeidsmiljøet vårt er prega av fleksibilitet og samhold, og det er god fagkompetanse hos dei tilsette ved Solkroken.
Som nattevakt på Meland sjukeheim vil du vere med på å ivareta pasientane på heile Meland sjukeheim, men du vil vere organisert under
avdeling Solkroken.

 


Kvalifikasjonskrav

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • Gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg
  • Dersom du er utdanna utanfor Norden treng du godkjend B2 - test

Kven er du?

Vi søkjer etter ein fagleg dyktig sjukepleiar med genuint engasjement for eldreomsorg som vil bidra til å utvikle sjukeheimstenesta i kommunen vår. Du er ein god rollemodell som kan arbeide både sjølvstendig og i team. Du har gode samarbeids og kommunikasjonsevner, og bidrar til eit godt samarbeid med pårørande, kollegaer og andre.


Vi tilbyr

  • Engasjerte, flotte og framtidsretta kollegaer
  • Eit positivt og inkluderande arbeidsmiljø
  • Ein aktiv kvardag med mange spennande og varierte utfordringar
  • Fagleg utvikling
  • Årsturnus
  • Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
  • God pensjonsordning gjennom KLP
  • Sjukepleiarar i Alver kommune ligg for tida kr 10.000,- over garantiløn etter Hovudtariffavtalen

Politiattest

I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.


Vi er Alver

Bli kjent med Alver kommune!

Video: https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4&ab_channel=Alverkommune

Kontaktpersoner for stillingen

Cathrine Lyngset Thorvaldsen

Einingsleiar Lerketunet

+4796610763

cathrine.lyngset.thorvaldsen@alver.kommune.no

Solveig Lygren Pettersen

Einingsleiar Solkroken

+4796610363

solveig.lygren.pettersen@alver.kommune.no

Linda Abrahamsen

Einingsleiar Nordgardstunet, Meland sjukeheim

+4740907665

linda.abrahamsen@alver.kommune.no

Om bedriften

Sjukeheimstenesta i Alver kommune består av 5 sjukeheimar: Knarvik sjukeheim, Lindås bu-og servicesenter, Såta bu- og servicesenter,
Meland sjukeheim på Frekhaug og Velferdssenteret på Manger. Sjukeheimstenesta har ulike plassar fordelt på korttidsplassar og
langtidsplassar for somatikk og demens, palliative plassar, rehabiliteringsplassar og plassar til rullerande avlastning.
I tillegg til sjukeheimsavdelingar er kommunalt kjøkken og omsorg+ organisert i sjukeheimstenesta.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

242128cb-e34e-4f01-95d0-026e748a96b3

Sist endret

25. november 2026

Hentet fra

jobbnorge

Referanse

10317257

Lignende annonser

Laster lignende annonser