Vi søker erfaren økonom/controller
Statens helsetilsyn
Møllergata 24, 0179 Oslo
Om jobben
- Stillingstittel
- 2026/03 - Seniorrådgivar (fast stilling) - økonom/kontroller
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidstid
- Dagtid, ukedager
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 8. september
Er du ein allsidig person med erfaring frå økonomi- og prosjektarbeid? Likar du å ligge i forkant av prosessar og sjå moglegheiter der andre ser avgrensingar? Da vil vi høyre frå deg!
Vi er på jakt etter ein strukturert økonom/controller som trivast i ein organisasjon i utvikling. Hos oss vil du arbeide med både controlleroppgåver og andre økonomioppgåver, samt bidra til å utvikle og sikre god styringsinformasjon. Du vil vere ein viktig sparringspartnar og rådgivar for leiarar og kollegaer, og du vil jobbe tett saman med andre tilsette i arbeidet med budsjett, kontraktar, rapportering og økonomioppfølging.
Vi ser etter deg som er analytisk og kvalitetsbevisst. Du liker å bidra, trivast med varierte oppgåver og bruker digitale verktøy for å skape gode og effektive arbeidsprosessar.
Derfor vil du trivast hos oss- Du får bidra til utvikling og forbetring i ein organisasjon med eit viktig samfunnsoppdrag.
- Du får ei sentral rolle i økonomistyring, oppfølging og utvikling av god styringsinformasjon i Helsetilsynet.
- Du får varierte oppgåver innan blant anna budsjett, rapportering, kontraktar og økonomioppfølging.
- Du vil arbeide i eit lite og kompetent økonomiteam som samarbeider tett med alle avdelingar.
Statens helsetilsyn bruker økonomitenester frå Direktoratet for forvaltning og økonomistyring (DFØ).
Stillingen er plassert i avdeling for verksemdstyring som har ei viktig rolle i utviklingsarbeidet i Helsetilsynet. Avdelinga har mellom anna ansvar for verksemdstyring, økonomi, HR/personalforvalting, digitalisering og avtaleforvalting for tenester frå Norsk helsenett.
Dette skal du gjere
- Controlleroppgåver og andre økonomioppgåver
- Følge opp prosjekter for å sikre fagleg støtte til leiinga og robust prosjektgjennomføring
- Budsjettering, oppfølging av rekneskap og prognosar, økonomisk analyse og rapportering av resultat
- Bidra til utvikling og forbetring av system, verktøy og metodar
- Bidra til å utvikle og sikre god styringsinformasjon for leiing og verksemdstyring
- Elles vil du ha allsidige oppgåver innanfor det administrative ansvarsområdet til avdelinga
Kompetansen vi ser etter
Du må ha:- relevant økonomifagleg utdanning på masternivå. Utdanning på bachelornivå, med solid og relevant erfaring på minimum 5 år kan kompensere for utdanningskravet
- relevant erfaring med controllar- og økonomioppgåver
- god munnleg og skriftleg framstillingsevne
- god digital kompetanse, inkludert erfaring med analyseverktøy
- erfaring frå offentleg forvalting
- kunnskap om statleg økonomiforvalting, statleg regelverk og økonomisystem
- erfaring med å formidle styringsdata på ein klar og relevant måte
- erfaring med utarbeiding av gevinstplanar samt oppfølging og realisering av gevinstar i prosjekt og endringsinitiativ
Personlege eigenskapar vi legg vekt på
- Ha evne til å arbeide strukturert, analytisk og sjølvgåande
- Ha god gjennomføringsevne og være initiativrik
- Ha gode samarbeidsevner og trivast med å dele kunnskap, erfaringar og informasjon
- Ha godt norsk språk, munnleg og skriftleg
Vi legg stor vekt på at du er personleg eigna.
Dette får du hos oss
I Helsetilsynet får du arbeide med eit viktig samfunnsoppdrag i ein fagleg sterk organisasjon. Arbeidet vårt skal bidra til at innbyggarane får enda bedre tenester innen helse, omsorg, barnevern og sosial. Les den nye strategien vår: Helsetilsynets og statsforvalternes felles strategi for tilsyn med barnevern, sosial- og helsetjenestene 2025-2035
Konkret betyr det at du får:- lønn som seniorrådgivar innanfor lønnsspennet: kr 750 000 - 900 000. Ved særleg kvalifiserte søkarar kan høgere lønn bli vurdert. Frå lønna blir det trekt 2 % lovfesta innskot til Statens pensjonskasse, noko som gir deg gode ordningar for pensjon, lån og forsikringar i Statens pensjonskasse
- fleksibel arbeidstid og moglegheit til å trene ein time i veka i arbeidstida
- moglegheit til å arbeide heimanfrå inntil to dagar i veka hvis oppgåvene du skal løyse er eigna for det
- 130 nye medarbeidarar med arbeidsstad sentralt i Oslo med sykkelgarasje og eige trimrom. Hausten 2027 flyttar vi til nye, moderne lokaler i Fredrik Selmers vei 2 på Helsfyr
Mangfald er viktig i Statens helsetilsyn. Vi ønsker at kvalifiserte kandidatar søker jobb hos oss uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, hol i CV-en, etnisk eller nasjonal bakgrunn. Vi oppfordrar søkarar til å krysse av i jobbportalen dersom dei har funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Du kan lese meir om positiv særbehandling her: https://arbeidsgiver.difi.no/positivsaerbehandling.
Vitnemål og attestar skal legges ved søknaden. Tilgang til Vitnemålsportalen vil bli etterspurd for kandidatar som er aktuelle for stillinga. Utdanning frå utlandet må vere godkjent av NOKUT eller Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Som del av tilsettinga kan det bli gjort nødvendige bakgrunnssjekkar i samarbeid med ekstern leverandør. Aktuelle kandidatar vil i så fall få beskjed.
Søkarlista er offentlege. Ber du om å bli unnateke og vi ikkje kan innvilge det, gir vi deg beskjed (offentlegloven § 25).
For å sikre ei meir effektiv og rettferdig vurdering av søknader, brukar vi kunstig intelligens (KI) som støtte i vår rekrutteringsprosess. Dette innebere at søknadsdokumenta dine kan bli analysert av ei KI-basert løysning levert av vår systemleverandør, Talentech. KI blir berre brukt som eit støtteverktøy – alle endelege vurderingar og avgjerder blir tatt av menneske.
Kontaktinformasjon
Max Demuth, Underdirektør, +47 21 52 98 22, mad@helsetilsynet.noArbeidssted
Møllergata 240179 OSLO
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Statens helsetilsynReferansenr.: 5072744396
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 08.09.2026
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
cd7c9426-a029-4088-a6a8-5e84811cb424
- Sist endret
25. august 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
feae5f4193074fe1b5845f233c06a164