Controller med driftsoppgåver
Nav hjelpemiddelsentral Vestland, Førde
Steinavegen 12, 6800 Førde
Om jobben
- Stillingstittel
- Controller med driftsoppgåver
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidstid
- Dagtid, ukedager
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest mandag 28. september
Nav hjelpemiddelsentral Vestland Førde har ledig ei 100 % fast stilling som controller med utvida driftsoppgåver. Vi ønskjer å styrkje kapasiteten og kompetansen innan økonomi- og verksemdsstyring i ei verksemd med stadig meir omfattande og komplekse oppgåver.
Stillinga må kombinerast med driftsansvar for økonomi- og verksemdsstyring, eigedomsrelaterte oppgåver og utviklingsarbeid. Den som blir tilsett må kunne arbeide både analytisk og strategisk, men også vere villig til å ta tak i praktiske og administrative oppgåver når verksemda har behov for det. Stillinga er tenkt å vere som ein viktig ressurs for leiargruppa med ansvar for å bidra til god styring, effektiv drift og vidare utvikling av Nav hjelpemiddelsentral Vestland Førde. Du vil òg vere del av eit nasjonalt fagnettverk med controllarar frå hjelpemiddelsentralar over heile landet, noko som gir gode moglegheiter for fagleg utvikling og erfaringsdeling.
er ein del av Nav hjelpemidler og tilrettelegging, som består av om lag 1 400 tilsette fordelte på 14 hjelpemiddelsentralar i heile landet.
Vi er eit nasjonalt ressurs- og kompetansemiljø med brei kunnskap om funksjonsnedsetjingar og korleis hjelpemiddel, teknologi og tilrettelegging kan fremje aktivitet, deltaking og meistring. Gjennom tett samarbeid med brukarar, kommunar, arbeidsgivarar og andre samarbeidspartnarar bidreg vi til at fleire kan delta aktivt i arbeid, utdanning og samfunnsliv. Nav hjelpemiddelsentral Vestland Førde er eit ressurs- og kompetansesenter lokalisert i Førde, med 35 tilsette fordelt på to avdelingar. Vi har eit overordna og koordinerande ansvar for formidling og forvaltning av tekniske hjelpemiddel i tidlegare Sogn og Fjordane.
Gjennom rådgiving, rettleiing, kurs og opplæring bistår vi kommunar, arbeidsgivarar og andre samarbeidspartnarar. Vi arbeider tverrfagleg og har spesialkompetanse innan tilrettelegging i heim, skule, arbeid og fritid.
Verksemda omfattar òg lager, teknisk verkstad, ombrukstenester, ambulerande tekniske tenester og servicetenesta, som saman med Vestfold og Telemark og Oslo er eit nasjonalt senter for alle dei 14 hjelpemiddelsentralane i landet.
Målet vårt er å bidra til at menneske med funksjonsnedsetjingar kan leve aktive og sjølvstendige liv gjennom gode hjelpemiddel, teknologi og tilrettelegging.
Om Nav hjelpemiddel og tilrettelegging
Nav hjelpemiddelsentral Vestland Førde er ein del av Nav hjelpemidler og tilrettelegging, som består av om lag 1 400 tilsette fordelt på 14 hjelpemiddelsentralar i heile landet.
Vi er eit nasjonalt ressurs- og kompetansemiljø med brei kunnskap om funksjonsnedsetjingar og korleis hjelpemiddel, teknologi og tilrettelegging kan fremje aktivitet, deltaking og meistring. Gjennom tett samarbeid med brukarar, kommunar, arbeidsgivarar og andre samarbeidspartnarar bidreg vi til at fleire kan delta aktivt i arbeid, utdanning og samfunnsliv.
Arbeidsoppgaver
Controllerstillinga utgjer ca. 50% og er ei kombinert controller- og utviklingsstilling med ansvar for økonomi- og verksemdsstyring, analyse, rapportering og internkontroll, samstundes som ein bidreg til drift, organisasjonsutvikling og forbetringsarbeid.
Stillinga omfattar òg eigedomsrelaterte oppgåver, utviklings- og stabsoppgåver, samt andre oppgåver etter verksemda sine behov.
Nav hjelpemidler og tilrettelegging er i utvikling, og vi arbeider aktivt for å styrkje samarbeid og ressursutnytting på tvers av hjelpemiddelsentralane. Dette kan føre til at arbeidsoppgåver og ansvarsområde blir justerte i tråd med framtidige behov.
Kvalifikasjoner
Vi ser etter deg som har- Bachelorgrad innan økonomi, administrasjon, rekneskap, revisjon eller tilsvarande relevant fagområde.
- God kompetanse i Excel og andre digitale verktøy.
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk.
- erfaring frå relevante arbeidsoppgåver innan økonomi- og verksemdsstyring, analyse, rapportering, internkontroll eller anna utviklings- og stabsarbeid.
- minst 2-3 års relevant arbeidserfaring.
- erfaring frå offentleg verksemd
Personlige egenskaper
Vi ser etter deg som er:
- strukturert,og analytisk
- oppteken av kvalitet
- sjølvstendig og initiativrik
- proaktiv og lærevillig
- fleksibel og løysingsorientert
- tillitsskapande og relasjonssterk
- gode på samarbeid og kommunikasjon
- tydeleg og trygg formidlar
- komfortabel med både strategiske og operative oppgåver
Vi vil leggje stor vekt på personleg eignaheit
Vi tilbyr
Om du blir tilsett hos oss, får du:- Spanande og meiningsfylte arbeidsoppgåver knytte til eit viktig samfunnsoppdrag
- Engasjerte og dyktige kollegaer i eit godt arbeidsmiljø
- Fleksitidsordning
- Moglegheit for trening i arbeidstida
- Moglegheit for ein fleksibel arbeidskvardag med hybride løysingar
- Tilsetting som rådgivar (stillingskode 1434)
- Løn frå kr 639. 000 til kr 690. 000 per år
- Gode pensjons-, forsikrings- og låneordningar gjennom Statens pensjonskasse
Kontaktinformasjon
Bente Solheim, Controller , 40702814Frode Hovland, avdelingsdirektør, 48108828
Arbeidsstad
Steinavegen 126800 Førde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: NavReferansenr.: 5163505905
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 28.09.2026
Kontaktpersoner for stillingen
Frode Hovland
avdelingsdirektør
48108828
Bente Solheim
Controller
40702814
Om bedriften
Nav søker ansatte med hjerte for mennesker og våre fagområder. Vår visjon er å gi mennesker muligheter, og dette gjør vi ved å utvikle Norges beste arbeids- og velferdstjenester.
Nav består av 22 000 kompetente og engasjerte medarbeidere. Vi jobber tverrfaglig i sterke fagmiljøer. Hos oss skal arbeidsmiljøet preges av involvering, åpenhet og tillit.
Mangfold er viktig i Nav. Mangfold bidrar til bedre problemløsing, økt kreativitet, større fleksibilitet og styrker kulturen og arbeidsmiljøet på arbeidsplassen. Vi oppfordrer derfor kandidater med ulik bakgrunn til å søke på stillinger hos oss, spesielt om du har hull i CV-en, innvandrerbakgrunn eller nedsatt funksjonsevne.
Når du søker jobb hos oss, vil navnet ditt stå på en offentlig søkerliste. Ønsker du å bli unntatt fra offentlig søkerliste må du begrunne dette. Del gjerne ditt vitnemål eller karakterutskrift via vitnemålsportalen.no.
NAVstilling
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
bcb70e12-ed04-4d8d-a0f7-1e1f11686b86
- Sist endret
9. september 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
3b3c19a78fdf427690cf71f03c70d0c5