100% stilling som lærar
Brandsøy skule
Slettevollsholten 11, 6900 Florø
Om jobben
Stillingstittel
100% vikariat som lærar
Oppstart
1. august 2023
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Antall stillinger
1
Frå hausten 2023 har vi om lag 100 elevar på skulen og 31 barn i barnehagen. Hos oss har vi totalt 25 fagleg dyktige, kreative, omsorgsfulle, tydelege og varme lærarar, fagarbeidarar og assistentar i kollegiet. Vi prioriterer samhold og arbeidsmiljø høgt, og legg til rette for sosiale samlinger regelmessig, i tillegg til at vi sidestiller teambuilding og fagleg utvikling. Vi har ein inkluderande og imøtekommande profil, og bruker tid på å bygge det aller beste laget rundt barna som går her hos oss.
For skuleåret 2023-2024 har vi ledig vikariat som 100% lærar, som kan gå over i fast stilling frå hausten 2024.
.
Arbeidsoppgåver
- Kontaktlærar i 1.-4. klasse skuleåret 2023-2024
- Bidra til eit trygt, godt og inkluderande læringsmiljø
- Utøve god klasseleiing
- Delta og bidra i eit lærande fellesskap på skulen
- Samarbeide med andre faginstansar
Kvalifikasjonar
- Godkjent undervisningskompetanse for undervisning i 1.-7. klasse
- Interesse for, og erfaring med, digitale læringsverktøy for å fremme elevane si læring
- Godt kjent med LK 2020
- Er du søkar utanfor Skandinavia, må du ha bestått norskprøve B2 skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som er genuint opptatt av elevane si læring, meistring og trivsel. Du er tydeleg og varm klasseleiar, og du bidreg til eit trygt og godt skulemiljø. Du tilpassar opplæringa etter elevane sitt behov, og ser barnet både som individ og som ein del av eit fellesskap. Du er god på samarbeid, både med kolleger, andre faginstanser og føresette - og bidreg positivt inn i kollegiet. Du er utviklingsorientert, endringsvillig og løysingsorientert.Vi tilbyr
Eit nytt og moderne skulebygg og eit godt profesjonsfellesskap. Eit arbeidsmiljø med mykje humor og positivitet. Spanande og varierte arbeidsdagar. Kontorfellesskap med store og gode arbeidsplassar. Lønns- og arbeidsvilkår som er fastsett i lov og avtaleverk. Vi har eit særleg fokus på oppfølging av nyutdanna lærarar.Kontaktinformasjon
Monica Bøhmer, Rektor Brandsøy skule, 90837323Arbeidsstad
Slettevollsholten 116900 Florø
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Kinn kommuneReferansenr.: 4638818984
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 01.08.2023
Sluttdato: 31.07.2024
Søknadsfrist: 05.04.2023
Om bedriften
Vår visjon:
I Kinn har vi gode fungerande lokalsamfunn, der vi realiserer det store potensiale på kysten, flotte bu- og fritidsområde og ei berekraftig utvikling. Vi er ein av dei største kommunane i Vestland fylke med våre 17.131 innbyggarar. Som arbeidsgjevar har vi med oss 1632 tilsette, og vi ønskjer deg velkommen med på laget. I alle stillingar knytta til helse og velferd og alle stillingar i oppvekst - må tilsette pårekne koordinatoransvar.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2289513
- Hentet fra
talentech
- Referanse
1ff2fd9c3185417f83cf40dbbf58a78d