Vi søkjer engasjert og reflektert erfaringskonsulent
Austevoll kommune Psykisk helse, rus og kreftomsorg
Birkelandsvegen 6, 5392 Storebø
Om jobben
Stillingstittel
Erfaringskonsulent
Type ansettelse
Fast, deltid 40%
Antall stillinger
1
Helse og velferd er ei eining med om lag 200 tilsette og blir leia av kommunalsjef. I denne eininga inngår pleie - og omsorgstenester, tildelingskontor, legetenesta, jordmortenesta, ergoterapi- og fysioterapitenesta, miljøarbeidertenesta, NAV, psykisk helse og rus og frivillig arbeid. Helse og velferd har som mål å fagleg leggje til rette med tenester tilpassa den einskilde sitt behov, slik at kvar og ein skal ha eit trygt, meiningsfylt og innhaldsrikt liv.
Vi søkjer ein erfaringskonsulent til eit spennande engasjement i 40% stilling i 1 år, med mogelegheit for forlenging. Vi legg til rette for at stillinga kan kombinerast med andre stillingar i og utanfor kommunen.
Din arbeidsstad vil vere på Helsehuset i kommunen i avdeling psykisk helse og rus. Arbeidsdagen din vil vere variert og du har mogelegheit for å påverke korleis kvardagane din vil sjå ut.
Eit av måla med stillinga er å bidra til auka fokus på brukarmedverking i vår verksemd.
Som erfaringskonsulent er det viktig at du ønskjer å styrke brukarperspektivet til det beste for brukarar, pårøyrande og tenestene. Du er oppteke av å gje gjenkjennelse og håp, samtidig som du er oppteke av å vere ein brobygger mellom brukarar, pårøyrande og psykisk helse og rus.
Ansvars- og arbeidsoppgåver
Hovudoppgåve vil vere planlegging og utvikling av aktivitetstilbod retta mot brukargruppar
Informasjons- og opplysningsarbeid internt og eksternt, i tillegg til å utvikle lærings- og mestringstilbod for brukargruppar og pårøyrande i samråd med fagfolk
Kontakt med samarbeidspartar (kommuner, brukarorganisasjonar og frivillige organisasjonar o.a.)
Vere eit bindeledd mellom brukarorganisasjonar og psykisk helse og rus
Kvalifikasjonar
Fullført vidaregåande skule, fortrinnsvis innan helse- og sosial
Søkjarar med fullført Medarbeidarar med brukarerfaring utdanning (MB-utdanning), og eller godkjenning som IMR-terapeut kan bli prioritert over andre kvalifikasjonar
Fortrinnsvis eigen erfaring som brukarmedvirkar, pårøyrande erfaring innan psykiske lidelser særleg knytt til angst, depresjoner, psykoselidelser og rus
Du har eit avklart forhold til eigen liding
Søkjarar må vere personleg eigna for stillinga. Vi søkjer deg som:
Har evne til å arbeide sjølvstendig, systematisk og tenker langsiktig
Har gode samarbeidsevnar
Har gode IT kunnskapar
Har gode framstillingsevnar
Er fleksibel
Vi tilbyr:
Moglegheit for fagleg utvikling i eit godt og positivt fagmiljø
Spennande utfordringar
Løn etter avtale
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Korleis søke på stillinga?
Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka "Søk stilling" på denne sida.
Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar.
Søknader kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar i kommunen.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort.
Link til søknadsskjema: Søk her
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2288302
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3134335_200595_nn