ID 934 Vernepleiar / sjukepleiar 100 % fast stilling
Havahuset Bu- Og Servicesenter Psykisk Utviklingshemma
Fitjar, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Vernepleier
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus, dagtid og kveld, alle dager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Har du lyst på ein spanande og utfordrande stilling i eitt av Fitjar kommune sine beste omgjevnadar? Havnahuset ligg fint ved sjøen, me har kanskje kommunen si beste tomt..? Med flott uteområde, og fine fellesareal som er knytt til leilegheitene.
Me har mange flotte medarbeidarar i eininga, og søkjer no etter ny sjukepleiar/vernepleiar som kan jobba sjølvstendig og i team, har arbeidsglede, likar utfordringar og har evne til å vera løysingsorientert. Du har interesse for habilitering og miljøarbeid, har godt humør og evne til å motivera og engasjera. Du er positiv, initiativrik, likar å vera aktiv . Personlege eigenskapar vil bli vektlagt ved tilsetting. Erfaring frå liknande arbeid er ynskjeleg.
Me treng deg som:
- Er strukturert og pliktoppfyllande
- Er stabil og påliteleg
- Er kreativ og praktisk, likar å arbeide både ute og inne
- Gi omsorg, skapa tryggleik og livskvalitet
- Har gode samarbeidsevne
Kvalifikasjonskrav:
- Sjukepleiar eller vernepleiar
- Førarkort klasse B, manuell gir
- God norsk framstillingsevne både munnleg og skriftleg, og gode grunnleggande datakunnskapar
Ved tilsetjing vert det stilt krav om at ein legg fram politiattest av ny dato.
Me kan tilby:
- Varierte arbeidsoppgåver i eit tverrfagleg fagmiljø
- Godt arbeidsmiljø
- Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med kommunalt avtaleverk
- Offentlig tenestepensjon i KLP
Søknadsfrist: snarast, innkalling til intervju fortløpande
Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.
Kontaktpersonar: Avdelingsleiar Kristin Vestbøstad mobil: 90364253 eller einingsleiar Lillian Kongestøl Vik 97466296
Om bedriften
Eining for habilitering yt tenester til menneske med nedsett funksjonsevne. Me har hovudkontor i Havnahuset bu og servicesenter. Eininga yt blant anna heildøgns omsorgsteneste i 3 bustadar og eit dagtilbod. Det er ledig stilling som sjukepleiar/vernepleiar på Havnahuset bu og servicesenter
På Havnahuset eining for habilitering bur det for tida 7 vaksne menneske som har ulike hjelpebehov i kvardagen. Arbeidsoppgåvene vert å følgje opp bebuarane i kvardagen med alle daglege gjeremål dette inneber. Oppfølging av tiltaksplan, medisinansvar, koordinator. I kvardagen føl me med bebuarane som skal på dagtilbod, og jobbar her ilag med bebuarane, med ulike praktiske oppgåver. Sjå gjerne facebook sida vår til Bakken dagtilbod for å sjå alt det flotte som vert laga der!
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2704718
- Sist endret
1. september 2024
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
cd40ee4a-9933-42c6-ae29-35cbb10798c3