Er du lege som ikkje har fått turnusplass?
Medisinsk og ortopedisk seksjon Lærdal sjukehus, Helse Førde
Sjukehusvegen 9, 6887 Lærdal
Om jobben
Stillingstittel
Er du lege som ikkje har fått turnusplass? Vi treng deg!
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Antall stillinger
3
Lærdal sjukehus har i perioden 22.02.2024 - 01.09.2024 behov for legevikar på Medisinsk og Ortopedisk seksjon.
Lærdal sjukehus treng legevikarar på Medisinsk og Ortopedisk seksjon. Skriv i søknaden kva stilling du føretrekk.
Lærdal sjukehus er ein del av Helse Førde HF.
Vi søkjer deg som tar ansvar, har pasienten i fokus og samarbeider godt med andre. Vi kan tilby deg varierte medisinsk- og ortopedisk faglege utfordringar, og eit godt arbeidsmiljø.
Du vil få oppgåver knytt til sengepost, poliklinikk, visittgang og vaktarbeid på Medisinsk og Ortopedisk seksjon. Du vil på vakt også ha ansvar for skadepoliklinikken. På alle vakter har du erfarne overlegar på bakvakt. Skadepoliklinikken har 24-timars døgnberedskap og handterar dei fleste mindre skader og brudd.
Lærdal er ein kommune og eit dalføre i Vestland som strekker seg frå Sognefjord i vest til fylksegrensa på Filefjell og Hemsedalsfjell i aust. Lærdal ligg innerst i Sognefjorden med god kommunikasjon til Oslo og Bergen. Her er fantastisk natur med flott turterreng i nærområdet, sommar som vinter.
Arbeidsoppgåver
- Varierte oppgåver knytt til mottak av pasientar, akutt og planlagd innlegging, oppfølging og utskriving av pasientar på sengepost og poliklinikk
- Stillinga inngår i tredelt plan med arbeid på dag/kveld/natt og arbeid 3. kvar helg.
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som lege med full rekvisjonsrett - Cand med.
- Gode kunnskapar i norsk både munnleg og skriftleg
- Søkjarar utanfor Skandinavia må dokumentere kunnskap i norsk skriftleg og munnleg
- Gode IKT kunnskapar
- Kjennskap til DIPS Arena og Meona er ein fordel
Personlege eigenskapar
- Ha gode samarbeidsevner og vere fleksibel
- Tåle tidvis høgt tempo
- Ha pasienten i fokus
Vi tilbyr
- Utviklande arbeid
- Godt arbeidsmiljø
- Hjelp med å skaffe bustad
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Personalhytte på Filefjell
Kontaktinformasjon
Hrafnhildur Yr Elvarsdottir, Leiar Medisinsk- og Ortopedisk seksjon LSH, (+47) 415 30 456Arbeidsstad
Sjukehusvegen 96887 Lærdal
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse FørdeReferansenr.: 4736360597
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Søknadsfrist: 17.12.2023
Om bedriften
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 000 tilsette og eit budsjett på over 3,2 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønskjer å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2496627
- Hentet fra
talentech
- Referanse
8ec34d91e63b4e0fa40548953b215180