Ledige stillingar som fagarbeidar og assistent
Oppvekst, Gloppen kommune
Grandavegen 9, 6823 Sandane, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Fagarbeidar/assistent i oppvekst 2025/26
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 4. mai
Vi treng nye medarbeidarar i grunnskulane for skuleåret 2025/26.
Skulane i Gloppen har ledig fleire delstillingar for fagarbeidar og assistent for komande skuleår. Stillingane vil i utgangspunkt vere tilsett på skuleår, med unntak for stillingar knytt til SFO. Dei mest aktuelle arbeidsstadane er Sandane skule, Nordstranda skule og Gloppen Ungdomsskule. Andre skular kan også bli aktuelle. Det er i utgangspunktet vikariat/mellombelse stillingar, men med mogelegheit for fast tilsetjing. Vi vil sjå stillingane i samanheng for å kunne vurdere om dei let seg kombinere for større stillingsprosentar.
Vi oppmodar deg som jobbar i mellombels stilling i kommunen til å søkje på denne utlysinga. Gjer vel og prioriter arbeidsstad i søknaden.
Arbeidsoppgåver
Hovudoppgåver i skulen
- Arbeid på skulefritidsordning (SFO)
- Arbeid med enkeltelevar eller i grupper
Kvalifikasjonar
- Vi søkjer primært etter fagarbeidar, andre utdanningar, erfaringar og bakgrunnar kan bli vurdert på lik linje med fagarbeidar.
- Kunnskap om teikn til tale/ASK vil vere ein fordel.
- Praksis frå arbeid med barn.
- Søkjar må vere stødig i norsk, både munnleg og skriftleg.
Personlege eigenskapar
- Positiv innstilling til arbeid med barn med ulike hjelpebehov.
- Evne til å bidra til gode relasjonar med elevane og kollegane.
- Kunne stå i utfordrande situasjonar.
- Fleksibilitet og engasjement.
- Vilje og evne til å arbeide sjølvstendig og i team.
Vi tilbyr
- Arbeidsplass med fokus på fag og utvikling.
- Eit godt arbeidsmiljø med engasjerte og dyktige kollegaer.
- Løn etter tariff i samsvar med godkjend utdanning og praksis.
- Tilsetjing på vanlege kommunale vilkår med offentleg tenestepensjon i KLP.
For tilsetjing gjeld ei prøvetid på seks månader.
Det må leverast politiattest før tiltreding.
Kontaktinformasjon
Ragnhild Laila Bruvoll, Rektor Gloppen ungdomsskule, 418 03 716Linn Kristin Øren, Rektor Sandane skule, 913 31 262
Elisabeth Sunde Andenes, Rektor Nordstranda skule, 958 69 279
Per Arne Strand, Kommunalsjef Oppvekst, +47 957 78 875
Arbeidsstad
Grandavegen 96823 Sandane
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Gloppen kommuneReferansenr.: 4949191960
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 04.05.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Per Arne Strand
Kommunalsjef Oppvekst
+47 957 78 875
Elisabeth Sunde Andenes
Rektor Nordstranda skule
958 69 279
Linn Kristin Øren
Rektor Sandane skule
913 31 262
Ragnhild Laila Bruvoll
Rektor Gloppen ungdomsskule
418 03 716
Om bedriften
Gloppen kommune, med Sandane som kommunesenter, har om lag 5.800 innbyggjarar og er ein del av Nordfjord sin felles bu- og arbeidsmarknad på 40 – 50.000 menneske. Flyplassen i Nordfjord - Sandane lufthamn - ligg i Gloppen, og vi har gode kommunikasjonar til resten av fylket og landet.
Kommunen har eit stort og aktivt miljø innan musikk, idrett og kultur, og kommunen har vore kåra som både årets kulturkommune og årets musikkommune. Vi har flott natur og det er godt tilrettelagt for friluftsliv sommar som vinter. Vi har symjehall, idrettshall, kino og konsertsal. Fine forhold for stisykling. Her er alpinsenter og fleire langrennsløyper.
Gloppen har gode barnehagar og skular, og gode offentlege tenester. Kommunen har i tillegg til grunnskule og kulturskule også folkehøgskule og vidaregåande skule. Næringslivet i kommunen er variert og prega av optimisme.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2919570
- Hentet fra
talentech
- Referanse
8b1663f476b44ac5b989ae893d9a4219