Kommunikasjonsrådgjevar -- Digital sikkerheit
Region Nordhordland IKS
Kvassnesvegen 23, 5914 Isdalstø
Om jobben
- Stillingstittel
- Rådgjevar
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hybridkontor
Søk på jobben
Søk senest søndag 16. november
Me søkjer ein erfaren kommunikasjonsrådgjevar som er trygg i faget sitt og har bakgrunn frå arbeid med større organisasjonar.
Stillinga er knytt til fagområdet Digital sikkerheit som er kommunane sin felles organisasjon for å ivareta internkontroll innan informasjonssikkerheit og personvern. Organiseringa består i dag av sikkerheitsansvarleg, personvernombod og sikkerheitskoordinatorar frå kommunane i samarbeidet. Samarbeidet omfattar i dag kommunane, Alver, Austrheim, Fedje, Gulen, Masfjorden, Modalen, Osterøy, Vaksdal, Austevoll, Aurland, Samnanger og Sveio.
Som kommunikasjonsrådgjevar vil du spele ei nøkkelrolle i å gjera digital sikkerheit forståeleg og relevant -- eit arbeid som er avgjerande for tillit og tryggleik i heile regionen.
Arbeidsoppgåver- 
Utforme og følgje opp kommunikasjonsstrategiar 
- 
Planlegge og gjennomføre informasjonskampanjar 
- 
Produsere innhald til ulike interne kanalar 
- 
Bidra til å styrke sikkerheitskulturen i kommunane, mellom anna gjennom utvikling og gjennomføring av kurs og opplæringsaktiviteter 
- 
Delta i prosjekt og tverrfagleg samarbeid 
- 
Strategisk kommunikasjonsrådgiving og støtte i avgjerdsprosessar i samarbeid med sikkerheitsansvarleg 
- 
Andre oppgåver kan bli lagt til stillinga 
- 
Høgare utdanning innan kommunikasjon eller anna relevant fagfelt 
- 
Svært gode evner til å formidle og omsette fagspråk til klarspråk 
- 
Ønskeleg med kunnskap om og interesse for informasjonssikkerheit og personvern 
- 
Ønskeleg med kjennskap til offentleg forvaltning 
Personlege eigenskapar
Me ser etter ein person som:
- 
Har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner 
- 
Er initiativrik, løysingsorientert og pedagogisk anlagt 
- 
Tør å stille kritiske spørsmål 
- 
Har god teknisk kompetanse 
- 
Har sterk skriftleg og munnleg framstillingsevne 
- 
Evnar å bygge tillit og skape engasjement 
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Me tilbyr- 
100 % fast stilling 
- 
Du vil vera med på nyskapande arbeid innan fagfeltet Digital sikkerheit og kommunesamarbeid 
- 
Spennande og varierte arbeidsoppgåver med gode moglegheiter til fagleg og personleg utvikling 
- 
Eit inkluderande arbeidsmiljø med kompetente kollegar 
- 
Fleksibel arbeidstid og gode pensjons-, forsikrings- og låneordningar i KLP 
- 
Løn etter avtale 
Arbeidsgjevar er Region Nordhordland IKS, med kontorstad i Knarvik. Noko reiseverksemd må påreknast. Kandidatar må ha sertifikat og disponera bil.
Om bedriften
Region Nordhordland IKS er eit interkommunalt selskap, eigd av kommunane Alver, Austrheim, Fedje, Gulen, Masfjorden, Modalen, Osterøy og Vaksdal, og er kommunane sitt samarbeidsorgan og verktøy for felles innsats på viktige fagområde i regionen. Arbeidsoppgåvene i selskapet omfattar samhandling og utviklingsarbeid på fleire fagområde, som helse, oppvekst, nærings- og samfunnsutvikling og digitalisering/innovasjon og digital sikkerheit. I tillegg har selskapet sekretariatfunksjon for ulike fora innan politikk og sektorkoordinering. Innanfor fagområdet digitalisering/innovasjon og digital sikkerheit jobbar selskapet også for andre kommunar som er med på IKT-samarbeidet som regionen leverer.
- Sektor 
- Offentlig 
- Nettsted 
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
- cd1e2c0f-64df-40b2-a7b5-2ac2d1da2ce1 
- Sist endret
- 29. oktober 2025 
- Hentet fra
- FINN 
- Referanse
- 434306017 
Lignende annonser
Rådgivar kommunikasjon
Arbeidsgiver
Tolletaten
Sted
Bergen
IKT-sikkerhet
Arbeidsgiver
Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse
Sted
Bergen
Kommunikasjonsrådgjevar
Arbeidsgiver
Nasjonalt klageorgan for helsetjenesten
Sted
Bergen