Sommarjobb på Reitan
Forsvarsbygg
8050 Tverlandet, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Sommarjobb på Reitan
Type ansettelse
Feriejobb, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
4
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 8. april
Forsvarsbygg søker 4 sommarvikarar til Reitan frå skuleslutt i juni til skulestart i august.
Vi ønsker at du oppgir i søknaden kva periode du kan jobbe. Tida delast på dei 4 sommarvikarane.
Sommarvikarane våre vil få ein avtale som blir kalla rammeavtale for tilkalling for perioden 01.06.2025 – 31.08.2025. Denne avtalen vil seie noko om kva vilkår som gjeld, og kva lønn du får når du er på jobb. Når du skal jobbe innanfor denne perioden, blir avtalt med den som blir leiaren din. Arbeid ut over oppgitte kan også avtalast alt etter kva som er arbeidsgivars behov, og kva som passar for deg.
Les meir om Forsvarsbygg på www.forsvarsbygg.no og på karrieresida vår: www.forsvarsbygg.no/jobb.
Arbeidsoppgåver
- Sommervedlikehald på grøntanlegg og vegetasjonsrydding
- Målerarbeid
- Diverse driftsarbeid
Kven ser vi etter?
Vi ser etter deg som er:
- God til å samarbeide
- Sjølvstendig
- Fleksibel
- Påliteleg
- Ansvarleg
Kvalifikasjonar
- Du må vere fylt 16 år. Ønskeleg at 2 av 4 er fylt 18 år
- God orden og oppførsel
- Du må kunne autoriserast før oppstart.
Vi tilbyr
Kontaktinformasjon
Kato Haugen, Områdeleiar, 480 13 125Arbeidssted
8050 Tverlandet
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: ForsvarsbyggReferansenr.: 4931193360
Stillingsprosent: 100%
Sommarjobb
Søknadsfrist: 08.04.2025
Kontaktperson for stillingen
Kato Haugen
Områdeleiar
480 13 125
Om bedriften
Sidan festningane si tid har operative og funksjonsdyktige bygningar og anlegg vore avgjerande for Noreg si forsvarsevne. Det er Forsvarsbygg sitt ansvar å bygge denne forsvarsevna. Vi utviklar, bygger, driv og avhendar bygningar, anlegg og eigedom for forsvarssektoren. Vi er Noreg si største offentlege eigedomsaktør, ein attraktiv arbeidsgjevar med leiande fagkompetanse innan bygg og eigedom, og ei rekkje tilknytte fagområde.
Forsvarsbygg har ansvaret for over 12 000 bygningar og anlegg over heile landet, og har til ei kvar tid ansvaret for om lag 300 aktive investeringsprosjekt. Eigedomsparteføljen vi forvaltar inneheld mange av dei mest særegne og krevjande bygningane i landet, frå dei 15 festningane som er tilgjengelege for allmennheten, til militærleirar, skyte- og øvingsfelt og flystasjonar for Forsvaret. Forsvarsbygg har hovudkontor i Oslo med lokalitetar over heile landet.
Forsvarsbygg er ein etat i forsvarssektoren og underlagt Forsvarsdepartementet. Vi meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til endå betre oppgåveløysing. Vi vil tilretteleggje for medarbeidarar som har behov for det. Aktuell tilrettelegging kan til dømes vere tekniske hjelpemiddel, tilpassing av møblar eller endring av rutinar og arbeidsoppgåver.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2890798
- Hentet fra
talentech
- Referanse
097b06e620e34801ab74554028e5d9aa