Helsefagarbeidar
Haram omsorgssenter
Storgata 20, 6270 Brattvåg, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Helsefagarbeidar fast stilling
Type ansettelse
Fast, deltid 75.%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Haram kommune søkjer etter helsefagarbeidarar til følgjande stillingar:
- 75% fast stilling, for tida i turnus med ordinære vakter på dag/kveld og langvakter på 12,5 t kvar 4. helg
- 67,78% vikariat, for tida i turnus med arbeid kvar 3. helg. Stillinga har ein kombinasjon mellom ordinære vakter og langvakter på dag/kveld
Stillingane er for tida ved Haram omsorgssenter.
Haram omsorgssenter har base i eit fint og moderne lokale på Haramssenteret i Brattvåg. Haram omsorgssenter er ein institusjon som driftar langtids-, korttids-, rehabiliterings- og demensplassar. Haram omsorgssenter er organisert under Haram omsorgstenester, som består av Eidet- og Haram omsorgssenter, Ytre-, Indre- og Nordøyane heimetenestedistrikt og tre dagsenter for eldre. Vi er opptekne av å skape eit godt arbeidsmiljø, der vi legg til rette for at dei tilsette har gode arbeidsvilkår og at brukarane mottek gode tenester. I 2021 vann Haram omsorgssenter arbeidsmiljøprisen i Ålesund kommune i lag med Ytre Haram heimeteneste.
Kommunalområde helse og omsorg består av Haram omsorgstenester og Haram butenester. Vi har ansvar for brukarar i alle aldrar, med mange ulike behov. For oss er det viktig å gi gode, målretta tenester, slik at den einskilde mottek den hjelpa ein treng til rett tid og på rett nivå i tenestetilbodet vårt. Den viktigaste ressursen vår er dei tilsette og vi ynskjer å vere ein arbeidsplass der ein opplever trivsel, utvikling og meistrar oppgåvene ein er sett til å gjere. Vi veit at framtida vil krevje nye arbeidsformer i kommunalområdet, noko vi arbeider aktivt med å sette oss i stand til å møte på ein god måte.
I Haram kommune er vi opptekne av gode, heilskaplege tenester, og har fokus på arbeid på tvers av tenesteområda for å skape gode tenester for innbyggjarane våre. I Haram jobbar vi for å spele kvarandre gode.
Arbeidsoppgåver
- Helsefaglege oppgåver.
- Omsorg og oppfølging av pasientar.
- Tverrfagleg samarbeid med andre yrkesgrupper.
- Ivareta dokumentasjonsplikta og ha fokus på fagutvikling.
- Rettleiing og opplæring av medarbeidarar og studentar/elevar.
- Bidra til godt samarbeid mellom brukarar og pårørande.
Kvalifikasjonar
- Fagbrev som helsefagarbeidar.
- Kunnskap, erfaring og interesse for demensomsorg.
- Høg fagleg interesse og interesse for fagutvikling.
- Tilstrekkeleg IT-kompetanse til å kunne arbeide i journalsystem med pasientoppfølging.
- Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
- Gode norskferdigheiter, munnleg og skriftleg.
- Krav om politiattest som ikkje er eldre enn 3 mnd.
Personlege eigenskapar
- I Haram kommune ynskjer vi tilsette som er samfunnsengasjerte og innovative, og som bidreg til eit godt arbeidsmiljø både fagleg og kollegialt.
- Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
- Du har gode evner til å arbeide sjølvstendig i pasientoppfølging og i dialog med pasient/pårørande
- Du har gode evner til å følgje opp gitte mål for kvar enkelt pasient, og er oppteken av å gjere pasienten mest mogleg sjølvstendig.
- Du har gode evner til å ta ansvar i arbeidsoppgåver og i oppfølging av pasientar.
- Du har godt humør og ei positiv framtoning.
- Du er lojal mot arbeidsplass og kollegaer, og har eigenskapar til å bidra til eit godt omdømme.
- Du ønskjer å arbeide etter omsorgstrappa og er oppteken av at pasientar får rett tilbod på rett plass.
Vi tilbyr
- Tverrfagleg samarbeid.
- Spanande fagmiljø med mange varierte arbeidsoppgåver.
- Fokus på velferdsteknologi og alternative måtar å jobbe på.
- Løn etter tariff.
- Gode turnusordningar med fokus på heiltidskultur.
- Gode pensjons- og forsikringsordningar.
Kontaktinformasjon
Beate Jeanett Austnes Nogva, Avdelingsleiar, 46865766, Beate.Jeanett.Austnes.Nogva@haram.kommune.noIngrid Beate Mathisen, Tenesteleiar, 90751954, ingrid.beate.mathisen@haram.kommune.no
Arbeidsstad
Storgata 206270 Brattvåg
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Haram kommuneReferansenr.: 4976515046
Stillingsprosent: 75, 80%
Fast, Vikar
Søknadsfrist: 15.06.2025
Om bedriften
Haram kommune har om lag 9400 innbyggarar. Haram er ein av fylket sine fremste industrikommunar, og med stolte skipsbyggartradisjonar er Haram ein viktig del av den maritime klynga på Sunnmøre. Heile 47 prosent av arbeidsplassane i kommunen er i industrien. I tillegg har Haram viktige framtidsretta arbeidsplassar i den marine næringsmiddelindustrien. Fiskeri er også ei viktig næring i kommunen.
Haram har eit rikt idretts- og kulturliv, med stor aktivitet innan kor, korps, teater og ungdomsarbeid. Fjord, fjell og nydeleg natur rett utanfor stovedøra gir også svært mange moglegheiter for ulike typar friluftsliv overalt i kommunen.
Haram kommune ligg lett tilgjengeleg på Sunnmøre, 40 minutts køyretur frå Ålesund sentrum, 35 minutt frå Moa-området og 45 minutt frå Ålesund Lufthavn, Vigra. Kommunesenteret finn du i Brattvåg, men kommunen har og fleire andre tettstadar; Vatne/Tennfjord, Søvik og Austnes.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
cce42950-498d-4b5c-83c6-f4a37209695c
- Hentet fra
talentech
- Referanse
39dfe75fa55c40ab960bd621017bfcda