Har du lærarutdanning eller PPU-Y?
Hå kommune Vigrestad storskule
Langgata 91, 4362 Vigrestad
Om jobben
- Stillingstittel
- Lærar
- Type ansettelse
- Fast, deltid 50%
- Arbeidsspråk
- Skandinavisk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest torsdag 19. mars
Har du fagbrev i mekaniske fag? Er du praktisk anlagt og liker å jobba med ungdom? Då vil me gjerne at du søkjer på ei spanande stilling på skulen vår.
På Vigrestad storskule er det ledig ei fast stilling i 50% i den praktiske avdelinga for ungdomstrinnet i Stokkalandsmarka. Oppstart 01.08.2026.
I avdelinga tilbyr me faga arbeidslivsfag og valfaget praktisk handverksfag. Elevane jobbar med både mekanisk arbeid og trearbeid og elevane kjem frå Varhaug ungdomsskule, Ogna skule og Vigrestad storskule.
Du har det meste av undervisninga i avdelinga i Stokkalandsmarka, men kan ha undervisningstimar på storskulen, der du også deltek i profesjonsfellesskapet vårt. Me jobbar stadig med å skapa eit trygt og inkluderande skulemiljø og med å tilpassa og variera undervisninga. Som tydeleg og omsorgsfull vaksen får du vera med å utvikla storskulen vidare.
Me vil gjerne ha deg med på laget.
Vigrestad storskule er ein 5.- 10. trinn skule, med omlag 270 elevar og 45 tilsette. Det er tre avdelingar ved skulen, ei for mellomtrinn og ei for ungdomstrinn, samt ei praktisk avdeling for arbeidslivsfag og valfag. To avdelingsleiarar og rektor utgjer leiargruppa.
Utdanning:
- Du er kvalifisert til å jobba på ungdomstrinnet og har lærarutdanning eller PPU-Y.
- Du har fagbrev i mekaniske fag som td platearbeid eller sveising.
Personleg eignetheit vil bli vektlagt.
Relevant erfaring kan kompensera for manglande kvalifikasjonar, men du må vera ein trygg og god vaksen overfor ungdommane. .
Attestar og vitnemål
Vi ber om at du lastar opp attestar og vitnemål, i PDF-format, saman med søknaden din. Utenlandske vitnemål må vera godkjende av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (https://hkdir.no) og utenlandske attestar oversatte til eit skandinavisk språk eller engelsk.
Politiattest
Gyldig politiattest nyare enn tre månader må leverast før tiltreding.
Tilsetjingsvilkår
Tilsetjinga skjer på dei vilkår og med dei plikter som framgår av utlysninga, og dei til einkvar tid gjeldande lovar, regler og tariffavtalar. Kommunen har gode pensjons- og forsikringsordningar med ulykkesforsikring i fritida. Kommunen har ei prøvetid på 6 månader og regler for flyttegodtgjersle.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
ccd1dc16-9da1-4d6c-98bb-38ae53c4350b
- Sist endret
5. mars 2026
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3603133_194345_no
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Hå kommune Stokkalandsmarka barnehage
Sted
Vigrestad
Arbeidsgiver
Hå kommune Nærbø ungdomsskule
Sted
Nærbø
Anleggsarbeider
Arbeidsgiver
Hå kommune Teknisk drift
Sted
Nærbø