Rekneskapskonsulent i fjellbygda Vågå!
Vågå Kommune
Vågå, Hybridkontor
Om jobben
Stillingstittel
Regnskapskonsulent
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk eller skandinavisk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 17. juni
Ledig 100% fast stilling som rekneskapskonsulent!
Vi er ein kommune som kontinuerleg ønskjer å utvikle oss og vi ser etter deg som arbeidar ryddig, strukturert og effektivt med administrative oppgåver, og som ønskjer å vere ein pådrivar i utvikling og digitalisering.
Arbeidsoppgåver
-
Rekneskapsføring frå A til Å
-
Føre prosjektrekneskap og bistå prosjekteigar ved rapportering
-
Kontroll og kvalitetssikring av rekneskapstransaksjonar
-
Fagleg rettleiing av leiarar og tilsette
-
Bistå under månadleg lønskøyring og vikariere ved fråvær
-
Andre arbeidsoppgåver kan òg bli lagt til stillinga ut frå behova i organisasjonen
Kvalifikasjonar
-
Bachelorgrad innan fagområdet økonomi.
-
Relevant arbeidserfaring kan kompensere for manglande utdanning
-
God rekneskapsforståing og interesse for rekneskapsfaget
-
Kjennskap til offentleg rekneskap og forvaltning er ein fordel, men ikkje eit krav
-
God og oppdatert IT-forståing
-
God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk
Personlege eigenskapar
-
Fleksibel, løysingsorientert og glad i ei utfordring
-
Positiv og hjelpsam
-
Jobbar målretta og er resultatorientert
-
Lagspelar som er motivert og interessert i fagområdet, og som bidreg til eit godt arbeidsmiljø
-
God arbeidskapasitet
-
Sjølvstendig og strukturert
Personleg eignaheit vil bli vektlagt
Vi tilbyr
-
Fleksitidsordning og moglegheit for heimearbeid
-
Gode pensjons- og forsikringsordningar
-
Faglege utfordringar i eit godt arbeidsmiljø
-
Moglegheit til å vere med og påverke ein organisasjon i utvikling og vekst
-
Generell lønsplassering i samsvar med Hovudtariffavtalen
-
Vågå kommune er ein av kommunane i ny offentleg ordning for sletting av studielån som starta 01.01.2025. Ved å ha adresse og arbeid i Vågå kan du etter eitt år få sletta 25 000 kroner av studielånet ditt.
Klar for å søkje?
Søknad kan sendast på elektronisk søknadsskjema . Vedlegg til søknaden kan sendast som e-post til postmottak@vaga.kommune.no.
Søknadsfrist: 17.06.2025. Aktuelle kandidatar blir kontakta fortløpande for intervju (intervjudato 20. juni).Vågå kommune er opptekne av mangfald og oppmodar kvalifiserte kandidatar å søkje uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, etnisitet eller nasjonal bakgrunn. Vi gjer merksame på at søkjarnamn kan bli offentleggjort sjølv om ein reserverer seg mot det, jf. Off.lova §25. Du vil i tilfelle bli varsla om dette på førehand.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Vi meiner at det er viktig å ha ein god balanse mellom jobb og fritid - med ei passe mengde arbeidsoppgåver. Er du glad i friluftsliv kan du kople av i både skog og fjell: det finst gode fiske- og jaktmoglegheiter. Vågå kommune ligg i Nord-Gudbrandsdalen, midt mellom nasjonalparkane Jotunheimen og Rondane.
Kommunesenteret Vågåmo er ein konsentrert og triveleg handelsstad. Vi har fleire idrettslag med idrettsarenaer, fotballbaner og idrettshall med klatrevegg, skiløypenettverk og alpinsenter, og byr også på meir urbane tilbod som kulturhus, kino og galleri.
Vågå kommune har ca. 3.550 innbyggjarar, eit godt barnehage- og skuletilbod, og eit allsidig og rikt kulturliv.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
ccba7260-5918-45a7-8ccc-6b772810ff16