Vil du skaffe grøn energi til industri?
Havila Biogass
Mjølstadnesvegen 24, 6092 Fosnavåg
Om jobben
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk snarest mulig
Hundre prosent grøn energi -- og null utslepp. Havila Biogass viser handlekraft innan berekraft og vi søker no etter mekanikar til Havila Biogass Nesset og Havila Biogass Hustadvika.
Biogassmarknaden er i medvind. Profesjonaliseringa og industrialiseringa av bransjen skjer no og du får kome tidleg inn og bli med på utviklinga. Anlegget i Eidsvåg i Nesset er i drift og anlegget i Hustadvika er under bygging. Dette er dei første anlegga i rekka og fleire skal det bli. Derfor treng vi no fleire flinke folk og du som mekanikar får bli ein del av driftsavdelinga som er under utvikling.
Hovudoppgava til driftsavdelinga er stabil og forutsigbar produksjon gjennom preventivt og planlagt vedlikehald, høg driftstid og fagleg god biologisk drift. Du blir ein del av eit kompetent team og rapporterer til fabrikksjefen.
Arbeidsoppgaver som
-
Dagleg drift på heile biogassanlegget med ein kvardag i heile produksjonskjeda.
-
Mekanisk vedlikehald av utstyr som pumper, omrørarar, neddelarar, ulike sensorar, kompressorar for luft og metangass både innanfor og utanfor EX-område og utstyr som produserer produkt som selgast til næringsmiddelindustrien.
-
Drift med alt frå opning av tette rør og enkle laboratorieanalysar til drift av avansert teknologi innan biogassoppgradering, komprimering av metan (CBG) og CO2-produksjon (grøn CO2).
-
Opplæring av nytt mekanisk driftspersonell og tilbod om å leie det mekaniske vedlikehaldet for alle framtidige biogassanlegg.
Kvalifikasjonar
-
Utdanning innan mekaniske yrke og med interesse for biologi og teknologi.
-
Om du har lang erfaring eller er nyutdanna, vi tilbyr utvikling innan mange tekniske fagdisiplinar.
-
Relevant erfaring frå biogassanlegg, avløpsreinseanlegg, prosessindustri, eller frå drift i andre relevante tekniske miljø er ein fordel
-
Du får tilbod om relevante tekniske kurs for å gjere mekanisk vedlikehald.
-
God mekanisk forståelse, evne til å finne løysingar og god prosessforståelse.
-
Førarkort klasse B er et krav sidan du må køyre mellom biogassanlegga.
-
Skandinavisk språk er eit krav.
Stillinga er ein del av beredskapsvaktordninga ved anlegga.
Personlege eigenskapar
-
Du blir motivert av kontinuerleg forbetringsarbeid,
-
Du er van med å jobbe sjølvstendig
-
Du er målretta, nøyaktig og effektiv i arbeidet ditt
Vi tilbyr
-
Ein trygg og meningsfylt jobb med spennande og varierte arbeidsoppgaver i ei framtidsretta og miljøfokusert verksemd.
-
Du får jobbe på nye og moderne anlegg.
-
Gode mulegheiter for fagleg og personleg utvikling i eit sterkt fagmiljø med dyktige kollegaer og ei rolle du kan vekse og utvikle deg i. Med langsiktige kontraktar og solide eigarar i ryggen, kjem du til ein svært trygg arbeidsplass samtidig som her er rom for å bidra til å utvikle selskapet vidare.
-
Du får bidra til å kutte utslepp av CO2 i stor skala, utvikle lokale arbeidsplassar, sirkulære løysingar for bio-gjødsel og gode løsninger for jordbruket.
Dersom denne stillinga snakkar til deg, og du ønsker å forme morgendagens berekraft saman med oss i Havila Biogass, håper vi du søker snart. Vi gjennomfører intervju fortløpande og ser fram til å bli betre kjent med deg!
Om bedriften
Havila Biogass utviklar, bygger og driv biogassanlegg som gjer organisk avfall om til fornybar energi. Vi har anlegg i drift og planlegg fleire anlegg over heile Sør-Norge. Biogassen vert selt til industrien - som Hydro Sunndal.
Havila Biogass er ein del av Havilagruppa, eit familieeigd selskap frå Fosnavåg på Sunnmøre. Havilagruppa har erfaring sidan 1950-tallet med å utvikle industri, teknologi og arbeidsplassar langs norskekysten. Havila har i dag aktivitet innan mellom anna offshore, reiseliv, eigedom - og energi, som Havila Biogass.
Havila har sterke røter og store mulegheiter.
Sektor
Privat
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
ccba0269-86a9-486b-a87d-5ead4af3d7e7
- Sist endret
24. februar 2026
- Hentet fra
FINN
- Referanse
450639086
Lignende annonser
Industrimekaniker
Arbeidsgiver
RS-SYSTEMS AS
Sted
Fosnavåg
Montør av mekaniske produkter (produksjon)
Arbeidsgiver
Proas As
Sted
Gurskøy
Elektrikar med Maritim kompetanse
Arbeidsgiver
Ulstein Elektro Installasjon AS
Sted
Ulsteinvik