Hopp til innhold

Pedagogisk leiar

Arbeidsgiver

Trollongane barnehage, Time kommune

Sted

Kjeldevegen 1, 4344 Bryne

Om jobben

Stillingstittel
Pedagogisk leiar
Oppstart
14. mai 2026
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest søndag 8. mars

Trollongane barnehage er ein 5-avdelingsbarnehage med fantastiske lokale og moglegheiter. Me ligg sentrumsnært på Bryne i eit roleg nabolag. Me er ein moderne avdelingsbarnehage med eigne område for liten og stor, vassrom og eiga personalavdeling. Barnehagen er nytenkande og framtidsretta og har satsing på blant anna inspirerande og kreativ bruk av digital teknologi og realfag. Me er ein praksisbarnehage for barnehagelærarutdanninga med UIS, me har lærlingar og i tillegg har me elevar inne i praksis frå både ungdoms- og vidaregåande skule.   

Arbeidsoppgåver

Som pedagogisk leiar har du ansvar for å bidra i planlegging, gjennomføring, dokumentasjon og evaluering av pedagogisk arbeid.      
Samarbeid med føresette og personalleiing er òg ansvarsområde som følgjer stillinga.  
Legge til rette for leik og aktivitet i barnehagen tilpassa enkelt barn og til barnegruppa 
Samarbeide med kollegaer og føresette   
Følgje opp daglege rutinar    

Kvalifikasjonar

Godkjent utdanning som barnehagelærar      
Gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar
For stillingar i barnehage er det språkkrav etter barnehagelova §27 og §28  
Me legg vekt på at du er eigna til stillinga    
Du må levera politiattest og eigenerklæring for tuberkulose før du startar i stillinga  

Du må laste opp relevante vitnemål og attestar. Vitnemål og/eller karakterutskrift kan du henta frå Vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet må du leggja ved generell og/eller yrkesgodkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HKdir).

Personlege eigenskapar

Me ser etter barnehagelærarar som har gode samarbeidsevner, god relasjonskompetanse og er gode på gruppeleiing. 
Me ønsker leiarar som har fokus på å inkludera og autoritativ vaksenrolle. 
Det krevst gode norskkunnskapar, og både skriftleg og munnleg framstillingsevne vil bli vektlagt i tilsetjingsprosessen 

Vi tilbyr

  • Gode pensjonsordningar 
  • Løn etter tariff
  • Ein spennande, variert og fagleg utfordrande arbeidsplass i eit godt arbeidsmiljø
  • Nært samarbeid med eit breitt fagmiljø i ein organisasjon i utvikling

Kontaktinformasjon

Tor Inge Pettersen, Styrar, +47 40078156

Arbeidsstad

Kjeldevegen 1
4344 Bryne

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Time kommune

Referansenr.: 5081826915
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 14.05.2026
Søknadsfrist: 08.03.2026

Kontaktperson for stillingen

Tor Inge Pettersen

Styrar

+47 40078156

Om bedriften

"Me skal gjera kvarandre gode" er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune. Me er opptatt av å utvikla og forbetra tenestene i lag med innbyggarane, besøkande og næringslivet slik at Time skal vera ein trygg og framtidsretta kommune. Kommunen har ca. 20 000 innbyggarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter og kollektivknutepunkt for buss og jernbane. Time er ein stor jordbrukskommune og har i tillegg eit variert næringsliv, med flest sysselsette innan industri, varehandel, hotell og restaurant. Det er 1340 årsverk i Time kommune, fordelt på om lag 1800 personar.

Time kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søka hos oss, uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Me gjer merksam på at opplysningar om søkaren kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

ccb0f142-b764-4e42-a57f-08d15b25e713

Sist endret

17. februar 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

19dc739199034782aa1c2552d254cf33

Lignende annonser

Arbeidsgiver

Orstad naturbarnehage, Klepp kommune

Sted

Klepp Stasjon