ID 2001 Systemkonsulent - IKT eininga
Stord kommune
Stord
Om jobben
Stillingstittel
Systemkonsulent, IT arbeidar, IKT
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Antall stillinger
1
Støtteeining IKT har ansvar for drift- og vedlikehald av Stord kommune sitt datasystem i tillegg til brukarstøtte. I dette inngår drift av server- og programvare, klientarm, skrivarar, telefoni (fast og mobil) og nettverk. IKT-eininga har er ein pådrivar for å ta i bruk ny teknologi som skal hjepe tenesteeiningane å effektivisere og forbetre. Du må trivast i eit hektisk miljø med mange varierte oppgåver. Som systemkonsulent inngår du i eit team med dyktige fagfolk med lang erfaring, og som likar å spele kvarandre gode.
Det er ledig fast 100% stilling som systemkonsulent. Arbeids- og ansvarsområde:Digitalisering i helse sektoren er godt i gang og kommunen er sentral i utviklinga.
Som systemkonsulent har du hovudansvar for fleire system innafor rehabilitering, helse og omsorg. Stillinga har og ansvar for blant anna mobiltelefoni, innkjøp, fakturering og andre merkantile oppgåver Dei neste åra skal me blant anna skifte journalsystem. Det kan gi høve til å arbeide i full stilling som systemkonsulent.
Arbeidsoppgåver vil mellom anna vera:- Systemansvar for RHO sitt elektroniske pasient og journalsystem
- Systemansvar for ressursplanleggingsverktøy
- Pådrivar for effektiv bruk av systema
- Kontaktperson ovanfor leverandør
- Tilgangsstyring
- Bindeledd mellom IKT og superbrukarane i faga
- Bestilling og administrasjon av mobilabonnement
- Rådgjeving i val av- og bestilling av datautstyr, mobiltelefonar og nettbrett med tilbehør
- Oppsett og vedlikehald av mobil bedriftsnett-løysingar som kø, sentralbord, vakttelefon-sløyfer m.m.)
- Administrator for Norsk Helsenett i Stord kommune
- Merkantile oppgåver som tilvising av faktura m.m.
- Brukarstøtte
- Høgskule. Relevant erfaring kan kompensere for dette.
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne
- Må kunna arbeide målretta og sjølvstendig, samt ha gode samarbeidsevner.
- Har god digital kompetanse og ser potensiale i vidare digitalisering
- Varierte arbeidsoppgåver i eit tverrfagleg fagmiljø
- Godt arbeidsmiljø
- Stord ve og vel med moglegheit for leige av leilegheiter i Røldal, Husøy med båt og utleige av tilhengarar mm.
- Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med kommunalt avtaleverk
Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.
Nærare opplysingar hos einingsleiar Gisle Østrem, tlf 97552005
Om bedriften
Stord kommune er ein industrikommune i Hordaland med ca. 19 000 innbyggjarar. Det er stor og variert aktivitet både i arbeidsliv og for fritid. Me har eit rikt kulturliv og det er gode vilkår for idretts- og friluftsliv. Her er flott natur med skog, sjø, vatn og fjell som ligg nær til for trivlege opplevingar og aktivitetar ute. Det er god kommunikasjon til Haugesund, Stavanger og Bergen. Barnehagar og skuleverket har god kvalitet. Me har m.a. vidaregåande skular, allmenn- og førskulelærar-, sjukepleiar- og ingeniørutdanning. Stord sjukehus er lokalsjukehuset for 50000 innbyggjarar i regionen Sunnhordland.
Sektor
Ikke oppgitt
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2284105
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
cca6c676-8392-4ed4-a0e1-f91205750903