Brannkonstabel - deltid
Austevoll kommune
Nordeide 87, 5392 Storebø, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Brannkonstabel - deltid
Type ansettelse
Fast, deltid
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Søk på jobben
Søk senest onsdag 10. september
Om arbeidsstaden
Samfunnsutvikling er ei eining med om lag 35 tilsette og blir leia av kommunalsjef. I eininga inngår næring, folkehelse, plan- og byggesak, drift og vedlikehald, brann og redning, beredskap og utbyggingsprosjekt.
Austevoll brann- og redningsteneste held til i Porsdalen, om lag 3 kilometer frå Storebø sentrum. Brannstasjonen har kontorplassar for brann og redningstenesta og kommunen si drift og vedlikehaldsavdeling. Brann og redning består av eit mannskap på 22 personar. Alle med forskjellig bakgrunn.
Vil du være med på laget?
Austevoll brann og redning har ledige stillingar som brannkonstabel deltid ved brannstasjonen i Austevoll. Stillingane er på 1,71% som dekker faste øvingar. Utrykningar, kurs, opplæring, særskilte tilleggsøvingar med meir kjem i tillegg.
Vi ønsker deg som har eit genuint ønske om å gjere ein forskjell i samfunnet, og som vil være med å bidra til å utvikle Austevoll brann og redning til å bli enda betre. Vi ønsker eit mangfaldig brannvesen.
Brann- og redningstenesta får stadig nye og meir komplekse oppgåver i eit samfunn i endring, noko som krev større kompetansebreidde i våre team. Vi skal betene alle typar menneske som treng hjelp, og då ser vi det som ei styrke å speile det samfunnet vi er ein del av.
Om stillinga
Austevoll kommune har ledig to 1,7 % deltidsstillingar som brannkonstabel.
Før ei eventuell tilsetting må du- ha bestått helseattest
- ha bestått fysisk test
- vise utvida politiattest
Er du ein person som ønsker å hjelpe andre ved uhell og ulykker så oppfordrar vi deg til å søke. Dei som vert tilsett vil gjennomgå ett opplæringsprogram gjennom brann- og redningsskulen, kor det meste av kursinga vil skje lokalt. Opplæringsperioden varar mellom 12-24 månader avhengig av ledige kursplassar.
Ansvar og arbeidsoppgåverSom brannkonstabel inngår du etter kvart i vår beredskapsstyrke som har som hovudarbeidsoppgåve å redde liv og avgrense skade på helse, miljø og verdiar. Dette inneber at du:
- etter opplæring deltar i brannvesenet si vaktordning
- deltar i utrykningsoppdrag i og utanom vaktperiodar
- deltar på øvingar og annan nødvendig opplæring
- har fokus på HMS og bidrar til å etterleve dette
Kvalifikasjonskrav
- Du må kunne legge fram helseattest og gjennomføre fysisk kapasitetstest for røykdykkarar før tilsetting og deretter årleg etter eventuell tiltreding.
- Du må kunne gjennomføre nødvendig opplæring i samsvar med Brann- og redningsvesenforskriften §37.
- Du har bustadsadresse i nærleiken av brannstasjonen.
- Du har førerkort klasse B.
- Du kan vise politiattest.
- Du har normalt gode norskkunnskapar.
- førerkort klasse C, C1 og kompetansebevis for utrykningskjøring kode 160.
- hovudarbeidsplass i nærleiken av brannstasjonen. Det kan avtalast med ein eventuell hovudarbeidsgivar at du kan utføre ovannemnde arbeidsoppgåver.
- handverkserfaring
Personlege eigenskapar vil bli betydeleg vektlagt.
- Du er inkluderande og bidrar til eit godt arbeidsmiljø
- Du er ein lagspelar driven av å meistre og prestere som eit lag
- Du har lojalitet til beslutningar
- Du er omsorgsfull og ser menneska rundt deg
- Du ser etter forbetringar og løysingar
- Du skapar gode mellommenneskelege relasjonar
- Du møter andre på ein respektfull måte og skapar tryggleik og tillit rundt deg
- Du er fysisk og mentalt robust
Vi tilbyr
- ein jobb med meining der du kan utgjere ein forskjell i samfunnet
- utfordrande, spennande og varierte arbeidsoppgåver
- eit godt arbeidsmiljø
- løn etter gjeldande tariff og lokale avtalar
Slik søker du
Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka "Søk stilling" på denne sida.
Det er søkar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som for eksempel attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkar sjølv laste opp attesterte omsettingar.
Ikkje send søknad på e-post til enkeltpersonar i kommunen.
Vi gjer merksam på at i følge offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkaren bli offentleggjort sjølv om søkaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkarliste. Søkaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkarlista blir offentleggjort.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Austevoll er ein øykommune sør-vest i Vestland fylke. Austevoll er den største fiskerikommunen i landet med svært høg næringsaktivitet og byr på eit mangfald av spanande jobbar.
Kommunen sitt administrasjonskontor held til på kommunehuset på Storebø, cirka 5 minuttar med bil frå ferje- og snøggbåtkai.
Ferjesambanda mellom Austevoll og fastlandet er gratis for alle reisande.
Kommunen har eit folketal på om lag 5400 og dagleg pendlar omtrent 700 til Austevoll frå nabokommunar.Vi er rundt 450 fast tilsette som er opptatt av å gi innbyggarane våre gode kommunale tenester.
Vi kan tilby meiningsfylte og utfordrande oppgåver og gode, offentlege pensjons- og forsikringsordningar. Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk.
Vi ønsker deg velkommen som søkar til stilling i Austevoll kommune!
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
cc7df720-dd57-47c0-9a43-527683d2c254
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10260237