20% vikariat som lærar i Årdal kulturskule
Årdal kommune Oppvekst/kultur
Statsråd Evensensveg 4, 6885 Årdalstangen, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Type ansettelse
Vikariat, deltid 20%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest onsdag 25. juni
Me har ledig 20% vikariat som lærar i Årdal kulturskule i perioden frå 01.08.2025 til 25.05.2026.
Kulturskulen har ca. 300 elevplassar i musikk, kunst og dans. Me har eit triveleg og inkluderande kollegium med 6 tilsette, og eit godt samarbeidsklima.
Me samarbeidar med grunnskule/sfo og det lokale kulturlivet.
Me har undervisningslokaler på dei to grunnskulane i kommunen.
Arbeidsoppgåver
- Gjennomføre undervisning i faget KuDaMuDra og Godt og Blandet Storband
- Jobbe tverrfagleg
- Gje metodisk rettleiing
- Gje konstruktive vurderingar
- Følgje opp og vidareutvikle elevane i gruppeprestasjonar
- Utdanning innanfor musikkfag er ikkje eit krav, men ein må kunne spele eit bandinstrument
- Du er eit godt førebilete for elevar
- Du må like å jobbe med barn og unge, kunne skape gode relasjonar, samarbeide godt, vere imøtekommande, fleksibel, positiv, strukturert og engasjert
- Du har evna til å jobbe sjølvstendig, samstundes som du har gode samarbeidsevner
- Kulturskulen er under stadig utvikling, og du må ha evne til fornying og bidra inn i eit lærande arbeidsfellesskap
Me ser fram til å høyra ifrå deg!
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Når du kjem innover langs Sognefjorden og trur du snart ikkje kan koma lengre, der finn du tekonologibygdi Årdal som òg er nasjonalparkkommune.
Årdal er vertskap for fleire populære festivalar med besøk av folk frå fjern og nært. Kommunen har aktive grupper innan alt ein kan driva med på fjord og i fjell og er ein kulturell- og idrettsaktiv kommune.
I kommunen er det har seks barnehagar, to skular, ein vidaregåande skule.
På Skeikampen har me ei koseleg bedriftshytte for tilsette.
Me har gode stipendordningar til etter og vidareutdanning. Meir informasjon om kommunen finn du på heimesida vår www.ardal.kommune.no, www.dittardal.no og www.visitardal.no. Sjekk oss gjerne på Facebook og Instagram.
Velkomen til oss i Årdal !
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
cc6d1d5c-b655-4c1b-871c-c134d6f2ee5a
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3513595_226805_nn